Månadens rettleiar: Janne Skuland

Article tema
Månadens rettleiar: Janne Skuland

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Janne Skuland frå Nav Kristiansand.

Bilde
Navn
Janne Skuland
Tittel
Rådgivar
Del av stilling brukt til karriereveiledning
100 prosent
Sted
Kristiansand

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

– Eg har jobba med rettleiing i Nav sidan 2009. Eg har heile tida arbeidd med oppfølging av grupper som er definert med omfattande bistandsbehov som følgje av nedsatt arbeidsevne på grunn av enten sosiale tilhøve, sjukdom, skade eller lyte. I arbeidsretta rettleiing og oppfølging kan ein som rettleiar i Nav etter mi meining ikkje unngå å gje ein form for karriererettleiing, eller karriereorientert rettleiing.

2. Kva slags utdanning har du?

– Eg har fagbrev i butikkfaget (2006), bachelor i arbeids- og velferdsforvalting frå Universitetet i Agder (2009) og påbegynt master i karriererettleiing ved Universitetet i Sørøst-Norge (planlagt ferdig våren 2020).

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

– Gjennom studier i karriererettleiing har eg fått kjennskap til ulike teoriar om fagfeltet som har gitt meg ei større forståing for korleis dette på ulike måtar og med fleire typar verktøy kan nyttast i møte med brukarar av Nav. I møte med ulike menneske, i vanskelege situasjonar, i alle faser av livet til eit vaksent menneske kan karriereutviklingssamtaler vere viktig for å få fram meistring og mot til å gjere val ved å hjelpe vegsøkjarar til å avklare, sette ord på det de søkjer etter og til sjølv å sjå løysinga på problemet. Målet med rettleiing er å få den enkelte til å stole på seg sjølv og bli anerkjent for den han/ho er og våge å gjere val.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

– No jobbar eg i 80 prosent stilling med sjukefråværsoppfølging. Ei marknadsorientert tenest der eg følger opp sjukemeldte arbeidstakarar som har eit tilsettingsforhold. Dette inneber saksbehandling knytta til folketrygdlovens kapittel 8, planlegging og gjennomføring av dialogmøte 2 og/eller dialogmøte 3 med arbeidsgivar, arbeidstakar og sjukemeldar. Oppgåvene mine inneber og saksbehandling og oppfølging i høve til folketrygdlovens kapittel 11 dersom sjukefråveret blir langvarig og brukaren framleis er i arbeidsforholdet. I 20 prosent av stillinga er eg den som tek avgjerder for heile Vest-Agder fylke når det gjeld vedtak etter folketrygdlova sin paragraf 11-5, som inneber kvalitetssikring av dokumentasjon og Nav sine vurderingar av vilkåra i loven.

5. Kva er dei største utfordringane med omsyn til å hjelpe vegsøkjarane dine med å komme i jobb?

– Ei utfordring både eg og fleire av kollegene mine i Nav opplever er korleis vi skal kunne gje god karriererettleiing når den enkelte vegsøkjaren «vel» kva dei skal fortelje og leggje vekt på i samtalar om moglegheiter vidare til å få arbeid. Mange er opptatte av å få fram «sanningar» knytta til problem og avgrensingar for å få innvilga og/eller halde ved lag ytelser etter lovverket framfor å sjå ressursar og moglegheiter når det gjeld å kome seg ut i eller tilbake i jobb eller utdanning. Det viktigaste i samhandlinga med så mange ulike menneske med så forskjellige behov, ressursar og avgrensingar er å i utgangspunktet stole på at informasjonen som kjem fram er rett.

6. Kva slag andre faglege utfordringar opplever du i arbeidskvardagen din?

– Det er forskjell på om rettleiinga er noko den enkelte sjølv søkjer frivillig eller om det er noko ein er «tvinga på» som eit resultat av ytre påverknader. For eksempel om ein må ha karriererettleiing som følgje av at ein har blitt ufør i det yrket ein har og er utdanna til og må gjere endringar for å bli verande i lønna arbeid. Eller om ein er lei av det ein jobbar med og sjølv undersøker moglegheitane for å finne alternativer.

7. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

– Det er utarbeidd ein felles standard for arbeidsretta brukaroppfølging for alle tilsette i Nav. Den er tilgjengeleg for alle tilsette på intranett. Den består av ein hovudprosess for arbeidsretta brukaroppfølging med tilhøyrande delprosessar. Dei rommar sjekklister, malar, retningsliner og tilvisingar til aktuelt lovverk. Ein av modulane omhandlar arbeidsretta rettleiing i Nav. Standarden syner der til Rettleiingsplattforma, eit felles opplæringsmateriell og oppslagsverk for alle tilsette i Nav. Denne modulen omtalar den karriereorienterte samtalen i Nav som eit viktig verktøy for å få fokus på arbeid i samtalar med den enkelte brukar.

8. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

– Gjennom studiet har eg fått forståing av korleis eg i eigen praksis, utvikla gjennom fleire år, utfører rettleiingssamtaler med ulike teoretiske metodar. Rettleiing ved hjelp av «Samtalestjernen» synleggjer kompleksiteten ein som Nav-rettleiar opplever i krysspresset som hjelpar og forvaltar av eit regelverk. Modellen peikar på fire roller eller funksjonar ein rettleiar skal bevege seg mellom. Der ein ved å gå inn i dei ulike rollene rettleiar, ekspert, forvaltar og informant og bevege seg ut og inn av dei ulike rollene i ein form for systematisk øving får varetatt den enkeltes behov for å få informasjon samstundes som ein varetar informasjonsplikta som eg som forvaltar er forplikta til å gje etter lov.

9. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

– Eg er opptatt av å ha ein god dialog med arbeidsgivarar, brukarar og sjukmeldarar/leger. Eg kan ikke gjere alle til lags når det gjeld forhåpningar og ynske for rettar og verkemiddel. Eg kan likevel vere eit godt menneske i møte med systemet og regelverket eg forvaltar. Mottoet mitt er: «Gjer mot andre det du vil at andre skal gjere mot deg.» Med kjennskap til ulike metodar ein kan bruke i samtalar håpar eg at eg kan identifisere når og kor den eine eller andre metoden passar best for å gje god rettleiing og gode tenester til brukarar som henvender seg til Nav.

Bilde
Månedens veileder mars