Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Månadens rettleiar: Evelyn Jordahl

Bli kjend med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Evelyn Jordahl frå Karriere Hordaland.
Opprettet 27. juni 2019, oppdatert 30. juli 2019
Evelyn Jordahl
Navn:
Evelyn Jordahl
Tittel:
Karriererettleiar
Del av stilling brukt til karriereveiledning:
100 prosent
Arbeidssted:
Karriere Hordaland
Sted:
Bergen

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

–  Eg har jobba med karriererettleiing sidan 2008. Eg byrja på Karrieresenteret til Studentsamskipnaden i Bergen og jobba i over 10 år med studentar i høgare utdanning. For vel eit år sidan byrja eg i Karriere Hordaland. Det er eit offentleg og gratis tilbod om karriererettleiing for alle vaksne over 19 år i Hordaland, i regi av fylkeskommunen.

2. Kva slags utdanning har du?

–  Eg har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen. I tillegg har eg ein tverrfagleg vidareutdanning i gestaltrettleiing ved Haraldsplass Diakonale Høgskole (no VID vitenskapelige høgskole).

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

–  Her er det mykje eg kunne trekt fram, men om eg skal nemne éin ting, så må det vere dei daglege møta med menneske. Det å få lov til å møte så mange forskjellige menneske i så mange livssituasjonar, og for ei lita stund få ta del i livet deira, få lov til å vere med å bidra til ei rørsle, ei endring mot noko som kan bety noko positivt, er kanskje det eg set aller mest pris på i jobben min.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

–  Vi er ei nokså ny eining som framleis er i støypeskeia og ikkje ferdig forma. Mykje av tida går med til individuelle rettleiingssamtalar, då vi opplever stor pågang frå folk i alle aldrar som ynskjer nokon å diskutere karriere- og vegval med. Vi arrangerer kurs, bidrar med foredrag i ulike setjingar, og orienterer oss mot gode samarbeidspartnarar i regionen vår. Vi har òg som mål at vi skal vere eit ressurssenter for andre instansar som jobbar med rettleiing i fylket vårt, så som skulerådgjevarar og rådgjevarar i NAV.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

–  Karriere Hordaland har ei stor målgruppe – alle over 19 år i Hordaland fylke (som frå 2020 blir Vestland fylke). Eit så breitt nedslagsfelt gir mange faglege utfordringar, og det er krevjande å halde seg oppdatert i mange retningar på same tid. Vi skal sørve menneske med og utan utdanning, drop outs, flyktningar, seniorar, arbeidsledige og dei som ynskjer å flytta seg karrieremessig frå eit felt til eit anna, bara for å nemne nokon av segmenta. Det er dermed mange instansar, ordningar og reglar vi må kjenne til, for å kunne yte god service til vegsøkjarane våre. Det er også ei kontinuerleg utfordring å ha god nok innsikt i arbeidsmarknaden og kva som til ein kvar tid rører seg der.

6. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

–  Karriere Hordaland har tre lokasjonar: Stord, Knarvik og Bergen sentrum. Vi har to dagars fagsamling kvar månad, der vi kjem saman og utvekslar erfaringar og diskuterer faget vårt. Vi har nyleg byrja med kollegabasert rettleiing som eit fast element på desse fagsamlingane, som gir eit fint høve til mellom anna å diskutere og belyse case frå rettleiingskvardagen vår. I tillegg deltar vi på relevante konferansar, og fleire av kollegaene mine er i gang med vidareutdanning innan gestaltrettleiing og coaching. Frå hausten etablerer vi òg eit fast vekentleg møtepunkt der rettleiarane i Bergen kjem saman for å diskutere fag og ulike case.

7. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

–  Det er freistande å svara øyra. Eg ser det som heilt sentralt å vere ein god lyttar og å vere bevisst til stades i samtalen, for å kunne fange opp kva vegsøkjaren formidlar og for å kunne forstå kor ho «er» når ho kjem. Det fremste målet mitt er å møte ho der ho er, først da kan vi ha ein relevant og meiningsfylt samtale rundt vegen vidare. Og så er det fint å ha ei verktøykasse på lur, der eg alt etter kva situasjonen tilseier, kan dra veksel på erfaringa mi og ulike karriereverktøy eg har trening i å bruke. Det er til dømes kompetansekartleggingsverktøy, valskjema, CIP-modellen, livsline. Driftige kollegaer her i Karriere Hordaland har òg utvikla ein samtalestruktur der vi prosessrettleier vegsøkjarane over fleire møte (1,2,3-samtalen), og mellom anna tilbyr VIP24 som ein mogleg del av rettleiingsforløpet.

8. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

–  Det er som nemnt mykje å sette fokus på her i Karriere Hordaland, og innsatsen skal fordelast til gode for mange ulike grupper. Eg er for tida mellom anna oppteken av den gruppa som står mellom vidaregåande skule og høgare utdanning. Eg ynskjer å utvikle eit gruppetiltak for denne gruppa som, kanskje for første gong i livet sitt, står overfor eit viktig og sjølvstendig val av utdanningsretning. Eg skal òg tilby videosamtalar frå hausten av, som eit ledd i å auka tilgjengelegheita vår i heile fylket, så det står òg høgt på agendaen no.

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • Logo Månadens rettleiar Juli