Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Månadens rettleiar: Erna Holvik

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Erna Viken Holvik frå Geilo barne- og ungdomsskule.
Opprettet 14. april 2019, oppdatert 15. april 2019
Erna Viken Holvik
Navn:
Erna Viken Holvik
Tittel:
Rådgjevar
Del av stilling brukt til karriereveiledning:
Om lag 25 prosent
Arbeidssted:
Geilo barne- og ungdomsskule, avd. ungdomstrinn
Sted:
Geilo

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

Eg har jobba med karriererettleiing sidan 1999.

2. Kva slags utdanning har du?

Eg har 3-årig lærarutdanning frå Hamar pedagogiske høgskule, med grunnfag matematikk. Eg har og grunnfag idrett frå Noregs idrettshøgskole, grunnfag heimkunnskap frå Høgskolen i Akershus og yrkes og utdanningsrettleiing frå Høgskolen i Ålesund.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

Eg likar best samtalar med elevane. I samtalene har vi ein gjennomgang av eigenskapar, interesser, sterke sider og røynsler dei har gjort seg gjennom bedriftsbesøk. Vi snakkar også om jobbskygging, Innovation Camp, praksisdagar i vidaregåande skule og jobbpraksis. Gjennom denne oppsummeringa prøver vi å komme fram til «kven er du og kva skal du bli?» og kva tankar dei har gjort seg om det vidare valet.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

På vår skule har vi sosiallærar og rådgjevar. Sosiallærar er ansvarlig for det sosialpedagogiske arbeidet, innmelding i oktober, 1. februar-søkjarar og all dokumentasjon om eventuell tilrettelegging. Mitt ansvar er samtalar med elevane som søkjer 1. mars. Elles arbeider eg med tilrettelegging av Jobbskygging og «Bli kjent med kommunen» vår (bedriftsbesøk), Økonomi og karriereval i 8. klasse, utarbeiding av «Jobbavis» i samband med PRYO-veka i 9. klasse, koordinering av Innovation Camp og organisering av besøk i vidaregåande skule (praksisdagar, open dag, hospitering, yrkesmesse). Foreldremøte og temaveke i 10. klasse med besøk av ulike aktørar er også ein del av jobben. Eg har også ansvar for samarbeid med lokalt næringsliv og skulen sine partnarskapsavtalar. I tillegg samarbeider eg med inspektør når det gjeld val av valfag og tilvalsfag og eventuelt skifte av desse.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

Elevane har mange mogelege val. Det kan vere utfordrande for elevar med mange interesser eller få interesser å finne ut kva dei skal velje. Når det i tillegg manglar tilbod om tre av utdanningsprogramma i Hallingdal, så avgrensar dette valet og då må ein gjerne kompromisse. Samstundes skal ein relatere val av utdanning opp mot kva lokalt arbeidsliv treng framover. Dette krev at rådgjevar har tett samarbeid med arbeidslivet, men det er ikkje alltid nok tid til det. Vi vil jo gjerne at ungdommen etablerer seg i dalen etter enda utdanning.

6. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

Vi har jamlege møter i rådgjevarforumet i Hallingdal. Der deltek rådgjevarar frå grunnskule, vidaregåande skule, Nav, oppfølgingstenesta og Hallingdal karrieresenter. Buskerud fylkeskommune arrangerer årleg inntakssamling i desember, og i tillegg arrangerer rådgjevarforumet i Buskerud vårkonferanse med fokus på ulike tema. 
I Hallingdal arrangerer vi også yrkesmesse anna kvart år for elevar i 9. og 10.klasse og elevar i vidaregåande skule.

7. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

Eg brukar vilbli.no, utdanning.no, Buskerud fylkeskommune og dei vidaregåande skulane sine sider, Nav, «Mi framtid» og YOU-portalen sin skuletest.

8. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

Den siste tida har det vore fokus på innsøking til vidaregåande skule. Vi manglar tilbod om nokre utdanningsprogram i nærområdet (blant anna naturbruk), og elevar må søkje seg bort. Buskerud har begynt å få nokre tilbod om dobbelkompetanse, men andre fylke er komne lenger her. Eg er oppgitt over kor vanskeleg det er for våre elevar å få plass i nabofylke som har slike tilbod (til dømes Hordaland eller Akershus). Fylket sine eigne elevar får plass først, sjølv om Buskerud betalar for skuleplassen. Det hjelp lite at våre elevar jobbar godt og får snittkarakter godt over 5, når dei likevel kjem bakarst i køen.

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • Månadens rettleiar: april