Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Månadens rettleiar: Anita Krüger Leifson

Bli kjend med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Anita Krüger Leifson frå Ressurs Tromsø.
Opprettet 29. august 2019, oppdatert 29. august 2019
Anita Krüger Leifson
Navn:
Anita Krüger Leifson
Tittel:
Jobbrettleiar
Del av stilling brukt til karriereveiledning:
100 prosent
Arbeidssted:
Ressurs Tromsø AS
Sted:
Tromsø

1: Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

Sidan 2015, då eg tok til å jobbe hos Ressurs Tromsø AS (tidlegare Tromsprodukt).

2: Kva slags utdanning har du?

Eg har ein mastergrad i psykologi frå UiT, ein bachelorgrad i arbeidslivsstudiar frå UiB, einskildemne (kulturpsykologi og fleirkulturell forståing) frå Høgskolen i Telemark, sertifisering i Motiverande intervju og VIP 24, som er eit karriererettleiingsverktøy.

3: Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

At det er svært varierande arbeidskvardagar og at det er meiningsfullt. Eg trivst med å hjelpe menneske til å finne ut kva dei er sterke i, og å finne den arbeidsplassen der personen sine ressursar kan brukast på best mogeleg måte. Samstundes synest eg det er veldig spennande å gi råd til arbeidsgjevarar i utfordrande arbeidssituasjonar, og finne gode jobbløysningar for både arbeidstakar og arbeidsgjevar.

4: Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

Ressurs Tromsø AS arrangerer fleire forskjellige tiltakstenestar for NAV og Tromsø kommune. Eg har jobba med tiltaka oppfølging, jobbmeistring, arbeidsforberedande praksis (AFP) og AFP + norskopplæring og avklaring. Mine hovudoppgåver er karriererettleiing, rettleiingssamtalar og oppfølging på arbeidsplass. Jobbsøkjarane får rettleiing på jobbsøkingsprosessen, og vi samarbeid med oppdragsgjevarar og arbeidsgjevarar. Fordelinga mellom arbeidsoppgåvene er omtrent 60% oppfølging ute på arbeidsplassar, og 40% i karriererettleiing og samtalar med arbeidstakarane.

5: Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

Som rettleiar er svingingar i arbeidsmarknaden og endringar i kompetansekrav noko av det som er fagleg utfordrande. Samstundes er denne variasjonen også noko av det som gjer arbeidet spennande, fordi det krev at vi må halde oss oppdaterte på behov i marknaden og kompetansekrava i dei ulike yrka til ein kvar tid.

6: Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

Rettleiarane skal vera sertifiserte innan VIP24-verktøyet slik at alle tilsette tar i bruk eit felles språk i både faglege drøftingar og i møte med jobbsøkjarar. Rettleiarane deltar på minst to fagsamlingar per år for drøfting av metodebruk og for å skape ein kritisk refleksjon av eigen praksis. Verksemda utviklar stadig nye måtar å levere rettleiingstenester på, medrekna digital rettleiing. Vi utviklar også verktøyet til bruk for andre målgrupper, mellom anna ungdommar, sjukmelde, team- og leiarutvikling, samt HR-arbeid.

7: Kva slags «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

VIP 24 er verktøyet som oftast brukast. Verktøyet legg til rette for ein heilskapleg tilnærming til 24-timers mennesket. Eg brukar også rettleiingspedagogikk som motiverande intervju, progressiv pedagogikk som opne spørsmål, respektfull tilnærming og fokus på å skape ein trygg og god relasjon i samarbeidsforholdet.

8: Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

Eg er no i fødselspermisjon, men blir engasjert av den nye profilen til Ressurs Tromsø AS og endringane som blir gjennomført i verksemda. Elles er det alltid viktig for meg å bidra til at jobbsøkjarane avsluttast til noko dei sjølve er nøgde med for å sikre ei varig løysing.

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • Logo Månadens rettleiar August