Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Lovfesta karriererettleiing

19. juni blei endringane i opplæringslova vedteken av Kongen i statsråd, og fylkeskommunane har nå plikt til å tilby karriererettleiing for innbyggarane.
Opprettet 25. juni 2020, oppdatert 25. juni 2020

–  Det er nå karrieresenter i alle fylke i Noreg, og med den nye lova vil karriererettleiing vere noko fylkeskommunen er forplikta til å tilby befolkninga. Karriererettleiing skal bidra til at menneske tar gode og velinformerte val om utdanning, opplæring og arbeid. Vi i Kompetanse Noreg synes det er veldig gledeleg at lovendringa blei vedteken, seier Sveinung Skule, direktør i Kompetanse Noreg. 

Ny lov skal gi fleire karriererettleiing 

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby har tidlegare peika på at lovfesta karriererettleiing blant anna skal bidra til at fleire held seg i arbeid og at næringslivet får den kompetansen som trengst. Regjeringa ønsker at karriererettleiingstenestene skal samarbeide tett med Nav. 

– Ein lovfesting kan vi sjå på som ei anerkjenning av karriererettleiingsarbeidet som fylkeskommunane har gjort dei siste åra, sa avdelingsleiar i Kompetanse Noreg, Ingjerd Espolin Gaarder, da forslaget frå regjeringa kom i august i fjor.

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • Sveinung Skule
    Vi i Kompetanse Noreg synes det er veldig gledeleg at lovendringa ble vedteken, seier Sveinung Skule, direktør i Kompetanse Noreg.
    Foto: Per Kristian Lie Løwe All rights reserved.