Mi karrierereise: Skodespelaren vart leiar for karriereteneste

Article tema
Mi karrierereise: Skodespelaren vart leiar for karriereteneste

Ingvill Skjold Thorkildsen er avdelingsleiar og karriererettleiar ved Sammen, Studentskipnaden på Vestlandet. Før det var ho skodespelar, og dette karriereskiftet har lært ho mykje om valsituasjonane mange vegsøkjarar kan stå i. 

På rulleteksten til fleire episodar av NRK-serien Vestavind finn du namnet til Ingvill Skjold Thorkildsen. Då var ho ni år gammal, men hadde drive med teater sidan ho var seks, og gjekk på ein teaterskule for barn i Bergen.  

- Det var liksom det viktigaste i heile livet mitt, seier ho i dag. 

- Eg berre koste meg så enormt med det. Eg gjekk og dikta små forteljingar for meg sjølv, og levde halvvegs inne i ei fantasiverd heile oppveksten min. Så då eg skulle velje utdanning, var eg ikkje i tvil om at eg skulle gå i ei kunstnarleg retning.  

Skodespelarutdanning i Skottland

Ho kunne tenke seg både forfattar- og skodespelaryrket etter vidaregåande. Men etter som ho treivst med å arbeide saman med andre, valde ho å ta bachelor i skodespel ved Queen Margaret University i Edinburgh. Attende i Noreg spela ho i oppsettingar på mellom anna Den Nationale Scene, Hordaland teater, Sogn og Fjordane teater og Radioteatret i NRK. Ho medverka òg i fleire filmar, slik som Nasjonaldag i regi av Hallvar Witzø. 

Med tida fekk ho lyst til å jobbe med regi sjølv, og hadde regien på ei rekke produksjonar både med profesjonelle og amatørar. Ein av dei var Heilage Sunniva på Selja i Sogn og Fjordane i 2013, der ho hadde ansvar for ein stab på 120 personar.  

Diktargleda la ho ikkje bort. Berre 18 år gamal debuterte ho med ungdomsboka Klara på forlaget Gyldendal. Til saman publiserte ho tre barne- og ungdomsbøker i byrjinga av 2000-talet. Ho jobba òg som omsetjar, museumsformidlar og lærarvikar. 

Eit stort karriereskifte

Parallelt med den kunstnarlege verksemda byrja ho etter kvart å legge grunnlaget for det som skulle bli eit stort karriereskifte, frå kunst og kultur og over mot psykologifaget. I 2016 tok ho mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi. Ho skreiv masteroppgåve, og seinare ein fagfellevurdert artikkel om kva som motiverer eldre arbeidstakarar til å vere i arbeid.  

Ho trur arbeids- og organisasjonspsykologi appellerte til ho fordi det handlar om menneske og har eikopling til arbeidslivet, som ho sjølv hadde rokke å få variert erfaring frå.  

- Arbeidslivet er ein veldig stor del av livet vårt. Kva gjer det til dømes med folk å ikkje ha jobb? Kva er det som gjer at nokre blir sjuke av ein jobb? Kva gjer konfliktar i arbeidslivet med oss? Korleis kan arbeidslivet bli best mogleg for folk? 

Etter studiet fekk ho jobb i Studentsamskipnaden, først som prosjektleiar for rusmiddelførebyggjande arbeid, seinare som sosialpsykologisk rettleiar, og deretter som karriererettleiar frå 2020. 

Karriererettleiar etter omorganisering

At ho enda opp som karriererettleiar, hadde samanheng med ei intern omorganisering, der den sosialpsykologiske tenesta og karriererettleiingstenesta som til då hadde vore ei eining, vart splitta opp. 

- Og då fekk eg ei utruleg sterk fornemming av at «eg har lyst til å bli med vidare på karriererettleiingsdelen». Eg tenker jo at utdanninga innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi på ein måte passar betre for karriererettleiing. Så det vart på sett og vis aktualisert for meg kva eg eigentleg hadde mest lyst til å jobbe med. 

- Slik kom eg inn i karriererettleiing, og eg har ikkje sett meg tilbake, eigentleg.

Ein lang og vanskeleg prosess

Men prosessen bak den karrieremessige kursendringa, der ho enda med å leggje skodespelardraumen i ein skuff, var lang og vanskeleg, fortel ho. Prosessen hadde på sett og vis tilknyting til opplevingar ho hadde allereie som nyutdanna skodespelar. 

- Da eg drog tilbake igjen til Noreg, og skulle prøve å få jobb som skodespelar, var det ein veldig, veldig tøff overgang. For det var jo ingen som sto klar og venta på meg der! Sidan eg hadde studert i utlandet, hadde eg ikkje noko nettverk, og måtte begynne å bygge det nettverket.  

Mye jobb for å få jobb 

Ho fekk etter kvart fleire oppdrag, men livet som skodespelar vart ikkje så morosamt som ho hadde håpt på.  

- Det var vel så mykje jobb for å få jobb som å ha jobb. Og det var nesten slik at når eg fekk jobb, vart eg utruleg glad, men så vart eg òg redd for kva som kom etterpå. Det var eit veldig vanskeleg arbeidsliv, seier ho, og fortel at dette vart ekstra merkbart ved at ho samtidig stifta familie. 

- Anten jobba eg på kvelden, eller så var eg ute på turné. Og når eg snakka med eldre kollegaer, skjøna eg at det er jo ikkje noka lovmessigheit i at dette kom til å løyse seg på eit tidspunkt. Det kunne hende at det var slik det ville bli framover. Og det kjende eg at eg ikkje visste om eg orka. 

Bidra i ein større samanheng

Ho trur at viss ein skal halde fram i eit kunstnaryrke, må ein ha ei sterk tru på seg sjølv og på at den innsatsen ein legg ned, er verdt det. 

- Eg begynte liksom å tvile litt: «Det er vel ingen som kjem til å savne meg om eg ikkje står på ei scene…» Og eg visste jo godt at eg hadde mange andre evner, og tenkte at eg må heller bruke kapasiteten min både på noko som kan betale seg, og som kan gi eit bidrag til noko eller nokon. Det handlar ikkje berre om å kjempe for meg og mi eiga karriere, eg kan òg vere med på å bidra til noko positivt ute i verda. 

Eit individuelt val 

- Viss det kjem en vegsøkjar til deg og seier at ho eller han har lyst til å bli til dømes skodespelar, biletkunstnar eller filmregissør, kva seier du da? 

- Eg vil først lytte til kva det er dei vil, og kva som er planen deira. Men det kan jo hende at eg spør: «Kva veit du om det arbeidslivet?». Viss det verkar som dei er nølande, eller bringer opp sjølve at det kan vere vanskeleg å få jobb, eller at det er viktig for dei med tryggleik, så kan jo det opne opp for refleksjon rundt dei spørsmåla. Men eg tenker at det er jo veldig mange som jobbar som kunstnarar, og som lever veldig godt med det valet. Det at det ikkje passa for meg, treng ikkje bety at det ikkje passar for andre. 

- Det er jo òg ein del som har lyst til å ta ei kunstnarleg utdanning som eit personleg utviklingsprosjekt, og så speler det ikkje så stor rolle for dei om det blir knytt opp mot ein jobb seinare. 

«Eg er jo skodespelar!»

Da ho valde seg bort frå skodespelaryrket, erfarte ho at ein yrkesidentitet kan sitte veldig djupt. Ho lurte mellom anna på om ho skulle ta lærarutdanning. 

- Men då ville eg jo bli lærar! Eg tenkte: «Eg er skodespelar, eg kan ikkje bli noko anna. Men eg kan ta ei akademisk utdanning der ein ikkje blir noko bestemt, for da kan eg liksom fortsette å vere skodespelar, og så berre ha denne andre utdanninga», seier ho med eit smil. 

- Korleis brukar du dei erfaringane du har gjort på mange felt, i den jobben du har no innanfor karriererettleiing? 

- Kanskje først og fremst det at eg har stått i nokre vanskelege val med å forlate eit yrke og ein bransje som eg var veldig, veldig glad i, og gje slepp på det, og måtte orientere meg i noko nytt. Det er ei kjempegod erfaring når eg skal rettleie andre. Eg delar ikkje denne erfaringa med vegsøkjarane, for sjølv om det kan vere noko felles, så er alle situasjonar ulike. Men eg kjenner meg igjen i kor mykje som står på spel.

Får brukt kompetansen

Sjølv om ho ikkje lenger arbeider som skodespelar, får ho brukt kompetansen frå yrket, til dømes i ulike formidlingsoppgåver eller når ho skal halde presentasjonar. Regioppdraga hennar fekk òg betydning for den framtidige karrieren hennar ved at dei gav ho ein smak på leiarskap.  

- Er det noko eg har lært, både av meg sjølv og av alle vegsøkjarane eg har møtt, så handlar det om eit samspel mellom val og tilfeldigheiter, seier Ingvill Skjold Thorkildsen. 

- Det er ofte ørsmå tilfeldigheiter som gjer utslaget for kvar du hamnar. Og det synest eg er utruleg gøy å prøve å formidle til studentane. For dei er så tidleg i løpet, mange av dei, og dei tenkjer at «det er no eg skal ta dette eine, avgjerande valet». Og så veit eg av mi eiga erfaring at det er absolutt ikkje slik det er.

 

Bilde
Portrettbilete av Ingvill Skjold Thorkildsen

Karrierereiser

Korleis artar folks karrierereiser seg? Kva for tankar gjer menneske seg i ulike overgangar, og korleis kan dei bruke kompetansen sin i nye settingar? Vi møter i tre intervju personar som fortel om reisa si – eller ei spesiell strekning av reisa.