Mi karrierereise: Bymisjonsleiaren fann ny trivnad som bussjåfør

Article tema
Mi karrierereise: Bymisjonsleiaren fann ny trivnad som bussjåfør

Ann Karina Sogge, mangeårig leiar for Kirkens Bymisjon i Tromsø, kjende at det var tid for å leggje frå seg eit stort ansvar. Kva skulle ho gjere i staden? Ho hadde jo førarkort og likte seg bak rattet! 

- Eg elskar køyring, seier Ann Karina Sogge (60), der vi sit ved kjøkenbordet hennar i eit blått hus på fastlandssida i Tromsdalen.  

Ho har bytta ut rapportar, budsjettarbeid og møte med å frakte turistar på vegane rundt Ishavsbyen. 

- Eg er veldig nøgd med valet mitt. I går var eg i Tamokdalen, i dag skal eg til Skibotn. Været endrar seg heile tida, og i går køyrde eg i nydeleg, rosa vinterlys.  

Eit utåtvend samfunnsengasjement 

Ann Karina Sogge var ein respektert leiar for Kirkens Bymisjon i Tromsø i nesten 20 år. Ho har fått æra å gi Tromsø det ein nesten kan kalle eit uoffisielt motto: «Det er folka som bur der som skapar ein by.» I fjor vart ho nominert til utmerkinga Årets tromsøværing.  

Ho er stolt av tida ho var leiar i Bymisjonen. 

- Det nye som er tilført mens eg har vore der, det er liksom eit større, utåtvend samfunnsengasjement, der vi har jobba veldig mykje med fattigdomslindring, særleg med flyktning- og innvandrarfamiliar, rusomsorg, vald i nære relasjonar og menneskehandel. 

Bymisjonen er òg ein stad der det er rom for samtalar, fortel Ann Karina Sogge. Ho kallar det som ofte skjer i desse samtalane augneblinkens magi.  

- Folk har ofte ei løysing sjølv, når ein berre får snakka om det og stilt nokre spørsmål. Så det å hente ut ibuande ressursar hos folk, det er det viktigaste, seier ho. 

- Vi har, synest eg i alle fall, løfta Bymisjonen til å bli noko folkeleg, noko fint, eit muntert hus, der tilsette og gjester, for ikkje å snakke om dei frivillige, har trivest godt.  

Vond klump i magen 

Men hausten for halvtanna år sidan hadde ho sjølv i fleire månader gått rundt med ein stor klump i magen. I frivillige organisasjonar er ofte økonomien basert på støtte utanfrå, noko som kan bli uføreseieleg. Ansvaret tynga for dei rundt 15 tilsette og like mange familiar som har Kirkens Bymisjon i Tromsø som eit fast, trygt punkt i kvardagen. I romjula i 2022 merka ho at ho begynte å grue seg til å gå på jobb i det nye året.  

Bilde
Bilete av Ann Karina Sogge på trappa til huset sitt.
Ann Karina Sogge er nøgd med karrierevalet ho har gjort. No får ho mellom anna meir tid til familien. Foto: Mona Vaagan.

- Det hadde ingenting med dei tilsette å gjere, og ingenting med gjestane eller oppgåvene. Det handla rett og slett om eit fysisk ubehag som gjorde at eg vart drive meir og meir av plikt, og ikkje av glede. Og eg er eigentleg ein veldig glad person, så eg syntest det var eit nederlag. Og så tenkte eg at eg er jo ikkje dømt til å arbeide på Bymisjonen, sjølv om eg hadde sett for meg å jobbe der til eg hadde runda «20-årsbøya». 

Jobbtilbod på dagen

Før ho kom til Bymisjonen, jobba Ann Karina Sogge i politiet. Der har fleire stillingar særaldersgrense på 60 år, og mange av dei tidlegare politikollegaene hennar hadde begynt å køyre buss da dei vart pensjonistar. Kanskje kunne bussjåføryrket vere noko for ho òg? Da ho kontakta eit av busselskapa i Tromsø, fekk ho tilbod om jobb på dagen. Ho kallar valet ho har gjort, ein god og ønska overgang. 

- Sjølv om eg tener mindre, så er det meir fridom og mange fleire morgnar på sengekanten med quiz med mannen min, som har vorte pensjonist. Den tyngda som sat i mellomgolvet, er no borte.

God bruk for politierfaringa

Da ho i si tid kom til Bymisjonen, fekk ho god bruk for kompetansen frå politiet, som mellom anna handla om å møte menneske i utanforskap og fattigdom. Ho kallar sjølv denne bakgrunnen «ei gåve» i jobben ho hadde i Bymisjonen. 

Mykje av kompetansen ho har opparbeidd seg i yrkeslivet, får ho òg brukt som bussjåfør. 

- Eg får sjølvsagt ikkje brukt alt eg kan om sosialt arbeid, men eg kan vere ein trygg sjåfør som fraktar passasjerane på ein sikker måte, skapar ro i bussen og godt humør.

Sei «ja» 

Som godt vaksen har ho gjort seg tankar om at det er ei tid for alt. Ho er framleis yrkesaktiv, med ein jobb ho synest er veldig morosam, og nye kollegaer ho er spend på å bli meir kjend med. 

- Ambisjonen min er å vere verdas beste medarbeidar, seier Ann Karina Sogge, som ser det som ei særs viktig oppgåve å bruke leiarerfaringa si til å støtte den næraste leiaren sin. 

- Kva er det viktigaste du har lært i yrkeslivet? 

- Det er å seie «ja». Det opnar så mange moglegheiter. 
  
 

Bilde
Bilete av Ann Karina Sogge på kjøkenet hennar i Tromsø.
Bildetekst
Ann Karina Sogge får brukt kompetansen frå eit langt yrkesliv i jobben som bussjåfør. Foto: Mona Vaagan.

Karrierereiser

Korleis artar folks karrierereiser seg? Kva for tankar gjer menneske seg i ulike overgangar, og korleis kan dei bruke kompetansen sin i nye settingar? Vi møter i tre intervju personar som fortel om reisa si – eller ei spesiell strekning av reisa.