Møt eit nytt ord: karrieresjokk

Article tema
Møt eit nytt ord: karrieresjokk

Jos Akkermans, førsteamanuensis ved Vrije Universiteit Amsterdam, har saman med forskarkolleger lansert omgrepet karrieresjokk. Han trur det blir meir og meir relevant i åra som kjem. 

Akkermans var eitt av hovudinnslaga på den internasjonale karriererettleiingskonferansen som vart halden i Haag i Nederland tidlegare i år. I føredraget sitt fortalde han mellom anna om karrieresjokk, og illustrerte omgrepet med ei historie frå sitt eige liv: For nokre år sidan døydde bestekameraten hans. Det fekk han til å prioritere annleis og tenke nytt om balansen mellom jobb og privatliv. 

Ei ekstern hending

Karrieresjokk er ei ekstern hending som skapar ein indre verknad, og gjennom dette påverkar karrieren din. Slik forklarar Jos Akkermans kva han legg i ordet, når vi intervjuar han etter konferansen. 

Eit karrieresjokk kan vere både negativt, til dømes at du blir arbeidsledig, og positivt, til dømes at du får eit overraskande jobbtilbod. Omgrepet liknar på overgang – eit ikkje ukjent ord for karriererettleiarar. Men det inneber noko litt anna, ifølgje Akkermans. 

- Eit karrieresjokk kan potensielt føre til ein overgang, men er ikkje ein overgang, seier han, og utdjupar: 

- Karrieresjokket er sjølve hendinga, som skapar ein refleksjon over endringa, mens overgangen er sjølve den fysiske og psykologiske rørsla frå til dømes ein jobb til ein annan. 

- Eg trur at mange overgangar i verkelegheita skuldest karrieresjokk, seier Akkermans.

Ti år gammalt

Han meiner det var forskerkollegaen Scott E. Seibert som først brukte ordet karrieresjokk for om lag ti år sidan, i ein artikkel om amerikanske økonomistudentar sitt møte med yrkeslivet. Akkermans vart inspirert av artikkelen – og ordet, og byrja å forske på karrieresjokk. Saman med ein tredje kollega publiserte Akkermans og Seibert i 2018 ein artikkel der dei definerte og tydeleggjorde omgrepet.  

Karrieresjokk kan òg seiast å ha likskapstrekk med John Krumboltz’ teori om planlagde tilfeldigheiter. Men denne og andre teoriar som legg vekt på hendingar, er først og fremst opptekne av sjølve hendinga, ifølgje Akkermans. Dei er mindre opptekne av dei psykologiske verknadene. Ein annan ulikskap er at eit karrieresjokk ikkje treng å vere tilfeldig, seier han. 

- Til dømes viss du får barn, så veit du vanlegvis det nokre månader i førevegen. Så det er ganske føreseieleg. Men i den augneblinken du verkeleg blir forelder, så kan det ha ein fundamental innverknad på korleis du ser på karrieren din, verdiane dine og prioriteringane dine. 

Kan ha komplekse verknadar

Verknadane, eller utfalla, av karrieresjokk kan vere komplekse, hevdar Akkermans, basert på mellom anna eiga forsking.

Bilete av Jos Akkermans som held presentasjonen sin under den internasjonale karriererettleiarkonferansen 2023
Jos Akkermans har merka at mange er interessert i omgrepet karrieresjokk. Det var òg publikum under den internasjonale karriererettleiarkonferansen. Foto: Mona Vaagan.

- Ein skulle tru at eit «positivt» sjokk ville føre til eit positivt utfall, og eit «negativt» sjokk ville føre til eit negativt utfall. Eg vil seie at det vanlegvis er slik, men ikkje alltid. Til dømes gjorde vi ein forskingsstudie om unge entreprenørar. Dei hadde vorte oppsagde frå jobben sin innanfor næringslivet, og «tvinga» inn i entreprenørrolla. Så fann dei ut at dette passa heilt fint for dei. Det som i utgangspunktet var eit svært negativt sjokk, hadde altså ein positiv karriereeffekt. Omvendt kan vi av og til sjå at folk som uventa blir forfremja, noko som er eit positivt karrieresjokk, til dømes kan bli utbrende fordi dei ikkje var førebudde på kva den nye stillinga innebar.  

Alle kan råke ut for karrieresjokk 

- Korleis kan karriererettleiarar bruke omgrepet karrieresjokk i praktisk rettleiing? 

- Eg minnest at da eg byrja å forske på karrieresjokk, snakka eg med Scott Seibert (forskerkollegaen som først brukte ordet) om å skrive ein artikkel om dette. Og han sa: Kva er poenget? Du kan jo ikkje bruke det til å føreseie noko. Det var ei ganske provoserande utsegn, faktisk. Men eg har vorte meir og meir overtydt om at omgrepet har stor verdi, sjølv om det av og til rommar noko uføreseieleg. Ein måte det kan ha verdi på, er i situasjonar som alle kan råke ut for, til dømes sjukepleiarar som opplever at eit menneske døyr når dei er på jobb. Da kan du førebu dei på dette. Du kan òg få fram i samtalen med ein vegsøkjar at karrieresjokk ikkje er noko å skjemmast over eller vere redd for fordi alle kan råke ut for dei. 

Akkermans meiner det sistnemnde er viktig. Han ser eit dominerande narrativ i samfunnet om at ein skal oppnå suksess, og ikkje gjere feil. Derfor ligg det ein stor verdi i å anerkjenne at karrieresjokk skjer, og at mange strever med desse sjokka. 

Han trur òg det kan vere relevant i settingar der ein vil hjelpe folk med å sjå nye moglegheiter som eit karrieresjokk kan opne opp for, anten sjokket er positivt eller negativt.  

Trur det blir meir og meir relevant 

Jos Akkermans trur forsking knytt til karrieresjokk vil bli meir og meir relevant i det arbeidslivet vi vil møte framover, kjenneteikna av turbulens og usikkerheit. Her kan òg pandemiar reknast med, meiner han. 

- Eg hadde nett byrja å forske på dette da korona-pandemien kom, og viste alle korleis dramatiske hendingar kan påverke folk sin karriere. Det galdt til dømes dei innanfor service og turisme, som mista jobben i store skarar. 

For tida skriv han på eit bokkapittel om korleis karrieresjokk kan arte seg hos dei som arbeider på oppdragsbasis (gig-arbeidarar). I eit avslutta prosjekt intervjua han tilsette i bemanningsbyrå om korleis dei handsama karrieren sin. 

- Dei svarte oftast at dei ønskte ein varig kontrakt. Kvar gong eit oppdrag nærma seg slutten, nettverka dei intenst, og jobba med å vise kor dyktige dei var, og kvar gong, «boff», så var det eit sjokk når oppdraget enda og dei ikkje fekk fortsette. Det vart ei opphoping av sjokk som hadde ein sterk innverknad på dei. Eg trur dette er typiske sjokk for dei som arbeider i bemanningsbyrå. 

Vil arte seg ulikt 

Karrieresjokka artar seg truleg ulikt, ut frå korleis jobbsituasjonen din ser ut, om du er fast tilsett, driv sjølvstendig eller arbeider på mellombelse kontraktar, meiner Akkermans.  

- Sidan folk arbeider i ulike kontekstar, med ulik støtte og sikkerheit, vil dei bli påverka forskjellig av karrieresjokk. Så her ligg det mykje forsking og ventar på meg! 

Bilde
Portrettbilete av Jos Akkermans

Jos Akkermans

  • Førsteamanuensis innanfor berekraftig karriere og organisasjonsåtferd ved School of Business and Economics, Vrije Universiteit Amsterdam, Nederland  
  • Tema for forskinga hans er berekraftige karrierar, karrieresjokk og sysselsettbarheit (employability) 
  • Er assisterande redaktør (associate editor) for tidsskriftet Journal of Vocational Behavior

Nokre høgdepunkt frå den internasjonale karriererettleiar-konferansen 2023

I tre artiklar i haust og vinter intervjuar vi forskarar som medverka på den internasjonale karriererettleiingskonferansen i regi av IAEVG i 2023. Vi har valt å trekke fram nokre nye namn i norsk samanheng som presenterte til dels nye perspektiv på karriererettleiing. 

Dei tre er: 

  • Jos Akkermans (Nederland): om karrieresjokk 

  • Peter Weber (Tyskland): om samarbeid mellom HR og karriererettleiing 

  • Marinka Kuijpers (Nederland): om livslang utvikling