Utopistar har visjonar om eit betre samfunn, ofte med vekt på sosial rettferd og likskap. Enkelte av utopistane har vore opptekne av karriereutvikling og karriererettleiing – til dømes Charles Fourier, Richard Owen og Frank Parsons. Her og no har verda bruk for nye visjonar om ei rettferdig og berekraftig framtid for alle. Grøn rettleiing bidreg til dette – med ein utopi som er avgjerande for den framtidige samfunnsutviklinga.
Utopiske visjonar spelar ei viktig underliggjande rolle innanfor karriererettleiing og karriereutvikling. Utopiar får aldri utfalde seg heilt og fullt, men dei peikar ut ei retning, ein visjon, ofte formulert av ei lita, men engasjert gruppe menneske. I den kjende boka Utopia frå 1516 føreslo Thomas More at alle måtte lære seg jordbruk og minst eitt av dei andre vesentlege handverka: veving, tømring, smedarbeid og muring. Arbeidsløysa er utrydda: Alle arbeidsføre borgarar skal arbeide. Arbeidstida er seks timar for dagen, men mange arbeider gjerne lenger. Og livslang læring er avgjerande: Alle borgarar blir oppmoda om å delta på læringsaktivitetar i fritida. Dette var den visjonen More hadde for karriereutvikling, og han la også vekt på sosial rettferd.
500 år seinare oppmodar Rutger Bregman om ei nyorientering når det gjeld arbeid og løn, og (gjen)innføring av ei grunnleggjande inntekt for borgarane, ei borgarløn, og det gjer også Guy Standing, som er særleg oppteken av prekariatet, det moderne proletariatet på kanten av arbeidsmarknaden. I Danmark sette Meyer, Helweg og Sørensen fram liknande visjonar – ein utopi – om eit rettferdig og balansert samfunn med ei grunnleggjande borgarløn. I slutten av 1970-åra proklamerte dei Opprør frå midten og drog inn karriereutvikling i analysen, der dei knytte anstendig arbeid og utdanning saman med borgarløn.
Dystopiar er det rikeleg av, både i praksis og i litteraturen, men dei skal vi la liggje her.
Parsons – far til karriererettleiinga
Visjonære utopistar har ofte teke føre seg karriereutvikling indirekte, eller direkte, slik Frank Parsons gjorde i starten av 1900-talet. Visjonane hans nådde langt utover karriererettleiinga, som han er mest kjend for. Samfunnsvisjonen hans, mutualisme, var basert på kristendom og nestekjærleik: Han talte for eit balansert, rettferdig og fredeleg samfunn.
På karriereutviklingsområdet er han best kjend for tretrinnstilnærminga til karriererettleiing. Denne metoden gav gjenklang i ei tid med veksande interesse for vitskaplege tilnærmingar til psykologien, inkludert psykometri. Parsons har blitt sett på som far til karriererettleiinga, men det fanst andre reformatorar som hadde teke føre seg desse spørsmåla tidlegare. Det kjem vi tilbake til nedanfor.
Arbeidarinstituttet i Boston
I Boston opna institusjonen Civic Service House i 1901, i ein periode med massiv innvandring. North End i Boston, der det tidlegare hadde vrimla av irske flyktningar på grunn av hungersnauda midt i hundreåret, blei tilfluktsstad for austeuropearar i 1870-åra og italienarar i 1880-åra; immigrantar utgjorde meir enn 75 prosent av innbyggjarane i Boston. Dei budde i nedslitne og utrivelege leigegardar og arbeidde i helsefarlege fabrikkar og som byggjearbeidarar.
Parsons og andre i den progressive rørsla såg på dette som sløsing med ressursar og ei samfunnsmessig fallitterklæring. På bakgrunn av dette blei det oppretta eit arbeidarinstitutt, altså eit etterutdanningssenter, Breadwinner’s Institute, som i 1908 blei døypt om til Vocational Bureau of the Civic Service House. Det var privatfinansiert, og føremålet var «å hjelpe dei unge med å velje seg eit yrke, førebu seg til det, finne arbeid innanfor det valde feltet og byggje opp ein karriere med effektivitet og suksess». Parsons arbeidde på dette kontoret i mindre enn eit år og skreiv Choosing a Vocation i 1909. Ei rekkje forskarar har sett nærare på livet til Parsons og kva innverknad han fekk på karriererettleiinga. Nokre såg til og med på Parsons som ein «profet» eller «korsriddar».
Men nokre generasjonar før den amerikanske progressive rørsla hadde både Robert Owen (1771–1858, Wales/Skottland) og Charles Fourier (1772–1837, Frankrike) formulert utopiske visjonar som omfatta element av karriereutvikling. Det er mange andre spirituelle og sosiale leiarar som kunne ha vore nemnde. Nedanfor skal vi likevel avgrense oss til å sjå nærare på nokre av visjonane til Owen og Fourier.
Frigjering og sosial rettferd
Robert Owen, fabrikkeigar og samfunnsreformator, peika på verdien av å utdanne arbeidarane som ein integrert del av sosiale og industrielle velferdsaktivitetar i New Lanark Mills i Lanarkshire i Skottland.
Fabrikken her og dei tilhøyrande bustadene var eitt av fleire demonstrasjonsprosjekt som alle hadde innebygde element av karriereutvikling. Slik sett inneheldt den visjonen Owens hadde for «New Moral World», både lykke, opplysning og velstand gjennom utdanning, vitskap, teknologi, felles liv og anstendig arbeid. Owen såg føre seg at det utopiske samfunnet hans ville skape eit «overlegent sosialt, intellektuelt og fysisk miljø» basert på ideala hans om sosiale reformer. Owen støtta også andre eksperimentelle utopiske samfunn, som New Harmony i Indiana i USA. Frigjering og sosial rettferd var sentrale omgrep i desse forsøka: Karriereutvikling, opplysning, anstendige jobbar og sunne levekår blei sett på som element som bidrog til å komplimentere frigjeringa og den sosiale rettferda, både for menn og kvinner.
Arbeid basert på interessene og ønska til individet
Charles Fourier såg på arbeid som lidenskap. Dette var ein radikal idé i den tidlege fasen av industrialiseringa, særleg for arbeidarar. I den ideelle verda hans var ein jobb eit kall – basert på interessene og ønska til individet.
Det fanst incitament til det motsette – ubehagelege jobbar ville gje høgare løn – men overordna sett var gjensidig omsorg og samarbeid grunnpilarane i utviklinga og suksessen for samfunnet. Han var besett av tal; han meinte at det fanst tolv lidenskapar, som resulterte i 810 mennesketypar, slik at den ideelle falanksen (gruppa) ville vere på 1620 menneske, som supplerte talenta og lidenskapane til kvarandre. Han teikna til og med opp planar over phalansteres, altså bygningar, som ville vere den konkrete ramma for ei rettferdig fordeling av produkt etter behov, for funksjonar basert på individuelle ferdigheiter og anlegg, for den konstante vekselverknaden mellom ulike funksjonar og oppgåver – og for korte arbeidsdagar. Lange arbeidsdagar ville ta lidenskapen ut av arbeidet, som vi alle veit.
Karriereutvikling var innebygd i oppgåvevariasjonane, drive av lidenskap, og dermed ein avgjerande faktor for frigjering og sosial rettferd, for både menn og kvinner. Fourier er elles kreditert for å ha funne opp omgrepet feminisme.
Tidlegare radikale idear er no alminnelege. Mislykkast dei, slik utopiar pleier å gjere?
I ein viss forstand er det korte svaret ja: Owenittane og dei fleste Fourier-inspirerte initiativ forsvann etter eit par tiår. Visjonen til Parsons om mutualisme blei aldri realisert.
Men før vi avviser dei som irrelevante skuggar frå fortida skal vi vie ein augeblink til nokre av dei grunnleggjande visjonane: frigjering, anstendig arbeid, varierte oppgåver, sunne levekår, allmenn utdanning, gratis helsetenester, likestilling mellom kjønna og sosial rettferd. Alt dette gjev gjenklang og er i tråd med erklæringar om menneskerettar, med måla til fagforeiningar, med velferdspolitikk og med karriererettleiing (IAEVG, 2017). Ein gong blei dei sett på som ekstreme og radikale; no er desse ideane allmenne, særleg i velferdssamfunn.
Grøn rettleiing – frå ekstrem utopi til føresetnad for berekraftig karriererettleiing
Thomas More fortalde om ein utopi, altså ei perfekt førestillingsverd, og trekte her inn det greske ou-topos, som tyder «ingenstad» eller «ingen stader». Dette var eit ordspel; det nesten identiske greske ordet eu-topos tyder «ein god stad». Utopiske idear har dermed ingen stad å gjere av seg, eller tvert imot kan dei finne stad overalt. Dette er også tilfellet for nye, utopiske(?) visjonar om grøn rettleiing, altså berekraftig karriereutvikling. Forfattaren av desse linjene har fremja slike visjonar dei siste 25 åra.
I ei årrekkje blei grøn rettleiing og vektlegging av miljø- og berekraftsaspekt i karriereval og karriererettleiing sett på som radikalt, noko for seg sjølv og kort sagt utopisk. Sidan då har berekraft blitt godteke som eit viktig og stadig meir konvensjonelt konsept – i ein slik grad at til dømes irsk utdanning på tvers av sektorar har berekraft som ein sentral komponent, også i karrierelæring. Og FN vedtok i 2015 dei etter kvart så velkjende 17 berekraftsmåla. Desse to døma – og ei rekkje program i mange land om utdanning for berekraftig utvikling (ESD) – er også støtta av UNESCO, som peikar på viktige samanhengar mellom sosial rettferd og berekraftig karriereutvikling.
Kort sagt har grøn rettleiing bevega seg frå ein marginal og ekstrem posisjon til å vere eit livskraftig omdreiingspunkt for utviklinga av ei framtidig berekraftig karriererettleiing. Nokre få forskarar på rettleiingsfeltet har skubba fram denne utviklinga – sjå litteraturlista.
Konklusjonar og perspektiv – grøn rettleiing og sosial rettferd
Medvitet om samanstøyten mellom meiningslaus økonomisk vekst og uro for miljø, klima og berekraft er veksande. Medan økonomisk vekst i snever forstand tidlegare var løysinga innanfor kapitalistisk tankegang, skaper det no like mange problem. Vekst utan jobbar, svekking av naturressursar og underminering av arbeidarrettar og løn er berre nokre av vanskane vi står overfor. Globalisering i form av global handel med langdistansetransport til/frå lågtlønsområde aukar problemet, og det same gjer tom turisme og industrialisert jordbruk og fiskeri, berre for å nemne noko.
I denne situasjonen må rettleiinga bli ein del av løysinga heller enn problemet. Sosial rettferd og karriererettleiing er innbyrdes avhengige og – sjølv om dei er leira inn i sosiale strukturar – endå djupare knytte til berekraft.
For det er ein viktig samanheng mellom sosial rettferd og grøn rettleiing. Dette er i tråd med Barrie Irving og Beatriz Malik, som hevdar at karriereval har konsekvensar langt utover individet, fordi det har samanheng med breiare samfunnsmessige problemstillingar.
På same måten tek Tristram Hooley, Ronald Sultana og Rie Thomsen den sosiale rettferdsdiskursen vidare med kritikk av nyliberalismen: Utan auka berekraft vil det ikkje vere noka sosial rettferd. Grøn rettleiing, miljøspørsmål, klimaendringar og sosial rettferd heng saman. Omgrepet økorettferd er introdusert på karriererettleiingsfeltet av Irving og Malik for å fange opp sambanda og spenningane mellom miljøomsyn og spørsmål og sosial rettferd.
Grøn rettleiing set karriererettleiing og karriereval i sentrum – med eit stort element av personleg engasjement, samfunnsengasjement og meining. Når det gjeld globalisering og sosial rettferd, blir rettleiinga plassert i ein sentral global posisjon, for miljøspørsmål og berekraftsomsyn kjenner ingen grenser. Det er derfor det er så presserande at rettleiarar og forskarar yter sine bidrag til grøn forandring, grøn karriereutvikling og ei berekraftig framtid: Grøn rettleiing – kor utopisk er det?
Omsett frå dansk av Akasie språktjenester, Eirik Ulltang Birkeland
Litteratur
Bregman, R. (2017). Utopia for realists – and how we can get there. London: Bloomsbury Academic
Dobson, A. (2007). Green political thought (4th edition). London: Routledge
Fourier, Ch. (1848). Œuvres complètes de Ch. Fourier. Paris: Librairie Sociétaire, 1841-1848
Hooley, T., Sultana, R.G. & Thomsen, R. (eds) (2018). Careers Guidance for Social Justice: Contesting Neoliberalism. London: Routledge
Hooley, T., Sultana, R.G. & Thomsen, R. (eds) (2019). Career guidance for emancipation: reclaiming justice for the multitude . London: Routledge.
Irving, B.A. & Malik, B. (2005) (eds).Critical Reflections on Career Education and Guidance: Justice within a Global Economy. London: Routledge Falmer
Irving, B. A. & Malik-Lievano, B. (2019). Ecojustice, equity and ethics: challenges for educational and career guidance. Revista Fuentes, 21(2), 253-263
Meyer, N.I., Helweg, K.H. & Sørensen. V. (1981). Oprør fra midten. [Revolt from the center]. London: M. Boyars
More, T. (1516). De Optimo Reipublicae Statu deque Nova Insula Utopia. London
NCGE (2009). Creative Guidance in Challenging Times. Dublin: National Centre for Guidance in Education. Retrieved from http://www.ncge.ie/reports/Creative%20Guidance%20FINAL.pdf
NCGE (2021). Promoting Sustainable Development and Change - What is the contribution of Lifelong Guidance? National Forum on Guidance, 14th April 2021. Dublin: National Centre for Guidance in Education. Retrieved from NCGE National Forum on Guidance - April 2021 on Vimeo
Owen, R. (1813). A New View of Society: Or, Essays on the Formation of Human Character, and the Application of the Principle to Practice. London: Longman
Parsons, F. (1894). The philosophy of mutualism. Philadelphia: Bureau of Nationalist Literature
Parsons, F. (1909). Choosing a vocation. Boston: Houghton Mifflin
Standing, G. (2011). The Precariat. The new dangerous class. London: Bloomsbury Academic
UNESCO (2018). Issues and trends in Education for Sustainable Development. Paris, UNESCO. Retrieved from https://unesdoc.unesco.org/ark:/48223/pf0000261445
United Nations (2015). Sustainable development goals. New York: UN. Retrieved from
https://www.un.org/sustainabledevelopment/sustainable-development-goals/
Peter Plant har skrevet om og advokeret for Grøn Vejledning siden 1996:
Plant, P. (1996). Economy & Ecology: Towards a Change of Paradigms in Careers Guidance. Paper at the IRTAC/BCSCA/CGCA International Conference on Counselling: Enhancing Personal Issues in the Global Community, Vancouver, Canada, May 1996
Plant, P. (1999). Fringe Focus: Informal Economy & Green Career Development. Journal of Employment Counseling Vol. 36, No. 3, 1999
Plant, P. (2003). Green Guidance: Fringe Focus. Kalinowska, E. et al. (2003). Counsellor: Profession, Passion, Calling? Wroclaw: Dolnoslaska Szkola Wyzsza Edukacji
Plant, P. (2007a). When is enough enough? Economic and social goals in career guidance. Copenhagen: Gratisartikler
Plant, P. (2007b). An inconvenient truth: Green Guidance. IAEVG Newsletter, 58/2007, pp.1-3. Retrieved fromhttp://www.iaevg.org/crc/files/newsletters/Newlet58en.doc
Plant, P. (2008). Green Guidance. Career Edge 19/2008, 4-6
Plant, P. (2014a). Green Guidance(in) Arulmani, G. & Watts, A.G. (eds). Handbook of Career Development: International Perspectives, 309-316. London: Springer
Plant, P. (2014b). Grüne Beratung - Mehr als Grüne Woche. NfB Newsletter 2/2014, 3-6. Retrieved from nfb-Newsletter 02/2014
Plant, P. (2015). Guia verde: una guia para el futoro.REOP. Vol. 26, # 1, 2015,115-123. Retrieved from http://revistas.uned.es/index.php/reop/article/view/14346
Plant, P. (2020a). Paradigms under Pressure: Green Guidance. Nordic Journal of Transitions, Careers and Guidance, No 1, 2020, 1–9.
Plant, P. (2020b). Green Guidance for Sustainability. Guidance Matters, Issue 5/Winter 2020, 6-8
Plant, P. (2021a). Utopia revisited: Green Guidance. NICEC Journal, October Issue, 2021, 53-59
Plant, P. (2021b). Utopia revisited: Green Guidance. Guidance Matters, Issue 7, Winter 2021, 7-11, Retrieved from GM7-Green-Guidance-Utopia.pdf (ncge.ie)
Plant, P. (2021c). Sustainability, Green Guidance, and Utopia. Wien: Euroguidance, NOV 2021