1. Hvor lenge har du jobbet med karriereveiledning?
- Seks-sju år.
2. Hva slags utdanning har du?
- Treårig lærarutdanning + 60 studiepoeng i karriereveiledning frå Høgskolen i Bergen (Rådgiving 1 og 2).
3. Hva liker du best med å jobbe som karriereveileder?
- Den kontakten eg får med elevane er heilt spesiell. Det å kunne få ein elev til å reflektere over framtida si, og høyre om deira drømmer og forventninger gir meg enormt med energi som menneske og rådgjevar.
Dei har ofte slik ein glød og engasjement over eigne ambisjoner at ein blir reint misunneleg av og til. Men eg må og avklare missoppfattninger og takle frustrasjonar, noko som også er spanende.
4. Hva er dine arbeidsoppgaver, og hvordan er fordelingen mellom dem?
- I Time kommunen har me eit godt fungerande rådgjevarnettverk som saman organiserer Utdanningsval vekene. Dette gjer at organisering på kvar einskild skule blir enkel. Eg er og inne på alle foreldremøte for å informere om vidaregåande skule og faget utdanningsval kvart år.
Eg er og med på dei fleste ansvarsgruppemøtene på 9. og 10. trinn når det er snakk om vidaregåande skule innsøking. Eg koordinere og lærer opp kontaktlærar på alle områder i forhold til faget utdanningsval og vidaregåande skule.
Dette er eg koordinator for på Lye Ungdomsskule:
8. trinn: Bolig ABC, jobbskygging, lokal utdanningsvalmesse på skulen
9. trinn: Fagdag, yrkesmesse, utdanningsval, innovasjonscamp, lokal utdanningsvalmesse på skulen
10. trinn: Fagdag, utdanningsval, bygg Camp, økonomi og karriæreval, karrieresamtalar, lokal utdanningsvalmesse på skulen
5. Hva er de største faglige utfordringene i din arbeidshverdag?
- Det må være å holde seg oppdatert til ein kvar tid kva som gjeld i forhold til retter og plikter for elever med tilrettelagd utdanningsløp, skuleplass i andre fylker og skuleplass i utlandet rett etter ungdomsskulen. Ikkje minst kva paragraf kvar enkelt skal søkjast inn på. Dette blir jo stadig vekk endra. Ellers er det å kunne sjå mulighetene ikkje begrensningene til kvar einskild elev - holde seg oppdatert til ei kvar tid.
Me rådgjevare har for lite tid avsatt i stillinga til å kunne prioritere faglege oppdateringa.
6. Hvordan jobbes det med faglig utvikling innen karriereveiledning i ditt miljø?
- Me har eit rådgjevarnettverk både kommunalt (Timenettverket) og på tvers av kommunane (Jærnettverket) der me karriererådgjevarar møtes. Me har eit årshjul der me tar opp faglege utfordringer og deler gode erfaringer.
Rådgiverforum Rogaland er og ein veldig aktiv og levande organisasjon som arrangerer rellevante kurs og konferanser stadig vekk.
Landstreff er ein kjempebra arena, der vår kommune har sett nytten av at me rådgjevarer reiser og dermed subsidierer noko av kostnadene skulen har ved å sende oss på seminaret.
7. Hvilket «verktøy» bruker du oftest i karriereveiledningen?
- Eg nytta mykje den uformelle samtalen i ganger og friminutt til karriereveiledning. Eg nyttar og skoletesten.no samt "Navtesten" - denne ligger ute på NAV sine nettsider. Av og til får eg tid til gruppesamtaler med elevene. Men elevene har alltid ein personleg karrieresamtale med meg. Eg skulle ønske at skulen kunne hatt råd til å kjøpe inn diverse andre veiledningsverktøy som for eksempel Jobpics.
8. Hva er du ekstra opptatt av i jobben din for tiden?
- Fagleg svake elever har eg fokus på fortida då Time kommune arbeider med eit prosjekt som heiter overgang Ungdomsskule – vidaregåande skule, som ser på korleis få til gode overganger for svake elever. Skulevegrarar er og ei gruppe eg er veldig opptatt av å jobbe med.