Mi kompetansereise er korte videointervju med rettleiarar i alle sektorar. Serien knyt seg opp mot kompetansestandardane i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing, og i august møter vi Ole Nicolay Høivik, OT-koordinator på Veiledningssenteret.
På spørsmål om dei har tatt i bruk Nasjonalt kvalitetsrammeverk, svarer Høivik: «Eg trur at i den kunnskapsorganisasjonen vi er, så er det svært viktig at vi heile tida er i den prosessen at ein må utvikle seg. Så det skal introduserast nå i haust. Og eg håper at flest mogleg på Veiledningssenteret faktisk kjem til å nytte seg av sjansen til å bruke det aktivt!»
Høyr Høivik reflektere rundt eiga kompetanse, kva slags kompetanse han synest det er vanskeleg å bli god på, og kva slags kompetanse han ønsker å vidareutvikle.
Sjå heile intervjuet med Ole Nicolay Høivik: