Månadens rettleiar: Trondr Breiland

Article tema
Månadens rettleiar: Trondr Breiland

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Trondr Breiland frå Universitetet i Stavanger.

Bilde
Navn
Trondr Breiland
Tittel
Rådgivar
Del av stilling brukt til karriereveiledning
100 prosent
Sted
Rogaland

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

– Eg har på ulikt vis vore knytt til karriererettleiingsfeltet i snart 12 år. I min førre jobb, først som rådgivar deretter som rektor ved Sonans Utdanning, var karriere ofte tema da elevane skulle velje fag og vegen vidare. For 4 år sidan ønskte eg likevel å prøva noko nytt, og då vart det eit 1-årig vikariat som rådgivar ved karrieresenteret i Rogaland fylkeskommune. Dette gav meirsmak og då eg fekk tilbod som karriererettleiar ved UiS var valet klart!

2. Kva slags utdanning har du?

– Eg er utdanna sosiolog og hovudfagsoppgåva mi handla om ungdom og utdanningsval. Kvifor vi vel som vi gjer, kva for mekanismar som legg føringar for dei tilsynelatande personlege vala våre, har alltid fasinert meg. I utdanninga mi har eg òg psykologi, arbeids – og organisasjonspsykologi og eit morosamt fag som den gongen heitte humanistisk informasjonsteknologi, der vi mellom anna «studerte» sci-fi-filmar. Elles har eg òg i seinare tid tatt ei master i endringsleiing, noko som har gjort meg interessert i alt som har med prosessar og relasjonar i arbeidskvardagen å gjere.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

– Det å kunna bidra til refleksjon over moglegheiter (og avgrensingar), meiningsbygging, tru på seg sjølv og sine eigne ressursar synest eg er veldig kjekt. Som karriererettleiar får eg moglegheita til å øve på dette både gjennom ein-til-ein samtalar og gjennom ulike kurs og workshops eg utviklar og arrangerer. Samtidig har eg moglegheita til å styre dagen i stor grad sjølv, og ikkje minst det å arbeide i eit levande miljø med gode kollegaer gir eit godt «drive» i kvardagen.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

– Det svingar litt med årstidene. No har eg vore inne i ein periode med mykje kurs og workshops som har tatt ein stor del av tida. Elles har eg ofte rettleiingssamtalar med fokus på små og store val, tilbakemeldingar på CV og søknader og andre jobbrelaterte spørsmål.

Vidare skal neste semester snart planleggast, og kurs må koordinerast. Eg deltar òg på karrieredagar og messar, og har ofte kurs i samband med dette. I tillegg sit eg i styret til Rogaland Rådgivarforum, no òg som webansvarleg. Dette gir meg moglegheit til å bidra til dette spennande forumet og treffe mange dugelege rådgivarar eg elles ikkje ville møtt.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

– Den største utfordringa er kanskje å vite om at det ein gjer er godt nok. Det kan til dømes vere i kva grad samtalen og dei verktøya eg brukar, verkeleg bidrar til å løysa problem og skaper eit godt moment vidare for vegsøkar. Eller om kursa mine bidrar til at studentane faktisk får seg ein betre og meir relevant jobb etterpå? Eg har ikkje noko statistikk på dette sjølv om det heldigvis kjem mange gode tilbakemeldingar der og då.

 6. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

– Det å setje av tid til å oppdatere seg og diskutere med andre i same bransje og få litt input er utruleg viktig.  For min del skjer fagleg utvikling først og fremst gjennom ulike kurs og seminar. Her har eg vore veldig heldig som får moglegheita til å delta på mykje som er relevant for jobben min.

7. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

– Det er litt avhengig av kva for tema og spørsmål som blir diskuterte, men eg har ofte brukt verktøya WIE og strukturert karriereintervju (SCI).  Eg tar òg utgangspunkt i ein modell som kallast for DJF -dynamic jugdement formation- (ein modell som eg lærte på master i endringsleiing) som er eit veldig godt refleksjonsverktøy i samtalen med vegsøkar. Med utgangspunkt i situasjon/problem til vegsøkar blir både faktum og omgrep avklart, og dessutan blir mål og middel gjort tydeleg. Det er heilt enkle spørsmål, men dei skaper ein fin struktur i samtalen og set i sving eigen erfaring og dømmekraft.

8. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

– I tillegg til dei vanlege arbeidsoppgåvene er eg no med på eit Erasmus + prosjekt saman med Universitetet i Uppsala og Helsinki. Målet er å utvikle eit digitalt verktøy som skal hjelpe studentar som reiser utanlands i løpet av studietida med å bevisstgjere og selje inn den internasjonale erfaringa si (soft skills) til framtidige arbeidsgivarar.

I ledige stunder held eg òg på å laga ein CV-video og søknadsvideo. Sjølv om videoane ikkje skal ta lengre ein tre minutt kvar, blir det ein del arbeid. Resultatet blir klart til sommaren!

Bilde
Månedens veileder mai