Månadens rettleiar: Jarle Flo

Article tema
Månadens rettleiar: Jarle Flo

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Jarle Flo frå Sogndal vidaregåande skule.

Bilde
Jarle Flo
Navn
Jarle Flo
Tittel
Rådgjevar/karriererettleiar
Sted
Sogndal, Vestland

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

Eg har jobba som rådgjevar i 15 år, 6 år på ungdomssteget og 9 år i vidaregåande opplæring.

2. Kva slags utdanning har du?

Eg har lærarutdanning med tilleggsutdanning innan samfunnsfag og IKT, og ein master i karriererettleiing ved Universitetet i Sørøst-Noreg.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

Eg likar best dynamikken som oppstår i ein rettleiingskontekst. Møtet med ungdom i utvikling og læring er inspirerande.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

Vi deler rådgjevingstenesta mellom sosialpedagogisk rettleiing og karriererettleiing. Sjølv om desse går mykje i kvarandre, prøver vi å fordele konkrete ansvarsområde.

Mitt ansvarsområde er å legge til rette for at oppdatert og korrekt informasjon om utdanningsvegar og arbeidsliv er tilgjengeleg for elevane, og å hjelpe til med å finne fram relevant informasjon.

Som rådgjevar har eg òg eit medansvar for å koordinere hospitering, studieorientering og open dag ved skulen. Den primære oppgåva er likevel karrieresamtalar, individuelt eller i gruppe, alt etter elevane sine ønske.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

Å utøve etisk medvit er noko eg fokuserer på. Det kan vere stor skilnad i elevane si modning, og det er spennande å leite seg fram til korleis ein kan få i gang viktige refleksjonsprosessar.

I tillegg blir samvitet mitt utfordra på om elevane får tilstrekkeleg tilgang til nødvendig rådgjeving, som dei har ein lovfesta rett til. Det å vere synleg og tilby ei teneste med låg terskel kan til tider vere ei utfordring, då rådgjevarfunksjonen medfører ein del administrative oppgåver og dokumentasjon.

6. Korleis jobbar du med fagleg utvikling innan karriererettleiing på arbeidsplassen din?

I min region har vi eit etablert fagnettverk, der vi møtest og drøftar ulike tema og problemstillingar. Vi har òg hatt årlege rådgjevarsamlingar i regi av fylkeskommunen.

Min arbeidsgjevar viser stor forståing for at fagleg påfyll og oppdatering er viktig, og det er uproblematisk å delta på kurs og konferansar, og ikkje minst legge til rette for vidareutdanning.

Så er vi så heldige at det på min arbeidsplass er ei etablert elevteneste, der vi stadig utvekslar og reflekterer rundt faglege og etiske utfordringar, og eigen praksis.

7. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

I møtet med elevar ser eg det som svært viktig å ha kunnskap om ulike teoriar med seg i ryggsekken. Det vil alltid vere ulike behov og utgangspunkt hos den enkelte eleven, der kunnskap om ulike karriereteoriar vil vere til hjelp og støtte for meg som rettleiar.

Eg støttar meg til blant andre Anders Lovén på dette området. Så vil det vere eit individuelt spørsmål korleis ein nyttar konkrete metodar som eit ledd i karrierelæringa. «Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing» har gitt oss nyttige bidrag til dette arbeidet.       

8. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

Akkurat no ved oppstarten av eit nytt skuleår, er det rettleiing og hjelp til byte av programfag på dei studieførebuande programområda som tek mest tid.

Bilde
Månedens veileder september