Næringsliv i skulen
Fleire aktørar arbeider målretta med korleis ein kan stimulere til betre samarbeid mellom skuler og bedrifter. NHO Ung er ei av desse organisasjonene. Gjennom Næringsliv i skulen (NIS) opprettar skular og bedrifter partnerskap. Målet er at elevar og studentar skal få større innsikt i næringslivet og at dei skal få eit betre grunnlag for yrkes- og utdanningsvalg.
Næringsliv i skulen har eit sentralt kontor, og dei har òg kontaktar over heile landet. Nokre døme på samarbeidsformer mellom skule og bedrift gjennom Næringsliv i skulen:
- Bedriftsrepresentantar som forelesarar
- Bedriftsbesøk
- Ordningar for utplassering, jobbskygging og hospitering
- Deltakelse på kurs i regi av samarbeidspartnar
- Bedriftsrepresentant som fast mentor for skulens elev-, ungdoms- og studentbedrift
Partnerskapsavtalene er som hovudregel treårige. Avtalane blir registrert på nettstaden til NHO ung. Dei skal vere signert av administrerande direktør i bedrifta og rektor på skulen.
Les meir om Næringsliv i skulen på nettstaden til NHO Ung
Ungt Entrepenørskap
Ungt Entrepenørskap (UE) er ein annan viktig aktør. Saman med næringslivet, utdanningssystemet og andre aktørar, jobbar dei for å utvikle kreativitet og skaparglede hos born og unge.
UE har 17 fylkesorganisasjonar. Dei tilbyr ulike program for barne- og ungdomsskulen, vidaregåande skule og høgare utdanning. Elevbedrift og ungdomsbedrift er kanskje dei mest kjente programma frå UE. Her er fleire døme på program som UE tilbyr:
- Vårt lokalsamfunn er retta mot 4. og 5. trinn. Ein rettleiar frå lokalt arbeids- og næringsliv kjem til skulen. Programmet viser elevane korleis lokalt arbeids- og næringsliv er viktig for deira kvardag.
- Gründercamp er utvikla for elevar i ungdomsskule og i videregåande skule. UE i dei enkelte fylka kan gi rettleiing og hjelp til organisering av gründercamp. Tidsbruk kan vere ein eller flere dager. Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling som dei skal presentere ei løysing på.
- Jenter og ledelse er eit program for kvinnelige daglege leiiarar/styreleiiarar i ungdomsbedrifter. Det rettar seg mot elevar på vidaregåande skule. Kurset går over 2-4 dagar med ei eller to samlingar. Målet er at kurset skal motivere jenter til å ta leiarroller og styreverv i arbeidslivet og få fleire jenter til å bli gründere.
- Studentbedrift er tilpassa høgare utdanning. Studentane får kompetanse til å etablere, drive og avvikle ei bedrift. Studentbedriften er knytta til ein rettleiar ved studiestaden . Ein mentor med erfaring frå arbeids- og næringslivet hjelper med rettleiing og innspel.
Les meir på Ungt Entrepenørskap sine nettsider.
Lektor2: Gjestelærarar frå arbeidslivet
Dette er eit prosjekt med formål å fremme realfaga på ungdomstrinnet i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.
Lektor2-ordninga inneber at fagpersonar frå arbeidslivet blir involverte direkte i undervisinga innan område der skulen/faglæraren ser dette som eit høve for å auke læringsutbyttet til elevane og deira interesse for faget.
Gjennom ein filmserie viser Lektor2 praktiske eksempel på undervising i skular som deltar i desse prosjekta. Fagpersonar frå lokalt arbeidsliv inngår direkte i undervisinga for å auke relevansen og vise praktisk nytteverdi til faget med utgangspunkt i læreplanen.
Det overordna målet er å gi auka læringsutbytte, auke motivasjonen til elevane og interesse for realfag, og rekruttere til realfaglege yrke.