Pandemien som forandra karriererettleiinga

Article tema
Pandemien som forandra karriererettleiinga

Under koronapandemien har vi erfart at karriererettleiing på video kan vere et fullgodt alternativ til fysiske møte.  

Frå og med den 12. mars 2020, vart arbeids- og dagleglivet i Noreg dramatisk endra. Det gjaldt òg for oss som karriererettleiarar. Alle fysiske møte vart utsett på ubestemt tid, og nærmast frå ein dag til den neste vart alle karriererettleiingssamtalane i Karriere Vestland virtuelle.

I tida som følgde føregjekk absolutt alle samtalar på video eller telefon. Det var mykje som skulle på plass både når det gjaldt å få teknologiske løysingar til å fungera optimalt, og  å bli ein trygg og profesjonell e-rettleiar i løpet av rimeleg kort tid.  

Denne artikkelen skildrar korleis det gjekk føre seg hos oss, og korleis det har påverka arbeidslivet i Noreg og verda meir generelt. Vi har no gått frå eit heilt lukka og nedstengd samfunn, til å langsamt opna opp grensene våre i sommar, til å måtte stenga delvis ned att no i haust på grunn av smitteauke. 

Dagen då alt endra seg  

Denne spesielle dagen har skapt sterke minne hos mange nordmenn. Det var den dagen det Noreg vi kjende forandra seg brått og dramatisk. Vi hugsar orda til statsministeren: «I dag kommer den norske regjeringen med de sterkeste og mest inngripende tiltakene vi har hatt i Norge i fredstid. Det er helt nødvendig.»  

Det var alvor, det var sjokkerande og fryktinngytande, og frå ein dag til ein anna hamna vi alle i eit ufrivillig arbeid-frå-heimen-eksperiment. Men det skjedde ikkje berre i litle Noreg, heile verda vart råka. Millionar av menneske verda over har opplevd det same.

Kva har det gjort med oss? Kva har det gjort med arbeidslivet og samfunnet vårt? Det er liten tvil om at denne pandemien vil føra med seg endringar både i arbeidsliv og kvardagsliv i lang tid framover.  

Tid for Teams, Zoom og heimekontor 

Den teknologiske utviklinga har gjort det mogleg for stadig fleire i Noreg å jobba digitalt, det vil seie på heimekontor eller frå andre stader enn bedrifta sine lokale. 

Det gjer det mogleg for deg som arbeidstakar å oppfylla dei overordna krava som arbeidskontrakten din krev, samstundes som du, innanfor ei viss ramme, har fridom til å bestemme når og kvar du jobbar. 

Lukkelegare og meir produktive arbeidstakarar? 

Fafo publiserte i 2018 ein rapport om fleksibel arbeidstid. Nergaard et al (2018, s 22) skriv: «Det sentrale spørsmålet er om bedrifter kan bidra til lykkeligere og mer produktive arbeidstakere ved å gi dem større innflytelse over arbeidets plassering i tid og/eller rom.» 

Det er inga løyndom at folk verdset valfridom i høve til kvar og korleis dei skal jobba. Med utgangspunkt i rapportar som «State of Remote Work» frå USA (2020), får ein fram erfaringar som kan vera direkte relevante for det norske arbeidslivet. Dei slår fast at heile 98 prosent av arbeidstakarane gjerne vil at det skal vera mogleg å fortsetja med heimekontor òg etter at koronapandemien har lagt seg.  

Kva er det så vi likar så godt med denne måten å jobba på? Ein av dei største fordelane ser ut til å handla om fleksibilitet, og at det er mogleg å jobba frå kvar som helst utan at det er naudsynt å til dømes pendla. 

Illustrasjon.
Kva folk liker med å jobba på heimekontor. Illustrasjon frå visualcapitalist.com.

Sjølvsagt er det ikkje berre positivt å jobba heimanfrå, og illustrasjonen under viser nokre av utfordringane ein kan møta på: 

Illustrasjon.
Nokon av utfordringane ein kan møta på når ein sit på heimekontor. Illustrasjon frå visualcapitalist.com.

Kommunikasjon, samarbeid og einsemd er fortsett dei største utfordringane med heimekontor. Eit anna problem er det å «kopla seg av» frå jobben. Utan den tydelege endringa av lokasjon og definerte kontortider, er det tøffare å definera eit klart og tydeleg skilje mellom fritid og arbeidstid.  

Digital karriererettleiing 

Eg har mi lengste arbeidsbakgrunn frå «IKT i læring»-miljøet på Høgskulen på Vestlandet, og har sidan 1998 vore vant til å ha hovudvekta av undervisninga og rettleiinga mi i ulike digitale format, både synkrone og asynkrone. Med desse måtane å jobba på var det naturleg for meg å ta med meg inn i karriererettleiingsfeltet.

Eg har sidan starten (januar 2015) nytta videorettleiing når det har vore behov for det på grunn av til dømes geografiske eller tidsmessige hindringar, eller vegsøkjarar har ytra ynskje om det. Eg var i byrjinga spent på om mangelen på fysisk kontakt, lite kroppsspråk og ein annan form for kommunikasjon ville påverka kvaliteten på rettleiinga negativt.

Eg var òg spent på om teknologien ville svikta oss for ofte, eller om vegsøkjarane ville få problem med å nytta videoløysinga vår, men det har heldigvis ikkje skjedd. Karriererettleiing på video har faktisk heilt fram til no fungert heilt supert. Og vegsøkjarane har gitt tilbakemelding på at tilbodet har vore eit fullgodt alternativ for dei. 

Eg har eit eige videorom, og kan via e-post senda vegsøkjar ei lenkje til rommet mitt. Med eit klikk kan han eller ho då vera på plass. Dette krev sjølvsagt kamera og mikrofon, noko som er standardutstyr på dei fleste pc-ar og nettbrett i dag. Chrome som nettlesar fungerte best, og med headset betre enn utan.

Det var og ein føresetnad at vi fekk ha samtalen vår nokolunde uforstyrra. Vegsøkjarar på fjelltur, stranda, eller heime med ungar som stadig avbraut samtalen er ikkje optimalt.

For å få ein god flyt i rettleiinga, er det viktig at eg førebur meg godt. Det handlar om å finna fram og opne opp alle aktuelle filer, lenkjer og vindauga i god tid før samtalen, slik at skifte i kva eg deler med vegsøkjar på skjerm går raskast mogleg. 

Illustrasjon.
Skjermdump fra videorommet mitt. Her har eg delt eit notat på skjermen som eg fyller ut i sanntid saman med vegsøkjar. Det skjer i samtale ein.  

Sidan vi i Karriere Vestland har utvikla eit prosessorientert rammeverk for karriererettleiinga vår (avhengig av bestilling), har eg laga meg nokre skjemamalar i MS Word som eg brukar til samtale ein og tre. Desse nyttar eg som kompensasjon for at eg ikkje har tavla mi tilgjengeleg til å teikna på i samtalen. 

Skjemamal til samtalen.
Dette skjemaet vert fylt ut saman med vegsøkjar i samtale tre. 

Samtale to handlar mest om vip24, og vanlegvis delar eg då skjermen min, slik at vegsøkjar og eg kan sjå på resultatet av kartlegginga saman. 

Kartlegging i vip24.
Her ser du kartlegging i vip24. Det er mogleg å gå inn på dei ulike delane for meir info. 

Både skjema og illustrasjonar relatert til den digitale karriererettleiinga, har vore og er under stadig utvikling. Det gjeld òg ulike måtar å presentera resultatet av vip24 til vegsøkjar på. Dette må tilpassast mellom anna den einskilde sine interesser, preferansar, narrativ og konsentrasjonsevne.  

Eg har som karriererettleiar opplevd å ha det like travelt som vanleg under heile perioden sidan 12. mars 2020, og det er først no i haust at det har vorte litt rolegare (noko som òg er normalt elles). Eg opplevde berre at eit fåtal av vegsøkjarane mine ville venta med å ha samtalar til dei kunne koma til oss fysisk (3 personarer – alle under 25 år).

Det verkar på meg som om òg vegsøkjarane gradvis har blitt meir og meir vande med å nytta video til ulike typar møte både på jobb, og i kontakt med vener og familie elles.  

Konklusjonen min etter eit halvt år utan fysiske samtalar, er at karriererettleiing på video har vore eit tilnærma fullgodt alternativ til fysiske møte. I dei få tilfella der teknologien har svikta av ulike årsaker, anten hos meg eller vegsøkjar, har vi alltid klart å løysa det med ein telefonsamtale.

Men som ekstrovert og menneskeglad rettleiar har eg sakna både dei fysiske møta og det å ha kollegaen min på kontoret ved sida av meg, og eta lunsj saman med dei andre i kontorfellesskapet på jobben.

Vi i Karriere Vestland har kompensert litt for mangelen på kontakt ved å innføra frivillige morgonkaffimøter for alle karriererettleiarane. Sidan vi til vanleg sit ganske spreidd, har dette vorte ein kjærkomen måte å vera litt saman med kvarandre på, og desse daglege morgonmøta har blitt vidareført til å bli ei fast ordning hos oss.

Konsekvensar av koronapandemien 

Bedrifter som vel å ikkje omfamna konseptet heimekontor, kan i framtida risikera å stå att med «svarteper» når dei skal rekruttera nye tilsette. Nesten to tredjedelar av potensielle arbeidskandidatar seier at fleksible løysingar med omsyn til arbeidsstad og tid, står heilt sentralt ved val av arbeidsgjevar.

Illustrasjon.
Fleksible løysingar står sentralt ved val av arbeidsgjevar. Illustrasjon frå visualcapitalist.com.

Koronapandemien har verkeleg fått fram verdien av fleksibilitet på arbeidsplassen - spesielt for arbeidstakarar med born. Heile 86 prosent av foreldre ynskjer no å jobba fleksibelt, mot 46 prosent før pandemien starta. Det er nesten ei fordobling, og verd å merkja seg. 
 
Når økonomien no sakte byrjar å stabilisera seg att, står det igjen å sjå om koronapandemien akselererte uunngåelege trendar i arbeidslivskulturen eller ikkje. I så fall kan det å ha Zoom-møte i joggebuksa verta det nye normalen for millionar av arbeidstakarar verda over.

I ei undersøking gjennomført av YouGov for forsikringsselskapet If, der 1010 personar over 18 år deltok, svara 31 prosent at dei meinte «(…) det held med joggebukse og t-skjorte eller liknande», mens berre 23 prosent svarte at dei kler seg i vanleg arbeidsantrekk. 

Vegen vidare 

For mange kom nok heimekontoret ganske brått på, og vi røska berre med oss det vi tenkte var viktigast frå kontoret, og satsa på at dette var ein mellombels tilstand som ikkje ville vara så lenge.  

Tilhøva heime er heilt klart ikkje optimale når ein skal oppretthalda profesjonelle samtalar og fullføra karriererettleiing på video med urolege ungar, kattar og hundar i bakgrunnen. Vi karriererettleiarar er òg ein miks av menneske i svært ulike livsfasar. Mange av oss har vorte meistrar i å tilpassa oss og strekkja grensene våre. Vi skjøna jo alle alvoret i situasjonen, og kvifor vi måtte gjera dette, og ord som «dugnad» og at «vi gjer det saman fordi vi vil kvarandre vel» har vore hovudfokus.  

Dessutan vona og trudde vi dette var mellombels, men heilt sånn vart det jo ikkje. Eg sit framleis delvis på heimekontor, men skal (truleg!) byrja med fysiske samtalar att i løpet av denne eller neste månad. 
 
Det nederlandske firmaet Cushman & Wakefield jobbar med å utvikla den nye normen for kontorlandskap. Dei kallar konseptet «The six feet office». Du kan ta ein nærare kikk på kva du kan forventa av endringar på arbeidsplassen etter koronapandemien. 

Kjelder 

Ellen Sheng (2020). How your company office could change in the post-coronavirus era. Artikkel CNBC (04:2020). 

IF magasinet; Joggebukse er blitt den nye jobbebuksa

Nergaard, Kristine et al. (2018); Fleksibel arbeidstid. En analyse av ordninger i norsk arbeidsliv. Fafo-rapport 2018:15.

 Routley, Nick  (2020); How People and Companies Feel About Working Remotely. Artikkel Visual Capitalist (06:2020).

State of remote work (2020), Newsletter. 

Bilde
To personer har videomøte.
Bildetekst
Foto: Colourbox