Nytt samarbeid om fagopplæring i Møre og Romsdal

Article tema
Nytt samarbeid om fagopplæring i Møre og Romsdal

Kvar på sin kant jobba NAV og fylkeskommunen med personar som befann seg utanfor arbeidsmarknaden. No har dei starta eit samarbeidsprosjekt om fagopplæring, der vaksne elevar blir følgde opp tett av faglærarar og jobbspesialistar.

-Prosjektet handlar om å utvikle ein modell som gjer at vi klarer å få fleire kvalifiserte i jobb, seier Inger Lise Trønningsdal, koordinator vidaregåande opplæring for vaksne i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Målgruppa for fagopplæringsmodellen er vaksne deltakarar i NAV-systemet som ønskjer og er motivert for å ta fagutdanning. Opplegget er fireårig, med to år i skule kombinert med arbeidspraksis i bedrift og to års læretid. Fire nye jobbspesialiststillingar og ekstra faglærar- og norsklærarressursar har gjort satsinga mogleg.

Fire klasser

Det er sett i gang fire klasser ved desse vidaregåande skulene: Herøy (helsearbeidarfaget), Borgund (fellesfag), Romsdal (teknologi- og industrifag) og Kristiansund (salg, service og reiseliv).

Hovudtanken med prosjektet er å bygge opp eit støtteapparat rundt elevane og følgje dei opp tett, både på skulen og når dei er i praksis ute i bedriftene, ifølgje Liv Randi Schønning, prosjektleiar og opplæringskoordinator for Romsdal i NAV Møre og Romsdal. Fire jobbspesialistar i NAV skal følgje opp kvar si klasse, der kvar elev får individuell oppfølging. Det at ein jobbspesialist følgjer opp ei klasse, er ein ny arbeidsmåte for jobbspesialistane innanfor NAV, fortel ho.

Bilde
Bilete av Liv Randi Schønning i NAV Møre og Romsdal
Liv Randi Schønning er ein av fire opplæringskoordinatorar i NAV Møre og Romsdal. Ho har for øvrig fersk mastergrad i karriererettleiing.

-Saman med faglærar og arbeidsgivar skal jobbspesialisten oppdage og formidle «læreplanhol», og bistå med at det blir rigga eit opplegg for å tette desse hola. Gjennom metodikken Supported Employment har jobbspesialisten kunnskapar om å jobbe spesifikt med karrierelæring og utvikling av karrierekompetansar saman med deltakarane. Ein slik arbeidsprosess er derfor med og styrkar moglegheitene til den einskilde deltakaren når det gjeld å skaffe seg jobb og stå i jobben over tid.

Tette hol mellom systema

Inger Lise Trønningsdal påpeikar at det òg handlar om å tette hol mellom dei to ulike systema NAV og skule. 

-Vi opplevde at vi i fylkeskommunen og NAV «skubba» dei litt mellom oss. Anten var dei arbeidssøkjarar eller så var dei i opplæring.

Bilde
Bilete av Inger Lise Trønningsdal i Møre og Romsdal fylkeskommune
Inger Lise Trønningsdal i Møre og Romsdal fylkeskommune har samarbeida med NAV i fylket om å utvikle fagopplæringsmodellen.

Ho fortel at den første spira til fagopplæringsmodellen blei sådd da Møre og Romsdal fylkeskommune for nokre år sidan tok del i eit ERASMUS-prosjekt saman med Portugal og Estland. Fylkeskommunen inviterte NAV Møre og Romsdal med på ein studietur til desse landa. Seinare blei fylkeskommunen med NAV for å studere ein norsk modell, Gloppen-modellen.

-Vi hadde nokre felles målgrupper som vi skulle samarbeide om, og da trong vi å bli litt kjende med kvarandre og med dei verkemidla som fanst, og rett og slett starte eit samarbeid.

Bedriftene trong støtte

NAV og fylkeskommunen starta først eit pilotprosjekt på Søre Sunnmøre og brukte erfaringane derfrå da dei etablerte det nye fylkesprosjektet. Dei så mellom anna at oppfølginga elevane fekk i praksis ute i bedriftene var litt tilfeldig. Inger Lise Trønningsdal meiner det kan henge saman med arbeidspresset i bedriftene, som i dette tilfellet var helseinstitusjonar.

-Det vi opphavleg tenkte, var at bedriftene fekk nokre ekstra hender, og at eleven kunne overta dei praktiske oppgåvene medan rettleiaren kunne observere og gi tilbakemeldingar. Men eg trur ikkje at det vart opplevd heilt slik. Det å skulle ha rettleiaransvar i tillegg vart på ein måte litt plunder og heft i ein travel kvardag, seier ho og legg til:

-Så eg tenkjer at det er to nøkkelfaktorar her. Den eine er tett oppfølging, og den andre er at det kjem folk utanfrå inn i bedrifta og støttar opp.

Bilen er «kontoret»

Og nettopp her er det jobbspesialisten kjem inn i bildet. Lisbeth Mehl er tilsett i NAV Hareid, Ulstein, Sande. Som ein av jobbspesialistane i prosjektet følgjer ho opp deltakarane i helsefagarbeidarklassa ved Herøy vidaregåande skule. Kvardagen hennar handlar mykje om å vere «på hjul», fortel ho, der ho køyrer mellom dei forskjellige skulene og praksisbedriftene. Ho ser stor verdi at ho følgjer opp elevane tett.

-Ute i bedriftene handlar det om å finne ut korleis det går, om det er noko dei synest er vanskeleg og om det i så fall er noko som kan gjerast for at det skal gå lettare for dei. Da kan det òg dukke opp andre spørsmål, til dømes om økonomi. Det er jo ikkje mitt ansvar, men da kan eg ta kontakt med rettleiaren deira i NAV og formidle at «her treng vedkommande ein prat». Så vi får til eit mykje betre samarbeid på denne måten, som er til beste for den einskilde.

Viktig å skape tillit

Den tette oppfølginga gjer det òg lettare å fange opp til dømes språkvanskar, slik at ein kan setje inn passande tiltak for dette, understrekar ho.

Lisbeth Mehl samarbeider mykje med Ressurssenteret og lærarar ved Herøy vidaregåande skule om faglege spørsmål. Dei kan ho kople på viss ho ser at ein elev har behov for det. For at heile samarbeidet med alle dei involverte skal fungere, er det svært viktig å skape tillit, ikkje minst hos elevane, understrekar ho. 

-Eg skal vere der som eit ekstra «støttehjul», viss dei treng meg. Jo meir openheit det er, jo lettare er det å finne løysingar. Og for at dei skal kunne opne opp viss noko er vanskeleg, så er det naudsynt med tillit.

-Vi ser at relasjonen deltakaren får til jobbspesialisten blir berande for samarbeidet og sentralt for framgangen, tilføyer Liv Randi Schønning. 

-Det har òg vore det som gjer at nokre av deltakarane har klart å stå i løpet, framfor å bryte av som dei kanskje ville ha gjort tidlegare.

Satsing på utdanning

Liv Randi Schønning er ein av fire opplæringskoordinatorar i NAV Møre og Romsdal. Dei fire stillingane vart oppretta i 2021 og er uttrykk for ei større satsing på utdanning i NAV, forklarar ho.

-For det første skal vi vere ein fagressurs for rettleiarar, hjelpe til med mellom anna regelverksavklaringar og vere litt navigatørar i utdanningssystemet. Det andre handlar om å samhandle med fylkeskommunen og få til eit smidigare samarbeid enn vi har hatt tidlegare. For det tredje handlar det om å opprette og utvikle nye tilbod. Vi har eit særleg fokus på fag- og yrkesopplæring.

Felles samlingar

NAV og fylkeskommunen har to felles samlingar i året, legg ho til.

-Det har vore heilt essensielt for å komme i gang og få til samarbeidet. For det er noko med det å skape relasjonar og skape tillit oss i mellom til at vi både kan ta kontakt og sette i gang ting. Få til ting saman. 

Inger Lise Trønningsdal betonar at det har kome tydelege signal frå nasjonalt hald om samarbeid om kvalifisering mellom NAV og fylkeskommunane.

-Vi har fått til eit veldig bra samarbeid med NAV lokalt, eit samarbeid som har vorte bygt opp over tid. Eg føler òg at regelverket i NAV har blitt meir tilpassa - at det er meir opning for at dei kan gå inn og vere med på kvalifiseringsløp.

Bilde
Bilete av jobbspesialist Lisbeth Mehl og kolleger i bilen
Bildetekst
Lisbeth Mehl (til venstre) er ein av jobbspesialistane i NAV som følgjer opp ei heil vidaregåande-klasse. Dette biletet er tatt i ein annen samanheng, der vi òg ser Therese Sundal, NAV-kollega Iselin Eliassen Aske og føredragshaldaren Aiman Shaqura.

Fagopplæringsmodellen i Møre og Romsdal

  • Bygger på eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og NAV Møre og Romsdal. 
  • Retter seg mot NAV sine deltakarar i fylket, 19 år og eldre, som ønsker og er motivert for fagopplæring. 
  • Består av desse tiltaka: styrking av norskopplæring hos deltakarar som har behov for det, frikjøp av faglærarar og ein jobbspesialist som følgjer opp deltakarane og fungerer som ei kopling mellom skule, praksisstad (bedrift) og NAV. 

Samarbeid på nasjonalt nivå

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet (AV-dir), Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) og Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) samarbeider om å utvikle effektive og gode utdannings- og opplæringstenester for ledige og utsette grupper på arbeidsmarknaden. 
  • Formålet er å styrke det samla tenestetilbodet slik at fleire som står utanfor ordinært arbeid klarer å fullføre fag- og yrkesopplæring.
  • Prosjektet blir finansiert gjennom Forsøk med midler til tilrettelagt fag- og yrkesopplæring.
  • Per mai 2024 er 27 prosjekt med i forsøket på landsbasis.