Narrativ rettleiing – om litteratur i karriererettleiinga

Article tema
Narrativ rettleiing – om litteratur i karriererettleiinga

Kan litterære referansar gi auka innsikt for vegsøkjar? Karriererettleier Trond Lygre tipsar vegsøkarar om ulike bøker i karriererettleiingssamtalen når det høver seg.

Som karriererettleiarar møter vi menneskje som kanskje ikkje heilt ser på seg sjølve som vinnarar. Når dei i vår samtale skal bli spegla, så er min erfaring at det mellom anna er i litteraturen dei kan bli bekrefta og støtta i strid, grubling og leitinga etter nye vegar. Og det er jo karrierelæring som skal vere vårt formål, og der er støtte heilt sentralt.    

I karriererettleiing har fokuset vore mykje på at vegsøkjar skal kunne fortelje si livshistorie, då ho er ei ramme for korleis forstå kva som har skjedd og kva som kan skje. Av og til viser det seg at du som rettleiar er den einaste vegsøkjar har fortald historia si til. Historia kan for vegsøkjar då lett stå åleine, og det å kunne kople ho til andre liknande historier, og ikkje minst finna resonansbotn igjennom dette, kan vere fruktbart og støttande.

Yrkje i forteljingar

Det finst ikkje veldig mange referansar til spesifikke jobbar i norsk skjønnlitteratur.Likevel – i Bibelen, Koranen og andre religiøse sentrale verk finns mange skildringar med bonden, fiskaren og tømraren – om ikkje inngåande kvadei jobba med. I norsk litteratur har Hans Geelmuyden skrive boka Kontoret og i einskilde songtekstar finst nemnd nokre yrke; If I were a Carpenter av Tim Hardin, i Wichita Linemanav Glen Campbell eller visen Jackaroe av Joan Baez.

I boken Hva nå lille mann skrevet av Hans Fallada er det også eit butikk- og handelsliv som blir skildra. Hos sosialrealistiske forteljarar som Emil Zola, Charles Dickens, Amalie Skram og Johan Falkberget er gruvelivet, handel, tusk og torgliv blant scenene. I lyrikken til Hans Børli treff me tømmerhoggaren og i den store forteljinga Dansen gjennom skuggjeheimen av Kristofer Uppdal er det rallaren sitt liv som blir skildra.

Gjennom slike døme kan ein få til gjenkjenning og identifisering og slik bidra til auka motivasjon og inspirasjon. Gjennom å bruke litteratur bevisst speglar vi på sett og vis liv som liknar vegsøkjaranes liv og kan med det bidra til at det byrjar å gro noko nytt hos dei, at det er ein veg ut og fram.

Om dette temaet kan det seiast at yrkje sjeldan blir handsama ekstensivt, det vil si inngåande, men er meir  ein ytre del av og ei ramme rundt forteljinga.

Litteratur i samtalen

Eg bruker óg litteratur direkte i rettleiingssamtalen. Boka Stille. Introvert styrke i en verden som aldri slutter å snakke av Susan Cain er ei. Ein av vegsøkjarane fortalde om sitt liv i grunnskulen der ho svært ofte sat åleine i skulegarden med ei bok. Då ho las Stille, sa ho at ho byrja å gråte – slik opplevde ho å bli treft og sett.

Vidare har eg for ein vegsøkjar spela av Gunvor Hofmo si radioinnspeling av eigne dikt Fra en annenvirkelighet. Hofmo si røyst har trollbunde fleire enn ein vegsøkjar og var noko eg nytta blant anna i ein time kor vegsøkjar sjølv las høgt eigne dikt. 

Johan Borgen sine noveller er for meg ein skatt og veg inn til mennesket, til liks med Kjell Askildsen som ein annan av dei store novellistane i Noreg. Eg har også lyst til å nemne to amerikanske novellistar: Flanery O’Connor og Alice Munro.

Novella som sjanger er ofte meir poengtert enn romanen og dessutan oftast kortare. For dei med faglege orienteringar nemner eg stundom Klok på følelser av Stiegler/Sinding/Greenberg, Analytisk psykologi av Carl G. Jung og Den gode samtalen av Helge Svare.  

Den lille perla Å være der du er av Bent Falk nemner eg særskild til dei som seier at dei til dømes ikkje kan jobba som rettleiar fordi dei er så dårlege til å gi gode råd. Då siterer eg Falk sine råd til ein rettleiar: «Ver Doven, Dum og Deg», det vil si ikkje styr for mykje med å vere rådgjevar, lytt mykje og by på deg sjølv.

Sjølvsagd har eg nokre favorittar som eg nemner der det tydeleg er passande:  Ringdrotten av  J.R.R. Tolkien inkludert Hobbitten og ikkje minst Harry Potter-bøkene idet alle desse for meg handlar om rehabilitering, og på eit vis å vende att frå eit slags utanforskap. I det heile oppfattar eg at særleg sjangeren fantasy er omfatta av skildringar av det å oppleve seg sjølv som annleis.

Ei særskild bok om sjukdom og vekst er Arnhild Lauvengs I morgen var jeg en løve.Alle desse fantasybøkene og Lauveng si bok nyttar eg til stimulans for dei som kjenner seg som ein del av i utanforskapet – med mi vekt på formuleringa; «Aldri so gale at det ikkje er godt for noko». Dette kjenner eg at vegsøkjarar stundom kan ta til seg.

Forfattarar og gjenkjenning globalt

Når eg treff vegsøkjarar med innvandrarbakgrunn opplever eg at det av og til  kan vere ein føremon å ha lese litteratur frå deira kultur, men der vil norske lesarar ofte møte motbør i eiga manglande framandspråk-kompetanse og få norske gjendiktingar.

Eitt tips her er å gå til danske og svenske omsetjingar, då dei i større grad omset utanlandsk litteratur enn det vi gjer i Noreg. Eit anna alternativ er å lese skjønnlitteratur på norsk, skrive av våre nye

Her vil eg også nemne ei kjelde til det krysskulturelle biletet; Mustafa Can si soge om hans eiga mor i boka Tett inntil dagene.Det siste tilskotet på det feltet, er Gul bok av Zeshan Shakar.

Film-referansar i samtalen

Det hender seg at eg nyttar filmreferansar i samtalene mine også film som har treft meg kopla til karriererettleiing og val er Billy Elliotom ein ballett-dansande gut i eit engelsk gruvesamfunn, som også handlar om personlege interassar og verdiar.  Ein annan er Shine, som handlar om ei talentfull pianist som blir psykisk sjuk og som gjennom sin strid vendar attende til kunsten.

Å nytte filmreferansar for vegsøkjarane kan vere ei krevjande øving. Filmar er ofte sterke dramatiseringar utan naudsynte refleksjonar og avstand til det som blir skildra

Kjerna i karriererettleiing

I dei nemnde verka frå fantasy er det ikkje mykje omtale av jobbar, bortsett frå lærarar, speidarar, krigarar, gartnarar og trollmenn. Desse verka kjenner eg som viktige sjølv om dei ikkje omhandlar eit breitt utval av jobbar som kan brukas som eksemplar i karriererettleiing. 

For meg handlar desse meir om deg som menneskje enn deg som utøvar av eit yrkje i smal forstand. Eg trur mange kan få ei oppleving ved å lese desse bøkene av at dei som personar med deira lagnad absolutt ikkje er åleine i verda.

Samstundes er heile samtalen mellom rettleiar og vegsøkjar ei forteljing blant mange, og soleis kan ovannemnde forteljingar kanskje inspirera våre vegsøkjarar til sterkare fokus på si eiga forteljing – kva vel eg ut, kva betyr noko for meg, korleis kan eg auka fokus på mine eigne kreftar, korleis kan eg bli dratt av garde inn i framtida, inn i mi eiga framtid – av meg sjølv?

Forteljinga si plass i didaktikken

Til alle tider og i alle samfunn har forteljinga – mest den munnlege – hatt stor plass. Dette gjaldt før historier blei skrivne ned og gjeld sjølvsagt også no. Dei bøkene som først blei handskrivne og sidan trykte, var i byrjinga dei viktigaste bøkene og dei som hadde klare didaktiske føremål, til dømes Bibelen, Koranen og andre religiøse hovudverk.

Den gang då leseevne ikkje var særleg utbreidd, blei det  for å nå det breie lag av folket  laga lettare innføringar i sed og skikk så som Den Lille katekismen, Huspostillen og, for ikkje å gløyme, Salmeboka. I dag har media og maktpersonar i samfunnet meir direkte tatt over forteljinga – også då med føremålet å skape eit bilete som skal modellera, det vil si at slik skal du opptre og vere

Om eg bring referansar til litteratur inn i karriererettleiingssamtala eller ikkje, avhenger av vegsøkjar. Eg freistar alltid å ta i augesyn den vegsøkjar eg har framfor meg, og ovannemnde er ikkje ei standard liste. Eg ynskjer å vera varsam med det meste eg syner til – i tråd med dei beste intensjonane i rettleiingsfaget.

Rettleiing er for meg ikkje berre ein dans med to partnarar, men også eit samspel der dei to instrumenta absolutt må vere samstemde, men i alle fall slik at vegsøkjaren då får spele sin solo.

Litteratur

Cain,Susan (2014): Stille. Introvert styrke i en verden som aldri slutter å snakke. Pax.

Can, Mustafa (2009): Tett inntil dagene – fortellingen om min mor. Cappelen Damm

Falk,Bent (1999): Å være der du er – samtale med kriserammete. Fagbokforlaget.

Fallada, Hans (1932): Hva nå lille mann. Dinamo forlag

Geelmuyden, Hans (1942): Kontoret. Aschehoug  

Hofmo, Gunvor (1948): Fra en annen virkelighet

Carl G. Jung (1992): Analytisk psykologi. Cappelen Fakta.

Lauveng, Arnhild (2014): I morgen var jeg en løve. Cappelen Damm

Shakar,Zeshan (2020): Gul bok. Gyldendal.

Stiegler, Jan Reidar; Sinding, Aksel Inge; Greenberg, Leslie (2018): Klok på følelser. Det følelsene prøver å fortelle deg. Gyldendal.

Svare,Helge (2008): Den gode samtalen. Kunsten å skape dialog. Pax.

Tolkien, J.R.R. (2006): Ringdrotten. Tiden Norsk Forlag.

Tolkien, J.R.R. (2008):Hobbitten. Tiden Norsk Forlag.

Uppdal, Kristofer (1921): Dansen gjennom skuggjeheimen. Aschehoug

Bilde
Bunker med bøker.
Bildetekst
Foto: Colourbox