Korleis byggja framtidstru i ei uroleg tid?

Article tema
Korleis byggja framtidstru i ei uroleg tid?

Vi lever i ei tid prega av store omveltingar. For mange vegsøkjarar kjennest framtida ikkje som eit landskap av moglegheiter, men som ei kjelde til stadig uro. Korleis kan vi som karriererettleiarar hjelpa menneske med å navigera i dette vanskelege landskapet?

Tradisjonelt har karriereplanlegging vore både føreseieleg og handla om struktur. I dag er dette biletet snudd på hovudet. Vegsøkjarar anno 2026 opplever ei verd i konstant endring, noko som og speglar seg i statistikken. I NHO si Ung-undersøking 2024 (aldersgruppe 15–29 år) kjem det fram at bekymringa har auka sidan 2020 på fleire område. Det som uroar dei unge mest, er auka prisar, krig og klimakrise. Det er stadig fleire som er bekymra for at deira generasjon skal få det dårlegare enn førre generasjon. Det er òg lite tillit til at verda sine leiarar vil klara å løysa samfunnsutfordringane vi står ovanfor (6 av 10 har liten eller inga tillit). Viktigast for eit godt liv er trygg økonomi, ein jobb ein kan trivast i og å få jobba med noko som interesserer. I tillegg verdset dei spurde godt sosialt miljø og høgast mogleg løn.

Som karriererettleiar møter vi ikkje lenger berre spørsmål om utdanning og jobb, men djup eksistensiell uro. For å møta desse vegsøkjarane på ein god måte må vi forstå dei kreftene som formar samtida vår.

Flytande modernitet 

Sosiologen Zygmont Bauman skildra eit samfunn som har bevegd seg frå fast til flytande. Der ein før planla eit lineært livsløp med utdanning, fast jobb og pensjon, er dagens arbeidsliv prega av prosjekt, stadige omstillingar og krav om livslang læring. Overgangen er ein epoke prega av konstant endring, mykje usikkerheit og mangel på faste rammer. Individet står fritt, men er òg åleine ansvarleg for å skapa sin eigen identitet, karriere og relasjonar i eit ustabilt og flytande fellesskap.

I eit slikt samfunn er vi frigjorde frå tradisjonelle forpliktingar, men denne fridomen er eit tviegga sverd. Fridomen til å velja skapar paradoksalt nok handlingslamming. Når «alt» er mogleg, vert kvart einaste val ladd med frykt for å velja feil. Individet må sjølv bera ansvaret for eigne val – og påfølgjande suksess eller fiasko. Bauman snakkar òg om at eit flytande samfunn òg fører med seg ein flytande og meir flyktig identitet. Når jobben ikkje lenger er eit stabilt anker, må vi konstruera identiteten vår på nytt, gong på gong. Dette er utmattande for mange.

Vi lever òg i eit forbrukarsamfunn der både relasjonar, jobbar og identitet blir gjenstand for forbruk. Dei skal vera lette å byta ut når dei ikkje lenger gjev umiddelbar tilfredsstilling. Det skapar i følgje Bauman eit «ikkje-forpliktande» samfunn. Alt dette bidreg til både ambivalens og frykt: frykt for å gå glipp av noko eller for å bli forplikta av noko. Når gamle strukturar forsvinn, oppstår ei kjensle av konstant angst og flytande, uklåre sosiale relasjonar.

Teorien til Bauman er med på å forklara kvifor det moderne mennesket ofte kjenner seg så rotlaust og usikkert, trass den eineståande individuelle fridomen.

Eit digitalisert samfunn

Det er ikkje berre samfunnet som er i endring, dei sosiale strukturane våre endrar seg òg. Robert Putnam åtvara mot forvitring av «sosial kapital». I eit Noreg som siktar mot å bli verdas mest digitaliserte land innan 2030, er det mange konsekvensar han åtvarar mot.

Skjermbruk er korrelert med auka einsemd og angst. Sjølv om ein har mange «vener» på sosiale media (SOME), opplever mange at dei ikkje har nokon å snakka med om bekymringane sine. Algoritmane på SOME skapar ekkokammer som svekkjer tilliten mellom menneske. Tidlegare var til dømes utanforskap eit systemansvar, no vert det ofte tolka som personleg svikt. Det heiter til dømes ikkje lenger «arbeidsledig», men «arbeidssøkjar», noko som plasserer heile ansvaret for å lukkast på individet sine eigne skuldre.

For å illustrera korleis ein kan bruka forståinga av desse teoriane og nokre strategiar/ grep for å møte vegsøkjarar med mykje uro og bekymring, vel eg å introdusera to konstruerte case basert på reelle vegsøkjarar, men anonymisert.

"Marte"  (35 år) er sjukepleiar. Ho kjem til rettleiing etter å ha vore sjukemeld i over eitt år, og ho har etter siste samtale med legen sin fått beskjed om at ho ikkje har helse til å gå tilbake til jobben sin som sjukepleiar, med mange tunge løft og turnusarbeid. Ho har to ungar på 8 og 6 år, og ein mann som har dagjobb. Ho opplever at ho har ei identitetskrise med tanke på å ikkje vera sjukepleiar lenger. Ho tek lett til tårene og beskriv seg sjølv som kraftig nedstemd og veldig bekymra for framtida, og fortel at ho kjem til å sakna dei gode kollegane sine gjennom mange år.

"Trygve" (19 år) er elev i vidaregåeande skule. Han kjem til rettleiing det siste året på vidaregåande. Han går på idrettslinja, og er veldig usikker på kva han skal velja av høgare utdanning til hausten. Han har gode karakterar, og kan eigentleg velja på øvste hylle, men kva hjelper vel det når han ikkje har peiling på kva han eigentleg vil?

Tips og anbefalingar

Etter å ha delteke på den nasjonale karriererettleiingskonferansen i 2025, vart eg spesielt inspirert av Lab 4 knytt til uro og framtidstru. Det er òg bakgrunnen for at eg valte å skriva denne artikkelen. 

Der vart vi presenterte for fem gode teknikkar for å møta uro og manglande framtidstru. Desse fem var:

  • Å skilja mellom bekymringar ein kan gjera noko med – og dei ein ikkje kan gjera noko med 
  • Å utsetja bekymring – å prøva å setja av ei fast tid på dagen til bekymring
  • Pusteteknikkar og mindfulnessøvingar 
  • Støttande indre dialog – «Kva ville du sagt til ein ven?» 
  • Å gjera små handlingar – som kan utgjera eit stort skritt i rett retning

I tillegg har eg seks eigne tips for å styrkja vegsøkjaren si tilpassingsevne (eng: resilience) mot påverknadane frå den flytande moderniteten vi lever i. 

Å normalisera tvil og bekymring

Som rettleiarar for Trygve kan det vera hjelpsamt å gi rom for tvilen og det uføreseielege. Gelatt kalla det «positive uncertainty». Legg vi til Krumboltz og «planlagd tilfeldigheit» kan vegsøkjar opna augo for nytten av å vera open for uføresette moglegheiter. Vi kan òg baka inn litt fakta i høve til feilval frå SSB, som gjer det meir ufarleg. Kvar fjerde student fell anten frå eller byter utdanningi løpet av sitt første studieår. Eitt år etter var dei fleste anten i arbeid eller attende i utdanning. Det viser at fråfall frå høgare utdanning ikkje treng å vera negativt i seg sjølv. Spørsmål som «Kva er det verste som kan skje?» og oppfølgingsspørsmålet «Er det eigentleg så farleg?» kan bidra til å senka skuldrene litt. 

Stikk hol på ideen om ein lineære karriereveg

Ved å tilby kartleggingar av personlege eigenskapar og kompetanse på tvers av roller (hobby, frivillig arbeid og andre livserfaringar) byggjer vi ein breiare «portefølje». Livet skjer med oss alle, det betyr at vi må stikka ut ny kurs, og gjera omval gjennom heile livsvegen. Eg kan her velja å fortelja om mine eigne erfaringar, og kva eg lærte av dei. For det er no ein gong slik i livet at dei fleste av oss møter mange «humpar og hindringar på livsvegen», og det trur eg er viktig å normalisera.

Fast kjerne i ein flytande identitet 

Ved å hjelpa vegsøkjarar som Marte å skilje mellom kven ho er (verdiar) og kva ho gjer (yrkesrolle), vil ho kunne få eit indre «kompass» som viser stødig veg, uavhengig av kva jobb ho har til ei kvar tid. Du ER ikkje jobben din trass alt, du er så mykje meir. I rettleiing her kan verdikort og gode kartleggingsverktøy som til dømes InFlow24 vera gode å ha før ein leiter etter ny match i høve til yrke.

Akseptera «god nok» beslutningar 

I ein flytande modernitet finns det ingen perfekte val som varer evig uansett. Ved å oppmoda vegsøkjar til å eksperimentera, kan ein senka prestasjonspresset og koma lettare i gong. Dersom «feil» betyr læring og naudsynt justering, er det ikkje nokon fiasko lenger.

Byggja nettverk 

For alle typar vegsøkjarar kan det vera avgjerande å investera i relasjonar. Det gjeld ikkje minst for dei nykomne flyktningane som kjem til Noreg. Det gjeld å bli kjend med menneske og organisasjonar i nærmiljøet (både frivillige og andre). Ved å identifisera ulike typar nettverk kan ein få alt frå fagleg påfyll til emosjonell støtte og inspirasjon. I beste fall kan det motverka isolasjon, og skapa nye moglegheiter i den uformelle arbeidsmarknaden.

Livslang læring

Vi må alle sjå på kompetanseutvikling som eit livslangt prosjekt. Å leva i ei usikker verd krev at vi alltid er i rørsle. Det kan vera lurt å planleggja for små, og handterlege steg, framfor store og uoverkomelege hopp i denne samanhengen. Ifølgje Super kan utfordringar bli meir handterbare og gi meir meining når vegsøkjaren får hjelp til å sjå at det dei strever med, er naturlig knytt til livsfase og livssituasjon. For vegsøkjarar som er opptekne av sikker jobb og sikker inntekt, kan det å snakka om å opparbeida seg ein økonomisk buffer vera nyttig.

Frå teori til praksis

Med ei forståing av Bauman og Putnam sine teoriar i tillegg til dei meir kjende karriereteoretiske teoriane, trur eg vi potensielt kan bli meir tolmodige og empatiske karriererettleiarar. Vi kan sjå at vegsøkjar sin uro og bekymring ofte heng saman med store samfunnsmessige endringar og krefter, ikkje manglande vilje.

Bauman lærer oss kvifor tryggleiksstrategiar frå «den faste moderniteten» ikkje lenger fungerer, medan Putnam minner oss om kor viktig det er å verna om dei fysiske fellesskapa våre i ei digital verd. 

Som karriererettleiarar er vår viktigaste oppgåve å hjelpa vegsøkjarane med å finna sitt eige fotfeste, slik at dei kan navigera i det flytande landskapet med både realisme og ein god porsjon von og framtidstru.

Kunstig intelligens (KI) er brukt i idemyldringsfasen.

Litteratur og kjelder:

Bauman, Z. (2006). Flytende modernitet. Oslo: Vidarforlaget.

Frafall første studieår (2025), SSB. Tilgjengeleg på Internett: https://www.ssb.no/utdanning/hoyere-utdanning/artikler/en-av-atte-faller-fra-i-forste-studiear

Friborg, O & Hjemdal, O. (2004). Resiliens som mål på tilpasningsevne. Tidsskrift for norsk psykologforening, 41(3), 206-208.

Gelatt, H.B. (1989). Positive uncertainty: A new decision-making framwork for counseling. Journal of Counseling Psychology, 36(2).

NHOs ung-undersøkelse (2024), Opinion AS. Tilgjengeleg på Internett: https://www.nho.no/siteassets/ak/2025/ungundersokelsen-til-ak2025-status-og-utvikling-fra-tidligere.pdf

Putnam, R.D. (2000). Bowling alone: The collapse and Revival of American Community. New York: Simon & Schuster. 

So Yin, H. (2025). Donald Super: Life-span, life-space, and the evolving self in career development. Tilgjengeleg på Internett: https://careernlifedesign.com/2025/10/04/donald-super-life-span-life-space-and-the-evolving-self-in-career-development/

Bilde
Bilde av en person i bakgrunn og et spørsmålstegn i forgrunn
Bildetekst
Foto: frå Pixabay - Gerd Altmann

Robert Putnam (f. 1941) – Harvard University

  • Skreiv boka «Bowling alone» som handlar om at det amerikanske samfunnet har opplevd dramatisk nedgang i sosial kapital sidan 1960-talet. Eit døme på det er at folk i mindre grad deltek i organiserte fellesskap
  • Skil mellom samanbindande sosial kapital (sterke band internt i grupper) versus brubyggjande sosial kapital (band mellom ulike sosiale grupper)
  • Hevdar at eit velfungerande demokrati er avhengig av eit sterkt sivilsamfunn og høg grad av sosial tillit mellom innbyggjarane

Zygmont Bauman (f. 1925 – d. 2017) – University of Leeds

  • Det mest kjente omgrepet hans, flytande modernitet, skildrar dagens samfunn som prega av ustabilitet og raske endringar. Han meinte at faste strukturar (som livslang jobb og stabile nabolag) har «smelta» og blitt flytande
  • I dette samfunnet må individet sjølv bera ansvaret for å skapa sitt liv, og handtera usikkerheit, utan støtte frå gamle, faste sosiale rammer
  • Utforska spenninga mellom menneske sitt ynskje om personleg fridom og det grunnleggjande behovet for tryggleik og fellesskap