Digital karriererettleiing satt på dagsordenen i Europa

Article tema
Digital karriererettleiing satt på dagsordenen i Europa

Digital karriererettleiing var nyleg tema for eit webinar i regi av det europeiske Euroguidance-nettverket. Der var Karriereveiledning.no ei av tenestene som fekk stor merksemd.

Eirik Øvernes (bildet), avdelingsleiar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), har vore leiar for Karriereveiledning.no sidan oppstarten i 2020. Han opplever at mange er interesserte i den nasjonale karriererettleiingstenesta, som truleg er den mest utbygde i sitt slag i Europa ved sida av Danmark.   

- Vi får stadig førespurnadar frå ulike aktørar i Noreg, og vi merker òg ei gryande interesse frå utlandet. Til dømes skal vi snart til Stockholm og halde ein workshop saman med Danmark. Denne workshopen er òg i regi av Euroguidance-nettverket. Vi synest det er veldig positivt at andre vil høyre om erfaringane våre, og vi deler dei svært gjerne, seier Øvernes.  

Inspirasjon frå Danmark

Framlegginga han og kollega Magdalena Fosshaug sto for, vart kåra til den mest inspirerande av dei europeiske prosjekta som vart presenterte på webinaret. Sjølv har Karriereveiledning.no henta mykje inspirasjon frå Danmark, fortel Øvernes. Det gjeld særleg rettleiingsmetodikken, men òg organiseringa, til den danske tenesta eVejledning.  

Karriereveiledning.no har òg brukt Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing mykje. I etablering, drift og vidareutvikling av Karriereveiledning.no har Kvalitetsrammeverket vore heilt avgjerande, og vore med på å gi den kvaliteten Øvernes og kollegaene har som målsetting.  

- Korleis vil du beskrive utviklinga til Karriereveiledning.no fram til no?  

- For det første var det veldig spesielt å etablere ei teneste i ei tid då samfunnet stengde ned. Då vi begynte, var vi sju karriererettleiarar. I dag er vi 19 rettleiarar i tenesta. 10 av desse sit i Tromsø, der verksemda er lokalisert. Dessutan samarbeider vi med dei tre fylka der resten av rettleiarane sit. På grunn av det nedstengde samfunnet hadde vi ikkje nokon fysiske treffpunkt for alle rettleiarane før etter vel eit år. Så vi hadde ei teneste som var spreidd ut over landet i eit digitalt fellesskap. Vi jobba derfor mykje med å etablere eit godt digitalt lærings- og arbeidsmiljø, og lykkast godt med å involvere medarbeidarane i etableringa av tenesta.

Chat-basert

Karriereveiledning.no har hatt ein jamt god pågang, og har erfart at brukarane er svært nøgde, fortel Øvernes. Det meste av rettleiinga, 80–85 prosent, går føre seg gjennom chat. Resten skjer gjennom telefon og sjølvhjelpsverktøy. Folk i alle aldrar tar kontakt – målgruppa er frå ungdomsskolealder og oppover.  

Sidan det er ei ganske ny teneste, er det ei utfordring å gjere seg enda meir kjent blant folk, ifølge Øvernes. Det tar tid å bygge ei merkevare, erkjenner han.  

- Vi jobbar aktivt med dei ulike profesjonelle nettverka innafor karriererettleiing, inkludert skole- og utdanningssektoren. Vi arbeider òg med arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane. Dessutan er vi så mykje vi kan i mediebildet for å treffe den vaksne delen av befolkninga, og vi bygger opp ein stadig større aktivitet i sosiale medium.  

Ny europeisk ungdomsressurs

Ei anna digital teneste som vart presentert på Euroguidance-webinaret, er ODiCY - Observatory on Digital Technologies in Career Guidance for Youth. ODiCY er ein open ressurs som tar sikte på å støtte opp under karriereutviklinga hos barn og unge. Her vil karriererettleiarar finne mellom anna digitale verktøy, case-historier, publikasjonar og politiske dokument innanfor karriererettleiing og karrierelæring frå heile Europa. ODiCY er ei helt ny teneste som blir lansert no i mai.  

Det er OECD som står bak ODiCY. Bakteppet for etableringa er at karriererettleiing har blitt stadig meir teknologidriven dei siste tre-fire åra, fortel Anthony Mann, som leiar The OECD Career Readyness Project.   

- Dels kjem dette av den generelle teknologiutviklinga, og dels kjem det av pandemien, som gjorde at digital rettleiing var den einaste måten du kunne gi og ta imot rettleiing på, seier Mann.  

Integrert karriererettleiing er best

Forsking så langt har vist at digital rettleiing er den mest effektive måten å drive rettleiing på, hevdar han.  

 - Samstundes har du risikoen for at det skal bli brukt som eit billig alternativ. Det meiner ikkje vi. Vi meiner integrert rettleiing er best, der det òg er mogleg for ungdom å kommunisere med «autentiske» menneske.  

Det skjer mykje innovasjon innanfor digital karriererettleiing, ifølge Mann.   

- Denne innovasjonen skjer fleire stader, både i skolen og i organisasjonar og næringslivet. Så vi begynner å få ein del erfaring med digital karriererettleiing. Og viss du tilhøyrer styresmakter, ein organisasjon eller ein skole, og vil sjå korleis andre gjer dette, så har vi no ein ressurs der vi kan finne, vise fram og utvikle vidare denne kunnskapen.

Store investeringar i digital karriererettleiing

 - Kva er potensialet for digital karriererettleiing, og kor langt har vi i Europe komme når det gjeld å nå dette potensialet?  

- Vi i Europa har nokon av dei beste praktikarane i verda. Men vi er framleis i starten. Det er ikkje mogleg å seie kva slags teknologi som vil bli utvikla i åra framover. Kanskje er vi i kapittel to no viss vi ser det som ein roman. Vi har begynt å sjå korleis Virtual Reality og Artificial Intelligence kan brukast. Og vi har begynt å sjå korleis digital teknologi kan bidra til å gi fleire menneske tilgang til tenester, seier Mann, og legg til at mange land i Europa no investerer mykje pengar i digital karriereteknologi.

Nord-Europa langt framme

- Kva for land og prosjekt i Europa vil du seie er lengst framme innanfor digital karriererettleiing?  

- Det er eit spørsmål eg ofte får, men det er vanskeleg å svare. Vi ser ikkje på heile system, heile land. Men det er mange gode portalar. Til dømes Utdanning.no, seier Mann, som meiner Nord-Europa og Irland er døme på land og regionar som er langt framme, men at det landet i verda som kanskje har kome lengst på dette området, er Canada. 

- Vi har i Noreg tatt store, viktige steg dei siste åra ved å understøtte kvalitet i dei digitale tilboda Utdanning.no og Karriereveiledning.no. No er vi stolte av å kunne spreie desse erfaringane til andre land, seier Karoline Tellum-Djarraya i Euroguidance Norge.  

Bilde
Portrettbilde av Eirik Øvernes, avdelingsleder i Karriereveiledning.no.

Euroguidance-nettverket

  • Eit nettverk av nasjonale ressurssenter for karriererettleiing i Europa. I Noreg er dette senteret ein del av HK-dir.
     
  • Målgruppa er karriererettleiarar og styresmakter.
     
  • Målsettingane er å støtte opp om livslang læring, kompetanseutvikling og internasjonal mobilitet, og dessutan å stå for kommunikasjon omkring den europeiske dimensjonen av karriererettleiing.
     
  • På nettsidene til Euroguidance-nettverket finst eit breitt spekter av ressursar og verktøy, samt informasjon om mellom anna konferansar, webinar og studiereiser