Det vil bli stort behov for IKT- og elektrokompetanse i den grøne omstillinga

Article tema
Det vil bli stort behov for IKT- og elektrokompetanse i den grøne omstillinga

I den grøne omstillinga som ligg framfor oss, vil det bli eit stort behov for kompetanse innanfor IKT og elektrofag på alle utdanningsnivåa. Det er ein av konklusjonane i ein fersk rapport frå NIFU og SINTEF. 

Innan 2030 skal Noreg kutte 55 prosent av klimagassutsleppa, samanlikna med 1990. Dette er berre eit delmål mot det større målet, som er netto nullutslepp innan 2050. Kva vil desse målsettingane krevje av kompetanse i den norske befolkninga? Dette er noko av bakteppet for rapporten Kompetanse for grønn omstilling – en gjennomgang av forskningslitteratur og arbeidslivets kompetansebehov knyttet til miljø- og klimautfordringer.  

Det er NIFU og SINTEF som har utforma rapporten. Oppdragsgivaren er Kompetansebehovsutvalet.  

Vil påverke heile arbeidslivet

Ei grøn omstilling påverkar heile arbeidslivet, på fleire ulike måtar, konkluderer forskarane. Dei trekker spesielt fram desse faktorane:  

  • Vi kan vente oss at det blir eit stort behov for, og knappleik på, kompetanse innanfor IKT og elektrofag på alle utdanningsnivåa.  

  • Det vil bli behov for meir kompetanse på sirkulær økonomi, digitalisering og berekraft innanfor dei fleste yrka.  

  • Dei fleste verksemdene forskarane har intervjua, meiner at det å styrke kompetansen til dei tilsette er den viktigaste strategien for å dekt dei behova som oppstår med den grøne omstillinga.   

Uvisse knytt til petroleumsnæringa

Forskarane meiner òg det vil vere vanskeleg å få dekt kompetansebehovet knytt til grøn omstilling utan at det blir tilført kompetanse frå utlandet.   

Det er ei uvisse knytt til utviklinga innanfor petroleumsnæringa. Høg aktivitet i petroleumsnæringa framover vil vere ein barriere for grøn omstilling i mange andre næringar, inkludert den offentlege sektoren. Samstundes kan petroleumsnæringa vere ein del av løysinga ved at verksemder som i dag primært orienterer seg mot olje og gass, rettar seg mot andre næringar. Dersom det blir frigjort kompetanse frå petroleumsnæringa, kan vi vente oss at denne kompetansen vil vere relevant innanfor andre næringar.  

Eit viktig kunnskapsgrunnlag  

Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), er òg leiar for Kompetansebehovsutvalet. Skule synest rapporten bidreg med verdifull kunnskap om kva for kompetanse som er særleg viktig for grøn omstilling. Dette er eit relativt lite utforska område i Noreg, peikar han på. 

- For Kompetansebehovsutvalet utgjer rapporten eit viktig kunnskapsgrunnlag for utvalet sitt arbeid med denne tematikken, seier Skule.  

- Nokre av dei bidraga eg vurderer som dei viktigaste, er at rapporten viser kva for kompetanseområde og yrkesgrupper arbeidslivet spør etter når det gjeld grøn omstilling, og drøfter dette opp mot kor denne kompetansen finst i dag. Funna peikar tydeleg i retning av at kompetansemangel, særleg når det gjeld ingeniørar, IKT-spesialistar og fagarbeidarar med teknisk kompetanse, kan bremse den grøne omstillinga. Rapporten viser òg at det er stort behov for berekraftkompetanse og digital kompetanse på tvers av arbeidslivet, seier Sveinung Skule.  

Bilde
Illustrasjonsbilde av ung elektriker.

Fakta

  • Rapporten er utforma av NIFU og SINTEF på oppdrag frå Kompetansebehovsutvalet.  
  • Han baserer seg på litteraturgjennomgang, dokumentanalysar, intervju, ei spørjeundersøking og registerdata.  
     
  • Rapporten vil bli ein del av kunnskapsgrunnlaget i Kompetansebehovsutvalet sin hovudrapport om kompetansebehov knytte til den grøne omstillinga. Denne hovudrapporten vil bli levert innan 1. juni.  

Les rapporten her.