Den stille styrken

Article tema
Den stille styrken

Å vera bevisst den introverte vegsøkjarens kvalitetar og styrkar kan bidra til at vegsøkjaren lettare anerkjenner sine eigne behov.

Stillheten er et felles språk.
Ikke bare mellom mennesker,
men også mellom mennesket og naturen.

Lars Verket - Foredragsholder, padlosof og eventyrer
(Kjelde: ordtak.no)

Vi er tre karriererettleiarar som til dagleg arbeider i Karriere Hordaland. I rettleiingsrommet har vi alle møtt vegsøkjarar som gir uttrykk for at dei kjenner seg «unormale og sære» i møte med omverda.

Dei fortel at dei kjenner behov for å halda seg meir tilbake i møte med andre menneske. Dei tek ofte ikkje ordet først i forsamlingar, og dei føretrekk å tenkje før dei snakkar. Dei kan bli slitne av å vera med mange menneske rundt seg over tid, og kjenner at dei «ladar sine batteri» best åleine. Dei får energi og påfyll frå eit rikt indre liv av kjensler og refleksjonar. Desse vegsøkjarane har alle ein såkalla introvert preferanse.

Forfattarane av denne artikkelen har alle ein ekstrovert preferanse. Kjenneteikn ved oss er at vi pratar mykje og blir fort engasjert i møte med andre. Vi tenkjer ofte best høgt i fellesskap og finn livlege gruppesamtalar stimulerande. Ofte i så stor grad at vi kan snakka i munnen på kvarandre, før vi har tenkt oss ferdige. Vi ladar våre batteri i samvær med andre og kan bli rastlause av for mykje åleinetid.

Vi ynskja å skriva denne artikkelen for å skapa ei bevisstgjering om korleis vi som rettleiarar kan imøtekoma og forstå dei introverte sine kvalitetar og styrker. Gjennom denne bevisstgjeringa, kan vi bidra til at vegsøkjarane lettare anerkjenner eigne behov, og finn ut korleis dei betre kan ta vare på seg sjølv, både privat og i jobbsamanheng.

Bilde
Birgit Bratseth, Elin Haukanes, Kjersti Kvaløy, Karriere Hordaland
Bildetekst
Birgit Bratseth, Elin Haukanes og Kjersti Kvaløy ved Karriere Hordaland skriver om den introverte vegsøkjarens kvalitetar og styrkar. Foto: Privat

Ulike måtar å lade batteria på

Carl Gustav Jung innførte i 1921 omgrepa introversjon og ekstroversjon i sin teori om psykologiske typar. Ein person med preferansen introversjon, blir i denne artikkelen omtala som introvert, medan personar som føretrekk ekstroversjon, blir omtala som ekstrovert. Ein preferanse er, i følgje Store norske leksikon, noko du føretrekk framfor noko anna når du har høve til å velja.

I følgje Jung er motpolane ekstrovert og introvert heilt avgjerande for korleis ein «ladar batteria» sine, og vert difor kalla energidimensjonen. Medan den introverte hentar energi frå tankar og idear (indre verd), hentar den ekstroverte energi frå andre menneske og ting (ytre verd). Utfordringa for dei introverte ligg i å finna den fine balansen mellom skjerming og deltaking i det sosiale fellesskapet, ifølgje Aunaas.

Karaktertrekka ekstroversjon og introversjon reknast i dag som universelle. Ein tredel til halvparten av alle menneske er introverte. Jung hevda at preferansar er like mykje bestemt av genetiske som miljømessige faktorar. I faglitteraturen blir ofte dimensjonen ekstrovert versus introvert omtala som personlegdomens kompass, og vert rekna som det mest grunnleggjande og sentrale av personlegdomstrekka våre.

Det kan og vera nyttig å vita at det er ein nevrobiologisk ulikskap i hjernen til dei introverte og ekstroverte. Introverte sitt nervesystem reagerer mykje meir på ytre stimulering. Difor likar dei seg best når det er litt roleg rundt dei. Ekstroverte sitt nervesystem derimot, reagerer mindre på stimulering frå omgjevnadane, og dei trivst difor best når det skjer meir rundt dei.   

Den omgjengelege introverten

No er ikkje verda svartkvit, og det er heller ikkje energidimensjonen. Dimensjonen kan til dømes nyanserast ytterlegare ved hjelp av femfaktormodellen (som hevdar at menneske sin personlegdom kan skildrast med ulike gradar av fem personlegdomstrekk).

Energidimensjonen har følgjande fasett: varme, sosiabilitet, sjølvmarkering, aktivitet, spenningssøking og positive kjensler. I høve til desse fasetta kan alle, uavhengige av plassering i energidimensjonen, skåra høgt eller lågt. Denne nyanseringa kan knusa myten om den innadvendte, usosiale, introverte - og den utadvendte, sosiale, ekstroverte. Ein introvert med til dømes høg grad av varme og sosiabilitet, som både er venlege og omgjengelege, kan lett «forvekslast» med ein ekstrovert. 

Balanse mellom skjerming og deltaking

Vi er overtydd om at det å pressa seg til å stå i noko som konstant tappar «batteriet» og ikkje gjev påfyll av energi, eller det å prøva å oppretthalda ei rolle som ikkje er naturleg for ein, er potensielt helseskadeleg.

Lærarar, sjukepleiarar, NAV-tilsette og andre med introvert preferanse som jobbar i miljø kor det ikkje er mogleg å skjerme seg, kjem ofte med symptom som manglande energi, søvnproblem og ulike somatiske plagar. Løysinga ligg i å nettopp finna den fine balansen mellom skjerming og deltaking i det sosiale fellesskapet som Aunaas snakkar om.

Idealet om ekstroversjon

Mange introverte som kjenner seg «feil» latar som dei er ekstroverte. Caine kallar dei for «skap-introverte». Årsaka til dette er at vi lever i eit verdisystem med det ekstroverte som ideal.

Vi bør i rettleiinga vår jobba for at det å vera til dømes kjenslevar, alvorleg eller sjenert ikkje treng å «behandlast» som om det var ein sjukdom, men aksepterast på lik linje med andre vanlege karaktertrekk. Cain hevdar at ekstroversjon er blitt ein undertrykkjande standard, som dei fleste føler dei MÅ tilpasse seg, og at introverte vert undervurdert på grunn av eit trekk som tilhøyrer sjølve kjerna i den dei er.

Vi møter ofte idealet om ekstroversjon i våre rettleiingssamtalar. «Tone», 24 år er utdanna ingeniør, og har jobba i eit stort firma med opent kontorlandskap. Ho fortel:

Eg har blitt utslitt av all støyen og mangelen på tid og rom til å tenkje ferdig ein tanke…Då eg spurte leiaren min om det var mogleg å av og til kunne få sitja meir skjerma, var svaret; «Om eg hadde visst at du har behov for eit eige kontor, hadde du ikkje fått jobben…»

Gudrun, 45 år, seier det slik:

Eg har brukt mykje tid på å prøva å “passa inn” og bli som “alle andre”, men som godt vaksen aksepterer eg meg sjølv, og tenkjer at eg ikkje har noko å skamma meg over.  

Introvert styrke

Aunaas skildrar introverte born som populære leikekameratar, vener og samtalepartnarar, fordi dei har ein roleg og litt tilbakehalden veremåte. Dei kan få andre til å kjenna seg viktig fordi dei er gode til å lytta og stilla spørsmål, og let samtalepartnaren koma til orde. De er ikkje så opptekne av å få merksemda retta mot seg sjølv.

Desse karaktertrekkja finn vi i følgje Cain att i introverte leiarar. Ho skildrar dei som gode lyttarar som gir rom for innspel og forslag frå sine medarbeidarar, meir enn å framheve seg sjølv. Når talenta blir brukt, motiverast medarbeidarane ofte til å visa meir initiativ. Cain meiner difor at introverte leiarar skapar ein positiv spiral av produktivitet.

Å arbeida på eiga hand kan vera ein katalysator for innovasjon. Her har dei introverte ei styrke då dei ofte føretrekk å jobba åleine. Forsking viser at hjernen ikkje klarar å konsentrera seg om to ting samstundes. Evna til multitasking, som vert sett så høgt hos det moderne menneske, viser seg altså å vera ein myte. Overstimulering hemmar læreevna, og avbrot er dei største hindringane for produktivitet og kreativitet.

I møte med vegsøkjarar som «snakkar seg sjølv ned» fordi dei er «for lite frampå», ikkje alltid må ha ordet, eller blir skildra som «asosiale» fordi dei likar å arbeida på eiga hand, nyttar vi alltid kunnskapen om den introverte styrken. Vi spør til dømes: «I kva situasjonar kan det vera ein styrke å halde seg litt tilbake? Kva kan det gi rom for?» Vi går aktivt inn for å bidra til justeringar i sjølvforståinga, slik at vegsøkjarane får eit naudsynt løft.

Gruppeorganisering av læring og arbeid

I vår moderne tid vert ein stadig større grad av arbeidsstokken, og born i skulesituasjonen, organisert i grupper. Denne gruppetenkinga ser vi tydeleg i utforminga av nye bygg og i organiseringa av lærings- og arbeidsmiljø. Dagens tilsette sit ofte i opne kontorlandskap der arealet per tilsett har blitt redusert frå 50 til om lag 20 kvadratmeter frå 70-talet og fram til i dag.

Vi snakkar med våre vegsøkjarar om at det er viktig å skapa miljø, i barnehage, skule og arbeidsliv kor folk får sirkulera fritt i eit skiftande landskap av samhandling. Og støttar dei i at dei bør få høve til å forsvinna inn i skjerma arbeidsområde når dei treng å konsentrera seg eller vera åleine. Tid til kontemplasjon er ikkje berre viktig for dei introverte, men det kan og gi dei ekstroverte nokre naudsynte «pustehol» i tilværet.

Tid til å tenkje

Introverte vegsøkjarar treng tilstrekkeleg tid til å tenkje og reflektere inni seg, både i og mellom rettleiingssamtalane. Ved å opna for kontakt mellom samtalane gjennom til dømes e-post eller SMS, slepp dei å gi spontane tilbakemeldingar der og då, og får høve til tenkja seg litt om før dei responderer. Mange introverte føretrekk ein slik skriftleg kommunikasjon framfor munnleg.

Vi kan som ekstroverte rettleiarar  bli veldig engasjerte og handlingsorienterte, og må difor evna å regulera oss ned både verbalt, non-verbalt og tempo-messig så vi ikkje overveldar vegsøkjar.

Vi er ulike og unike

Det kan sjå ut som det aldri er stille i vår moderne tid, noko som mange meiner er skadeleg for oss menneske. I ei mediefokusert verd mottek vi stadig fleire inntrykk, og vi let oss påverka av aukande uro og larm. Erling Kagge, forfattar av boka «Stillhet i støyens tid», tek til orde for at vi har gløymt korleis vi skal forholda oss til det å vera stille, eller sitja i ro og berre vera. Populariteten til «mindfulness» kan forståast som eit tilsvar på dette.

Vi tenkjer det er viktig å leggja forholda til rette for mangfald og trivsel for alle, på alle arenaer. Og ikkje minst, lat oss fortsetja å snakka om, og vera glade for at vi er ulike og unike. Det er noko vi har høgt fokus på i rettleiinga hos oss. Først då ligg det til rette for eit inkluderande og mangfaldig samfunn, som kan nyttiggjera seg av at vi er, nettopp, ulike.

Referanser

Aunaas, L. (2018). Introverte barn i barnehage, skole og SFO. Vil du ikke være med å leke? Oslo, Kommuneforlaget AS

Cain S. (2012). Quiet. The power of introverts in a world that can't stop talking. New York: Crown Publishing Group.

Sharp, D. (1992). Personlighetstyper. C.G. Jungs typologi. Oslo: Forlaget Paul Moxnes.

Østbø, L. E., & Nordvik, H. (2008). Personlighetsinventoriet NEO-PI-R: Klinisk validitet. I:Tidsskrift for Norsk Psykologforening, nr. 45.