Ny ressursside om integrering

Article tema
Ny ressursside om integrering

Kompetanse Norge har laga ei ressursside for alle som jobbar med karriererettleiing av innvandrarar. Der finn du bakgrunnsinformasjon om alt frå dei ulike ledda i asylprosessen til rettigheiter og moglegheiter på arbeidsmarknaden.

«Når du skal veilede flyktninger og innvandrere, er det greit å kjenne til hvordan veien fra ankomst til bosetting er.» Det skriv Kompetanse Norge om bakgrunnen for den nye ressurssida Karriereveiledning for integrering.

Ressurssida er delt inn i tre hovudtema. Det første er Om integreringsprosessen. Her kan du lesa om asyl- og busetjingsprosessen og introduksjonsprogrammet.

Utdanning og arbeid

Det andre hovudtemaet er Utdanning opplæring og arbeid. Det tar for seg blant anna godkjenning av utanlandsk utdanning, utdanning og opplæring i Norge og norskopplæring og prøver. Du får også vite meir om rettar og moglegheiter når det gjeld arbeid. For eksempel Hurtigsporet, eit samarbeid mellom NAV og NHO for å få fleire flyktningar i jobb.

Tredje hovudtema er Ressurser for rettleiing. Her finn du oppgåver, øvingar og materiell som kan vere til hjelp i karriererettleiing med flyktningar og innvandrarar. Du finn også litteraturtips og lenker til nyttige nettstader.

Birgit E. Olsen Bratseth er karriererettleiar i Karriere Hordaland. Ho seier ho er glad for at det er blitt laga ei slik ressursside for dei som jobbar med minoritetsspråklege og synest ressurssida både har eit nyttig innhald og er ryddig strukturert.

– Tidlegare har eg nytta ei samlemappe med favorittar i nettlesar, så dette er heilt klart ei forbetring.

Stort informasjonsbehov

– Kva er det ein fyrst og fremst treng bakgrunnsinformasjon om når ein jobbar med minoritetsspråklege og innvandrarar?

– I første omgang må en eigentleg berre prøva å bli kjend med menneske som sit framfor ein. Og så er det viktig at dei får fortelja historia si (narrativ tilnærming). Mange av dei har eit stort behov for å få tid og rom til å fortelja nettopp historia si til nokon som er interessert i å lytta, seier Olsen Bratseth.

Det er mykje forvirring i høve til korleis utdanningssystemet fungerer, har ho erfart. Likeeins korleis ein går fram for å finna jobb, og søkja på jobb.

- Dei er ofte litt forvirra i høve til kva dei har rett til og ikkje. Alt i alt er informasjonsbehovet stort, opplever eg i alle fall. For mange kan det vera viktig å leggja både kortsiktige og langsiktige planar. Og så strevar jo mange med språket, og andre med helsa, så det er ein utruleg stor variasjonsbreidde på kva den einskilde har behov for i karriererettleiinga.

Bilde
Illustrasjonsbilde til artikkel om Kompetanse Norges ressursside om integrering.