– Det er nå karrieresenter i alle fylke i Noreg, og med den nye lova vil karriererettleiing vere noko fylkeskommunen er forplikta til å tilby befolkninga. Karriererettleiing skal bidra til at menneske tar gode og velinformerte val om utdanning, opplæring og arbeid. Vi i Kompetanse Noreg synes det er veldig gledeleg at lovendringa blei vedteken, seier Sveinung Skule, direktør i Kompetanse Noreg.
Ny lov skal gi fleire karriererettleiing
Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby har tidlegare peika på at lovfesta karriererettleiing blant anna skal bidra til at fleire held seg i arbeid og at næringslivet får den kompetansen som trengst. Regjeringa ønsker at karriererettleiingstenestene skal samarbeide tett med Nav.
– Ein lovfesting kan vi sjå på som ei anerkjenning av karriererettleiingsarbeidet som fylkeskommunane har gjort dei siste åra, sa avdelingsleiar i Kompetanse Noreg, Ingjerd Espolin Gaarder, da forslaget frå regjeringa kom i august i fjor.