Kompetansereformen "Lære hele livet" lagt fram

Article tema
Kompetansereformen "Lære hele livet" lagt fram

Onsdag 22. april vart stortingsmeldinga Kompetansereformen "Lære hele livet" lagt fram. Meldinga har som mål at ingen skal gå ut på dato som følgje av manglande kompetanse.

Stortingsmeldinga presenterer fleire tiltak som skal bidra til å tette gapet mellom kva kompetanse arbeidslivet har behov for, og den kompetansen arbeidstakarane har. To viktige tiltak på karriererettleiingsfeltet er nasjonal digital karriererettleiingsteneste og nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing, i tillegg vil regjeringa styrke karrieresentra sitt arbeid.

Enklare tilgang til karriererettleiing

Karriererettleiing vert i meldinga trekt fram som eit viktig tiltak for å førebygge og motverke at unge tar feilval og fell ut av utdanning. Meldinga peiker også på at karriererettleiing kan bidra til at både arbeidsledige og sysselsette får hjelp til å omstille seg, sjå moglegheitene som finst på arbeidsmarknaden, og å identifisere aktuelle vidareutdanningstilbod.

Meldinga understrekar at potensialet god karriererettleiing ikkje berre bidrar til at folk tek gode val i konkrete situasjonar, men også at god karriererettleiing gir dei kompetansen til å gjere gode val igjen og igjen. Dette vert stadig viktigare i ein arbeidsmarknad med høg endringstakt.

Det fylkeskommunale ansvaret for karriererettleiing vert også understreka i meldinga. Regjeringa vil, for å ytterlegare styrke fylkeskommunane sitt ansvar for befolkninga si tilgang til karriererettleiing, foreslå for Stortinget at dette ansvaret vert lovfesta i opplæringslova.

– Vi er glade for at regjeringa er tydelege på at karriererettleiing er viktig for å lykkast med livslang læring, seier avdelingsleiar Ingjerd E. Gaarder i Kompetanse Norge.

– Denne stortingsmeldinga set karriererettleiing ytterlegare på dagsorden, og understrekar behovet for eit likeverdig og kvalitetssikra tilbod til heile befolkninga.

Sjå stortingsmeldinga

Bilde
Ingjerd Espolin Gaarder, Kompetanse Norge