Rapporten tar for seg ulike perspektiv på korleis ein kan gi god informasjon og rettleiing med eit stadig meir komplekst utdanningssystem, eit arbeidsliv i stadig endring, utvikling av nye yrke og internasjonalisering av arbeidslivet. Elleve intervju belyser denne utfordringa frå ulike delar av sektoren.
Kapittel 7 i rapporten tar for seg rettleiinga som heile skolen sitt ansvar, og der blir det påpeikt at ettersom studie- og yrkesrettleiaren er ein nøkkelperson for elevane som skal velje retning, bør denne bli innlemma i skolen sine aktivitetar gjennom året.