– Vi er svært glade for dette forslaget. Det er ei understreking av at både vaksne og unge kan ha behov for karriererettleiing i møte med dei endringane og moglegheitene vi opplever i arbeidslivet i dag, seier Ingjerd Espolin Gaarder, fungerande avdelingsleiar i Kompetanse Noreg.
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner understrekar i pressemeldinga frå Regjeringa at karriererettleiing skal bidra til at fleire held seg i arbeid og gi næringslivet kompetansen dei treng.
– Tida da ein jobba med akkurat dei same oppgåvene i same bedrift heile yrkeslivet er forbi. Den nye kvardagen er at vi må oppdatere kunnskapen vår gjennom eit heilt arbeidsliv, seier han.
Regjeringa ønsker at fylkeskommunanes karriererettleiingstilbod skal samarbeide tett med Nav og andre aktørar, slik som rådgivartenesta for elevane i grunn- og vidaregåande skule. Dette skal gi eit meir effektivt og heilskapleg tilbod til innbyggarane.
Enda viktigare
I dag er ikkje karriererettleiing ei lovfesta oppgåve. I oppfølginga til Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner, varsla Regjeringa at dei ville overføre tilskotet til dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing til fylkeskommunane. Dette vert no følgt opp med eit lovforslag til lovfesting av karriererettleiing som eit fylkeskommunalt ansvar. Og det blir foreslått at plikten til å tilby karriererettleiing blir regulert i opplæringslova.
– I haust vert det opna karrieresenter i Oslo, og då vil vi ha karrieresenter i alle fylke. Med ei eventuell lovfesting vil dei få ein enda viktigare posisjon enn i dag. Dette kan vi sjå på som ei anerkjenning av det gode karriererettleiingsarbeidet som fylka har gjort dei siste åra, seier Espolin Gaarder.
Forslaget er ute på høyring med frist 29. november.