Med eit digitalt verktøy ønskjer prosjektgruppa å gjere det mogleg å bruke framsynsmetodar på arbeidsmarknaden og dermed skape alternative scenario for karriereutvikling. Målgruppa er blant anna karriererettleiarar og utdanningssektoren, men og andre som er interesserte i karriere og personleg utvikling. Det skrivRemigiusz Mazur på Epales blogg.
Frå Noregs side er det Teknologirådet som jobbar med prosjektet, og dei samarbeider med partnarar i Polen.
Ifølgje Marianne Barland, prosjektleiar frå Teknologirådet, ser dei no ei aukande interesse for framsynsmetodar, men ho påpeikar at metodane kan vere vanskelege å ta i bruk viss ein ikkje har erfaring med dette.
– Derfor håpar me at eit digitalt verktøy kan bidra til å senke terskelen. Arbeidslivet i framtida, kompetanse og rettleiing er tema me har arbeidd med tidlegare, og dette er område me trur det vil vere nyttig å bruka framsynsmetodikk for å kunne diskutera meir langsiktige idear og tiltak, seier Barland.
Ho meiner det kan vere ressurskrevjande å gjennomføre framsynsprosessar.
– Det tek tid å setje seg inn i metodane, og det kan vere utfordrande å samle eit breitt spekter av deltakarar som kan bidra med ulike perspektiv og faglege tilnærmingar i diskusjonane.
Derfor meiner Teknologirådet at eit digitalt verktøy for framsyn er ein god idé. Og da dei noverande polske partnarane tok kontakt med dei, var dei klare på at dei ønsket å samarbeide.
– Eit digitalt verktøy gjer det mogleg å snakke med folk utan å måtte møtast fysisk. I tillegg gir det høve til å rettleia brukarane gjennom metoden, steg for steg.
Prosjektet er ein fortsetjing av eit tidlegare prosjekt Horizons of the Future og det skal etter planen vere ferdig i februar 2024. Hausten 2023 vil dei teste ein pilot i relevante miljø.