Tilskotsordninga er etablert av Kunnskapsdepartementet og blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
– Vi er glade for at det har kome midlar for å utvikle kunnskap om korleis samarbeid mellom relevante aktørar kan styrkje karriererettleiinga i skulen, seier avdelingsdirektør Ingjerd Espolin Gaarder i HK-dir.
– Slikt samarbeid er noko fleire av dei politiske partia har vore opptekne av. Vi trur erfaringane frå prosjekta vil verte nyttige for arbeidet med karriererettleiing for elevar i alle fylke.
Tolv fylkeskommunar søkte
HK-dir mottok tolv søknader, fem av desse fekk tilsegn, sju fekk avslag. Dei som fekk tilsegn var: Vestland fylkeskommune, Østfold fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Agder fylkeskommune og Telemark fylkeskommune.
Utviklingsprosjekta til dei fem fylkeskommunane handlar om å utvikle ein heilskapleg og samordna karriererettleiingsprosess i ungdomsskule og vidaregåande opplæring, utvikle og prøve ut ulike karrierelæringsaktivitetar, kompetanseutvikling i nettverk osb. Nokre av prosjekta skal òg lage modellar for å utforske korleis arbeidsliv og andre eksterne aktørar kan vere ein ressurs i karriererettleiinga. Faget utdanningsval i ungdomsskolen er i fleire av prosjekta inkludert i utprøvinga.
Fire av utviklingsprosjekta strekkjer seg over tre år, eitt av prosjekta er eittårig.
Ny utlysing
I forslaget til statsbudsjett for 2026 er det føreslått nye midlar til denne tilskotsordninga. Med atterhald om at forslaget blir vedteke av Stortinget, planlegg HK-dir ei ny utlysing tidleg neste år.
HK-dir oppmodar dei fylkeskommunane som ikkje søkte i denne runden, og dei som ikkje fekk tilsegn, til å søkje igjen. Ny utlysing vil bli publisert på nettsida hkdir.no.