På Utdanning.no finn du ressursar og verktøy som kan brukast når du rettleiar elevar eller vaksne, men kjenner du til alt? 6. til 10. februar inviterer Utdanning.no rådgjevarar og rettleiarar til ein digital Utdanning.no-veke. Her vil du få presentert nyttig innhald og verktøy i korte, digitale økter på 15 minutt. Du vil også få moglegheit til å stille spørsmål.
Måndag 6. februar er temaa korleis du kan bruke Jobbkompasset som nå har fått nytt design, og korleis du kan bruke Utdanning.no når du rettleiar nokon som vurderer fagskule.
Tysdag 7. februar får du demonstrert korleis du bruker tenestene Vegen til fagbrev og Vegen til studiekompetanse, og korleis du kan bruke Utdanning.no når du rettleiar elevar som skal velje vidaregåande skule.
Onsdag 8. februar kan du bli kjent med korleis Karakterkalkulatoren fungerer og få tips til korleis du kan bruke Utdanning.no i samtale med søkarar til universitet eller høgskule.
Torsdag 9. februar får du ei innføring i verktøyet Finn lærebedrift og Utdanning.no sin nettressurs med over hundre oppgåver og artiklar klare til bruk i faget utdanningsval.
Fredag 10. februar kan du bli kjent med kva moglegheiter verktøyet Samanlikn gir til å samanlikne lønn, arbeidsmarknad og meir. I tillegg til at du kan bli betre kjent med dei ulike delane av yrkesbeskrivingane, som nyleg har kome i nytt design!
Les meir og meld deg på dei arrangementa som passar for deg.