I fjor sommar fekk 28 ungdommar frå Rauma jobb i tre veker gjennom prosjektet «Jobbsmaking i Rauma kommune». Målet er å gje unge i kommunen mellom 15 og 18 år ein forsmak på korleis det er å arbeide i offentleg sektor.
– Vi er ein liten kommune med rundt 7000 innbyggjarar, og framover vil det bli stadig fleire eldre og færre yngre. Difor må vi tenkje framtidsretta og satse på dei unge vi har, seier Line Solberg, HR-rådgivar i Rauma kommune og ein av initiativtakarane bak prosjektet.
Eit anna viktig mål med prosjektet er å førebyggje utanforskap blant unge.
Samarbeid med karriererettleiarar
Ho fortel at vegen frå idé til eit jobbsmakingsprosjekt som stod på eigne bein, kravde stor innsats. Både arbeidsplassar i kommunen og skular måtte kontaktast for å få til samarbeid.
– Vi skjøna at for mange unge er det å ta kontakt med arbeidsplassar, setje seg ned og skrive ein e‑post eller ein søknad ein større terskel enn vi hadde førestilt oss. Vi måtte hjelpe dei på veg, og hadde mellom anna eit godt samarbeid med karriererettleiarar på skulen om å lage jobbsøkarkurs.
For korleis søkjer ein jobb når ein er 15 år og aldri har hatt jobb før? Her handla det om å finne motivasjon hos den enkelte og gjere dei medvitne om at både plenklipping og barnepass for naboen er nyttig erfaring.
– Elevane fekk arbeide med ulike problemstillingar og spørsmål, som kva jobbar dei ønskte å vite meir om, korleis ein kan bli betre på intervju – og kva gjer ein dersom ein ikkje får jobben? Det var viktig at dei vart litt førebudde på ulike situasjonar.
Avliva mytar om ungdom
Driftsteknikk, gartnar, reinhald, produksjonskjøkkenet, helse- og omsorgshuset, SFO, barnehage og BUA (utlån av fritidsutstyr) var mellom arbeidsplassane som vart med.
– Sjølv om dette var tilpassa stillingar når det gjeld arbeidstid og omfang, skulle det vere ei reell avlasting for arbeidsgivar og ein reell jobb, understrekar Solberg.
Leiarane på arbeidsplassane fekk opplæring i korleis dei skulle ta imot ungdommane, og også dei fekk mykje nyttig læring gjennom prosjektet. Det handla om alt frå å gi konstruktive tilbakemeldingar til å byggje gode arbeidsmiljø.
Solberg fortel at fleire mytar om ungdom i arbeidslivet vart avliva.
– Mange seier at dagens ungdom er så sårbare og ikkje toler kritikk. Men ungdommane sa sjølve at dei ønskte tydelege tilbakemeldingar – både på det dei gjorde bra, og det dei kunne forbetre.
Svært nøgde deltakarar
I etterkant har 27 av dei 28 deltakarane svart på ei evaluering:
- Alle kjende seg godt tekne imot
- Alle kjende seg trygge på jobb
- 26 av 27 var svært nøgde
- Alle ville tilrå ordninga til vener
Dei fleste opplevde at jobbsmakinga stadfesta at denne typen arbeid kunne vere aktuell vidare i karrieren.
– Fleire har seinare søkt sommarvikariat og tilkallingsstillingar i kommunen, særleg innan helse og oppvekst. For ungdom handlar dette om erfaring og meistring, ikkje berre lommepengar. For oss handlar det om framtidig rekruttering og å førebyggje utanforskap, seier Solberg.
Prosjektet held fram - 46 nye søknader
Prosjektet held fram også i år, sjølv om det blir noko færre arbeidsplassar enn i fjor. Kommunen har fått inn 46 søknader, noko som viser at tilbodet er populært.
– Vi ser allereie at fleire ungdommar søkjer seg mot kommunale yrke. Det er eit tydeleg teikn på at dette verkar, og at ordninga er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar.
Kommunen har søkt tilskot frå Bufdir, men ikkje fått støtte, og har finansiert ordninga sjølv. Planen er å søkje om tilskot på nytt for å kunne vidareutvikle tilbodet.
– Det finst ikkje nok arbeidskraft, og folk flyttar ikkje nødvendigvis til små kommunar. Skal vi lukkast i framtida, må vi tenkje nytt og bli betre på å rekruttere våre eigne, seier Solberg.