Tilskot til bemanning av nasjonal digital karriererettleiingsteneste

Article tema
Tilskot til bemanning av nasjonal digital karriererettleiingsteneste

Arbeidet med nasjonal digital karriererettleiingsteneste går framover. Førre veke lyste Kompetanse Noreg ut tilskotsmiddel til bemanningsløysinga for e-rettleiingstenesta.

I norsk samanheng er digital karriererettleiing eit nytt fagområde, og digital karriererettleiing til heile befolkninga er eit nybrottsarbeid.

Nasjonal digital karriererettleiingsteneste skal supplere tilboda som finst frå før og gje fleire tilgang til karriererettleiing uavhengig av alder, bustad, arbeids- og utdanningssituasjon.

Tenesta skal i tillegg til ein nettstad med informasjon og sjølvhjelpsverktøy tilby karriererettleiing på chat og telefon.

Tilsetting av e-rettleiarar

E-rettleiingstenesta skal bemannast både av tilsette i Kompetanse Noreg og tilsette frå nokre av karrieresentera i fylkeskommunane. Kompetanse Noreg har nå lyst ut tilskotsmiddel til deltaking i bemanningsløysninga for e-rettleiingstenesta.

Målet med tenesta er at alle som treng det får tilgang til offentleg, kvalitetssikra og gratis karriererettleiing på nett.

E-rettleiingstenesta skal ta utgangspunkt i og byggje på kompetansemiljøa i dei offentlege karrieresentera, og tilskotet skal gje karrieresentera mogleiken til å delta i bemanningsløysinga utan at det lokale og fysiske karriererettleiingstilbodet vert utvatna eller svekka.

Tilskot til fylkeskommunar

Kompetanse Noreg vil på bakgrunn av søknadane velje ut nokre fylkeskommunar som skal få tilskot for å bidra med bemanning av første versjon av tenesta.

Brukarbehov, innsikt og erfaringar frå den første driftsfasen vil leggast til grunn for vidareutvikling og eventuell oppskalering.

Leiinga, teknisk bemanning, støtte- utviklings- og koordineringsfunksjonar og ei mindre gruppe karriererettleiarar vil vere tilsett i Kompetanse Noreg med arbeidsstad Tromsø.

E-rettleiingstenesta er planlagt lansert i september 2020, og søknadsfristen til tilskotet er 20. mars.

Bilde
E-veiledning