Sjå forelesingar i karriereteori

Article tema
Sjå forelesingar i karriereteori

Tristram Hooley underviser masterstudentane på karriererettleiingsstudiet på Høgskulen i Innlandet (INN) i karriererettleiingsteori. På grunn av koronasituasjonen må forelesningane haldast digitalt dette semesteret.

– Forelesingane er ein del av første emnet på masteren ved INN. Vi ønsker at studentane allereie frå starten av skal få med seg eit «oversiktskart» over dei store teoretiske perspektiva som påverkar praksis i karriererettleiinga i dag, seier Erik Hagaseth Haug, førsteamanuensis ved INN.

Nyttig for fleire enn studentane

Tristram Hooley, som er Professor 2 ved INN, trekker fram at forelesingane har nådd lengre enn berre studentane ved INN.

– Ein av dei gode tinga med å skape digitalt innhald, slik som desse forelesingane, er at det kan vere nyttig for personar utover dei som det opphaveleg var tenkt for. Eg laga desse videoane for våre studentar ved INN, men andre ser også ut til å meine at dei er nyttige. Om du har ti minutt og vil undersøke ulike karriereteoriar, eller tenke på korleis karriererettleiingsfeltet er i endring, vil desse videoane gi deg smakebitar eller introduksjonar til sentrale emne på feltet.

Kvar forelesing er på omkring ti minutt. Dei tek føre seg enten ein karriererettleiingsteori (til dømes matching-teori) eller ulike kontekster som påverkar enkeltindivid i deira karriereval (til dømes miljø).

– Heilt sidan oppstarten av masterutdanninga i 2014 har vi vore oppteken av å gi studentane ei innføring i dei store og mest toneangivande teoriane og perspektiva på karriererettleiing. Dette er eit viktig fundament å ha med seg i starten av ei masterutdanning, der eit sentralt mål er å bruke den nye innsikta til å forme ein eigen praksisteori tilpassa den sektoren eller målgruppa studentane jobbar med. 

Introduction to Career Theory

Forelesingane ligg ute på Hooley sin blogg Adventures in Career Development.
 

Introduction to career theory
Første forelesing tk føre seg kva karriere, karriererettleiing og karriereteori er.
 

Introduction to career theory – matching theories
I andre forelesing snakkar Hooley om matching-teoriar som har vore sentrale på karriererettleiingsfeltet.
 

Introduction to career theories – developmentalism
I tredje forelesing er temaet “developmentalism”.
 

Introduction to career theory – Structuralism and the sociological tradition
I denne forelesinga ser Hooley på ein serie karriererettleiingsteoriar som han omtaler som «structuralism and the sociological tradition».
 

Introduction to career theory – Social cognitive career theory
Her presenterer Hooley sosial-kognitiv karriererettleiingsteori. Dette er ein teori som kanskje ikkje er så velkjent, men som likevel har hatt stor påverknad på karriererettleiingsfeltet.
 

Introduction to career theory – Narrative theory and life design
Hooley tar føre seg narrativ teori og livsdesign i denne forelesinga.

Følg Tristram Hooley sin YouTube-kanal for framtidige forelesingar.

Bilde
Introduction to career theory

Master i karriererettleiing

Studiet Master i karriererettleiing har 
som mål å utvikle studentane sin 
personlege kompetanse til å handtere 
utfordringar i sitt arbeidet med 
personar, grupper, organisasjonar og 
samfunn, basert på forsking og 
profesjonell yrkeskunnskap i 
karriererettleiing. 

Utdanninga er erfaringsbasert og 
yrkesrelatert. Det inneber at 
studentane sine erfaringar med å 
utøve, forvalte og/eller å utforme 
karriererettleiing er eit utgangspunkt 
for læreprosessar.  

Master i karriererettleiing på INN 
finnast både som breiddemaster 
(erfaringsbasert, 120 sp) og som 
djupnemaster (120 sp).  

Breiddemasteren passer deg som 
ønsker ei kortare og meir praksisretta masteroppgåve, og kvalifiserer til 
stillingar som karriererettleiar, i 
offentleg forvaltning og organisasjonar som driv politikkutforming innan felta 
utdanning, arbeidsliv og sosial 
inkludering. 

Djupnemasteren gir større moglegheit 
for teoretisk fordjuping enn 
breiddemasteren og kan kvalifisere 
direkte til vidare forskarutdanning.