Rettleiarane – ein stor ressurs for Lånekassen

Article tema
Rettleiarane – ein stor ressurs for Lånekassen

Lånekassen har mange ordningar og eit komplekst regelverk. Det at elevar og studentar kan få hjelp til det dei lurer på ved lærestadene, er gull verdt. No har Lånekassen lansert eit nyhendebrev retta mot dei som rettleier om ordningane.

Kan eg få bortebuarstipend? Korleis får eg flyktningstipend? Har eg rett på utstyrsstipend? Kva skjer med lånet dersom eg stryk på eksamen? Kva skjer dersom eg blir sjuk under studia mine? Dette er døme på noko av det elevar og studentar lurer på om Lånekassen.

– Vi har mykje informasjon på nettsidene våre om dei ulike temaa, men vi har òg stor forståing for at elevar og studentar ønskjer å snakke med ein rettleiar ved lærestaden om det dei lurer på om ordningane våre. Vi er difor veldig takksame for at vi har eit så godt samarbeid med lærestadene, seier Stephanie Jones Hovde. Ho er fagansvarleg for lærestadskommunikasjon hos Lånekassen.

Har lansert nyhendebrev

Hovde fortel at dei er opptekne av at rettleiaren ved lærestadene skal ha god tilgang til informasjon om Lånekassen sine ordningar.

– Vi har eit komplisert regelverk, og reglane våre blir endra med jamne mellomrom. Det kan difor vere krevjande å vere oppdatert til ei kvar tid. Vi prøver så godt vi kan å formidle informasjonen til rettleiaren, seier ho.

I fjor lanserte Lånekassen eit eige nyhendebrev. Målgruppa er tilsette ved lærestadene som rettleier om ordningane til Lånekassen. Nyhendebrevet blir sendt ut om lag annakvar veke, og inneheld mellom anna informasjon om ordningane våre, regelendringar, verktøy som kan vere nyttige i ein rettleiingssituasjon og mykje meir.

– Det har vore stor interesse rundt nyhendebrevet, og vi har fått gode tilbakemeldingar, men vi ønskjer oss sjølvsagt fleire abonnentar. Når du melder deg på, kryssar du av for kva slags lærestadstype(/-ar) du ønskjer informasjon om. Vi håpar fleire rettleiarar vil melde seg på, og at dei synest denne måten å få informasjon frå oss på er nyttig, held Hovde fram.

Lånekassen ønskjer gjerne meir dialog med dei tilsette ved lærestadene.

– Det er verdifullt for oss å få vite kva rettleiaren ønskjer spesifikk informasjon om. Det er dei som møter elevar og studentar, og har førstehandskunnskap om kva dei lurer på. Vi blir takksame for tilbakemeldingar, så send oss gjerne ein e-post, avsluttar ho.

Nyttige verktøy for deg som rettleiar:

Bilde
Veiledning av ungdom
Bildetekst
Foto: Colourbox