Regelverk i karriererettleiinga

Article tema
Regelverk i karriererettleiinga

Kva slags lover og reglar gjeld for karriererettleiing?

Det einaste området der karriererettleiing er regulert ved lov er i grunn- og vidaregåande skole. I tillegg har Utdanningsdirektoratet komme med anbefalingar som omhandlar kompetansen til rådgivarar, men desse er berre rettleiande.

Elevar i vidaregåande skole har rett til utdannings- og yrkesrådgiving. Formålet er å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til kvar enkelt i utdannings- og yrkesplanlegging. Eleven har rett til rådgiving og informasjon om:

  • val av yrke og utdanning
  • utdanningsvegar
  • yrkesområde og arbeidsmarknaden
  • rettleiingsverktøy, søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • jobbsøking og søknadsprosedyrar

Sjå opplæringslova § 9-2 og forskrift til opplæringslova § 22-3

Ungdom opp til 21 år som ikkje er i utdanning eller arbeid, skal få individuell oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta. Fylkeskommunen har ansvaret for å opprette oppfølgingstenesta og etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa. Sjå opplæringslova § 3-6 og forskrift til opplæringslova § 13-3 

Vaksne med rett til grunnskole- og vidaregåande opplæring har også rett til rådgiving for å kartlegge kva slags tilbod dei har behov for. Sjå opplæringslova § 4A-

Anbefalingar om kompetansen til rådgivarar er utforma av Utdanningsdirektoratet. 

Anbefalingane skal vere ei hjelp for skoleeigar og skoleleiar ved tilsetjinga av rådgivarar og i samband med rådgivarar si kompetanseutvikling. Dei seier noko om kva slags formell utdanning, kunnskapar, haldningar og ferdigheiter ein rådgivar bør ha.

Bilde
forstørrelsesglass
Bildetekst
Hemera