Råd om handtering av rasisme i arbeidslivet

Article tema
Råd om handtering av rasisme i arbeidslivet

Det er ikkje uvanleg at karriererettleiarar møter menneske som har vore utsette for rasisme. Ein rasismerettleiar kan vere til hjelp både for dei som har opplevd rasisme, og for deg som skal rettleie dei.

Karriererettleiar og prosjektleiar ved Karriere Oslo, Robin Vikaune Ciovina, set stor pris på at Rasismerettleiaren har kome. Det har vore lite kunnskap i hjelpeapparatet om rettar og handlingsrom knytte til rasisme, meiner han.

– Det finst forsking som viser at personar med utanlandske namn har om lag 25 prosent lågare sjanse for å bli kalla inn til intervju samanlikna med personar med norske namn, og at rundt 40 prosent av innvandrarar er overkvalifiserte for stillingane dei har. Dette viser tydeleg at rasisme skjer i arbeidslivet, seier Ciovina.

Nyttig for karriererettleiarar

Rettleiaren er utvikla i samarbeid mellom Likestillingssenteret KUN, Egalia senter mot diskriminering, Organisasjonen mot offentleg diskriminering (OMOD) og Norsk Folkehjelp. Prosjektet er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Rettleiinga gjev råd om  rettane til dei som har opplevd rasisme og diskriminering, og kva som kan gjerast. Ho er òg eit nyttig kunnskapsgrunnlag for dei som arbeider med menneske som har vore utsette for rasisme. 

Rasisme i arbeidslivet er eitt av hovudkapitla i rettleiaren, og det er kanskje dette kapittelet som er mest relevant for karriererettleiarar. I jobbsamanheng gir arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova eit vern mot rasisme – både for dei som søkjer jobb, er i jobb og skal slutte i ein jobb.

Konkrete råd og verktøy

Frå 2020 har alle arbeidsgivarar ei plikt etter likestillings- og diskrimineringslova til «å arbeide aktivt, målretta og systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering på arbeidsplassen».

– Det kan vere krevjande for karriererettleiarar å vite korleis ein skal møte vegsøkjarar som opplever å bli utsette for rasisme i jobbsøkarprosessar. Rasismerettleiaren gir konkrete råd og verktøy for korleis slike situasjonar kan handterast, og er eit nyttig hjelpemiddel å vise til når vegsøkjarar opplever, eller har mistankar om, diskriminering, seier Ciovina.

Det er verdt å merke seg at rettleiaren gir ein annan og vidare definisjon av rasisme enn lovverket. 

Påverkar karriereutviklinga

I den delen som heiter «Ressursar», finn vi ei oversikt over kven som kan hjelpe, og korleis ein skal gå fram dersom ein vil klage eller melde frå om rasisme. Der blir det mellom anna vist til høvet til å be om utvida søkarlister, klagemoglegheiter til Diskrimineringsnemnda, bistand frå Likestillings- og diskrimineringsombodet, i tillegg til relevante hjelpetelefonar.

– Rasisme i arbeidslivet kan påverke karriereutviklinga til mange av dei vi møter, og han kan vere både skjult, subtil og umedviten. Nett derfor er det viktig å kjenne til eigne rettar slik at ein betre kan førebyggje usakleg forskjellsbehandling og rasisme, seier Ciovina.

Bilde
Illustrasjonsbilde fargerikt fellesskap