Prosjekt om kjønnsdelte utdanningsval søker deltakarar

Article tema
Prosjekt om kjønnsdelte utdanningsval søker deltakarar

Er du ein lærar, rådgivar eller karriererettleiar som vil lære meir om kjønnsdelte utdanningsval? Likestillingssenteret rekrutterer no deltakarar til prosjektet Bevisste utdanningsval. Dei tilbyr gratis nettseminar og mikrokurs.

Som deltakar i prosjektet Bevisste utdanningsval får du tilgang til nettseminar eller fysiske seminar for lærarar, rådgivarar og karriererettleiarar. Du får òg tilgang til mikrokurs som kan brukast i undervisning saman med elevane.

Nettseminara undersøker kjønnsdelte utdanningsval frå fleire perspektiv, og tar for seg tema som det kjønnsdelte arbeidsmarknaden, kjønnsmangfald og kva tiltak som kan gjerast i skulen. Ifølgje Likestillingssenteret vil deltakarane få tilgang til to til tre nettseminar eller fysiske seminar per semester.

– Gjennom nettseminarrekka vi tilbyr, får deltakarane moglegheit til fagleg påfyll om ulike aspekt ved utdanningsval, og vi går i djupna på kvifor det er slik og kva som kan gjerast i skulen, seier Sara Hope Lygre, rådgivar ved Likestillingssenteret.

Kurs for elevar med film og oppgåver

– Mikrokursa for elevar er eit verktøy som kan brukast i klasserommet. Dette ligg opent på nettet og vi har fått gode tilbakemeldingar. Ein grunnleggande del av prosjektet er å gi både lærarar og elevar kunnskap om kjønnsstereotypiar i oppveksten og reflektere rundt tydinga av desse normene, fortel Lygre.

Mikrokursa består av tekst, film og oppgåver, og tar for seg mange av dei same tema som nettseminara retta mot lærarar og rådgivarar.

– Dei som har prøvd ut mikrokursa har uttrykt at det er eit stort pluss å få eit ferdig produkt til bruk i undervisninga, og at kursa har ført til spennande diskusjonar og refleksjonar med elevane, meiner Lygre.

Mikrokursa kan nyttast i undervisninga, til dømes i faget utdanningsval på ungdomsskulen eller inn i fag i vidaregåande skule.

Auka medvit om kjønnsnormer og val

Rådgivaren ved Likestillingssenteret meiner arbeidet for å betre kjønnsbalansen i utdanningsval er viktig på fleire nivå.

– Det er viktig for den enkelte elev og lærar å ha eit medvit om kjønnsnormer og tenke over korleis dei kan påverke val. Bevisste utdanningsval er òg ein tidleg innsats for å oppnå betre kjønnsbalanse i arbeidslivet, seier Lygre og legg til:

– Arbeidet med betre kjønnsbalanse i ulike yrke og sektorar, er sentralt for å gjere noko med dei store strukturelle likestillingsutfordringane som deltidsarbeid og forskjellar i lønn og pensjon.

Bilde
Illustrasjon kvinne i uniform
Bildetekst
– Bevisste utdanningsval er ein tidleg innsats for å oppnå betre kjønnsbalanse i arbeidslivet, seier Sara Lygre ved Likestillingssenteret. Foto: Likestillingssenteret

Prosjektet Bevisste utdanningsval

  • Ein gratis nettseminarrekke om kjønnsdelte utdanningsval for lærarar, rådgivarar, karriererettleiarar og mikrokurs for elevar.
  • Likestillingssenteret ønsker no å komme i kontakt med fylke som vil delta hausten 2022, 2023, eller 2024.
  • Onsdag 9. november arrangerer Likestillingssenteret nettseminar om kjønnsdelte utdanningsval for alle interesserte. Du kan melde deg på nettseminaret her.
  • Ønsker du meir informasjon eller å melde deg på prosjektet, ta kontakt med Mona Renolen e-post: mona@lss.no, tlf: 90 73 37 56 eller Sara Hope Lygre, e-post: sara@lss.no, tlf: 97 18 14 83.
  • Prosjektet er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).