Det nye kartleggingsverktøyet «Asperger i arbeid og studier» (ASIAS) inneheld ei rekke konkrete påstandar om vanlege utfordringar i arbeid eller utdanning for menneske med Asperger syndrom. Svara resulterer i ein rapport som påpeiker styrkar, utfordringar og tiltak for den enkelte brukar.
Det er Spesialistbedriften AS som driftar ASIAS. Dei er eit konsulentselskap som tilset personar med Asperger syndrom, og held kurs, kartlegg og rettleiar. Bedrifta var ikkje nøgd med dei verktøya som fanst og gjekk derfor i gang med å utvikla eit nytt:
– Vi ønskte å utvikle eit digitalt verktøy for å sleppe å skrive ned alt, men vi ville og ha eit verktøy som var meir presist, forståeleg og enkelt å ta i bruk både for rettleiar og den som skal kartleggast, seier Linda Nygård, ein av utviklarane bak verktøyet og dagleg leiar i Spesialistbedriften AS.
Vil unngå feilval med betre kartleggingar
Målet med verktøyet, fortel ho, er å unngå feilval og uførleik hos brukaren. Menneske med Asperger har ofte eit lite sosialt nettverk, og då blir utdanning og jobb ekstra viktig. Ei god kartlegging opp mot nettopp arbeid og utdanning er derfor naudsynt, fortel Nygård. Ho har sett mykje feilval som har forverra psykiske problem og gjort det vanskelegare å kome tilbake i arbeid.
– Mange personar med Asperger som vert sende til oss, har vorte sendt i retningar på kollisjonskurs med diagnosen, til dømes ein jobb i kundeservice eller ein jobb med dårleg struktur, lite føreseielegheit og ein kaotisk kvardag, seier Nygård.
Med dette verktøyet vil ho bidra til at andre rettleiarar kan gjere gode individuelle kartleggingar i skole og arbeidsliv.
– Det viktigaste med verktøyet er at du får fram den individuelle profilen til den enkelte og korleis Asperger påverkar akkurat denne personen, for det varierer veldig, fortel Nygård, og påpeiker at vanlege standardverktøy sjeldan fangar opp det som er relatert til Asperger.
Kartlegg ulike stressområda
Ei av dei som har testa ASIAS i praksis, er Hilde Halvorsen Misund, seniorrådgivar frå NAV Arbeidsrådgiving i Møre og Romsdal. Ho har brukt verktøyet til å kartlegge styrke- og utfordringsområde, til hjelp for tilpassingar i utdannings- og arbeidssituasjon hos brukarar med autismespekterforstyrringar. Det ho var mest nøgd med, var kartlegginga av stressrespons i ulike situasjonar:
– Det var veldig bra at verktøyet hadde så mykje fokus på å kartlegge stress i høve til ulike situasjonar. Ein av dei største utfordringane for personar med autisme er stress, og det er derfor viktig å få fram i kva situasjonar stressnivået blir trigga, seier Halvorsen Misund, og påpeiker at ein kartlegging av stressrespons er viktig for å lykkast best mogleg i val av utdanning og arbeid.
Meir fellesskap og auka eigarskap til rapporten
Halvorsen Misund opplevde og ei auka fellesskapskjensle i forbindelse med kartlegginga, og at brukaren fekk meir eigarskap til resultata. Spørsmåla sto på skjermen dei begge hadde tilgang til, ho slapp å notere svara i notatblokka, og i staden satt dei og fylte inn utfyllande svar saman. For hennar eiga del var det ein fordel med mindre etterarbeid, men kanskje viktigast, fortel ho, var denne måten å kartlegge på veldig oversikteleg og føreseieleg for dei ho snakka med. Dei fekk meir eigarskap til oppsummeringa.
– Då vi avslutningsvis gjekk gjennom rapporten, hadde vi allereie gått gjennom alt, og eg visste at brukaren stod inne for alt som stod der – det var jo hans eller hennar ord, fortel seniorrådgivaren frå NAV.
Ho anbefaler verktøyet til rådgivarar i NAV Arbeidsrådgiving, vidaregåande skoler og høgare utdanning, og dei som jobbar med arbeid og inkludering, og legger til at ei føresetnad for å nytte verktøyet er at rettleiar har forkunnskap om autisme.
Slik kan du bruke verktøyet:
- Rettleiar og brukar går gjennom ei rekke påstandar i eg-form, med svaralternativ på ein skala frå ein til fem. Det kan vere påstandar som «eg har evne til å samarbeida», «eg liker repeterande oppgåver» eller «eg forstår kva eg skal gjere».
- Påstandane byggjer på område som kan vere utfordrande for personar med Asperger syndrom.
- Kartlegginga tar omtrent ein til to timar, og kan gjennomførast over to dagar.
- Kartlegginga resulterer i ein rapport om styrkar det burde fokuserast på, og område som treng tiltak.
- Verktøyet bør brukast innleiingsvis, og andre standardverktøy kjem i tillegg, til dømes interessekartleggingar.
Les meir om verktøyet «Asperger i arbeid og studier» (ASIAS)