Ny rapport: Kvalitet i karriererettleiing i skulen

Article tema
Ny rapport: Kvalitet i karriererettleiing i skulen

Forskingsrapporten presenterer ny kunnskap om korleis både rådgjevarar, lærarar, leiinga i skulen og skuleeigar jobbar med karriererettleiing og karrierelæring, og kva dei gjer for å sikre og utvikle nødvendig kvalitet. Forskarane gir 13 anbefalingar for vidare arbeid.

Ei forskargruppe frå NTNU Samfunnsforsking, Universitetet i Søraust-Noreg, NORCE og Aarhus Universitet har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

– Vi i direktoratet er svært glade for å presentere denne rapporten om kvalitet i karriererettleiing i skulen, seier direktør i HK-dir Sveinung Skule. Skule peikar på at det har vore gjort ein del forsking på karriererettleiing tidlegare, men ikkje med eit eksplisitt fokus på kvalitet.

Formålet med rapporten er å gi fagfeltet og styresmaktene eit breiare kunnskapsgrunnlag for å utvikle karriererettleiing i skulen av høy kvalitet. Undersøkinga avdekker eit variert landskap når det kjem til karriererettleiing i skulen med både moglegheiter og utfordringar.

– Dette oppdaterte kunnskapsgrunnlaget gir oss nyttig innsikt både i utfordringar og mogelegheiter til å utvikle karriererettleiing i skulen, og anbefalingar for vegen vidare. Rapporten er eit godt utgangspunkt for å diskutere tiltak med skulesektoren og Kunnskapsdepartementet, og vurdere kva både vi og andre aktørar kan jobbe vidare med for å sikre eit best mogleg tilbod om karriererettleiing for elevar i skulen i Noreg, seier Skule.

I rapporten løftar forskarane fram engasjementet for karriererettleiing, som dei særleg har sett i intervju av rådgjevarane. Dei har møtt engasjerte og dedikerte rådgjevarar som ynskjer å vere ein reell støtte i karriereutviklinga til elevane, og som er ein viktig ressurs i arbeidet med kvalitet i karriererettleiingstenesta på den enkelte skule.

Kvalitetsrammeverket som utgangspunkt for undersøkinga

Utgangspunktet for undersøkinga er Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing og dei sju innsatsområda i delen om kvalitetssikring. Kvalitetsrammeverket har i prosjektet fungert som bidrag til et analytisk rammeverk, og dei sentrale problemstillingane er svart på gjennom å undersøke forståinga av kvalitet og arbeidet med kvalitet gjennom dei sju innsatsområda i Kvalitetsmodellen. Verktøyet Vår kvalitet er brukt som utgangspunkt for delar av datainnhentinga.

Kvalitetsmodellen fra kvalitetsrammeverket
Kvalitetsmodellen viser dei sju innsatsområda for arbeidet med kvalitet. Illustrasjon: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

I undersøkinga har forskarane nytta ulike forskingsmetodar. Dei har gjennomført ein litteraturgjennomgang  av tidlegare forsking om karriererettleiing i norske skular, ei re-analyse av eit stort datasett frå ei tidlegare undersøking  av Buland med fleire frå 2020, i tillegg til individuelle intervju og gruppeintervju med lærarar, rådgjevarar og rektorar ved fire ungdomsskular og fire vidaregåande skular på ulike stader i Noreg. Du kan lese meir om forskingsarbeidet og re-analysennettsida om kvalitet i karriererettleiing i skulen.

Kva er kvalitet i karriererettleiing?

Undersøkinga avdekker ulike oppfatningar av kva som er kvalitet i karriererettleiing og kva som er viktig i arbeidet med karriererettleiing. Forskarane trekkjer fram at sjølv om definisjonar og signal om kva som er kvalitet i karrirrerettleiing frå styresmaktar er gitt på overordna nivå, avhenger arbeidet med kvalitet også av lokal forståing og tilpassing på den enkelte skule. Ifølgje forskarane  er det viktig for utvikling og sikring av kvalitet, at den enkelte skule blir styrka i å bli bevisst si eigen forståing av kva kvalitet i karriererettleiing er, og at det skjer i eit samspel mellom leiinga, rådgjevarane og resten av skulen. Ein skuleversjon av verktøyet Vår kvalitet blir trekt fram som eit nyttig verktøy i slike prosessar.

Kvalitet i karriererettleiing er ein kontinuerleg forhandling med innspel frå både overordna og lokalt nivå. Forskarane peikar på det regionale nivå, med skuleeigar og fylkeskommunale og kommunale nettverk, som ein god arena for felles fortolking og refleksjon kring kriteria for kva kvalitet er. Dette blir illustrert i ein modell som viser arbeidet med kvalitet mellom dei tre nivåa:

Modell over arbeidet med kvalitet i karriererettleiing i skulen
Modellen viser arbeidet med kvalitet i karriererettleiing i skulen på tre nivå. Illustrasjon: Anne Holm-Nordhagen

Leiinga si rolle

Undersøkinga viser at skuleeigar (kommunar og fylkeskommunar) ikkje har ei aktiv rolle som leiar for kvalitetsarbeidet i karriererettleiinga i skulen. Sjølv ser dei på si rolle som tilretteleggjar for kompetansehevinga i skulen, men ikkje som avgjerande for kvaliteten. Leiinga ved skulen er naturleg tettare knytt til arbeidet, men dei opplev seg meir som administrative leiarar og tilretteleggjarar enn faglege leiarar. Det er ofte rådgjevarane som  i praksis er ansvarlege for karriereutviklinga ved skulen.

I rapporten blir det framheva at eit viktig moment for utvikling av kvalitet i karriererettleiing i skulen, er deltaking i ulike fora og nettverk.  Forskarane peikar difor på at ei viktig oppgåve for leiar er å leggje til rette for at rådgjevarar kan delta i slike nettverk, både gjennom å setje av tid og oppmuntre til deltaking.

Regionale nettverk for utvikling av kompetanse

I rapporten blir dei regionale (kommunale og fylkeskommunale) nettverka peika på som ein arena for både erfaringsdeling, kompetanseheving og fagleg støtte. For skular som deltek i desse nettverka, bidrar nettverka til å setje karriererettleiing på agendaen. Informantane i undersøkinga gir tydeleg uttrykk for at nye idéar og impulsar frå andre blir verdsett, og at det bidrar positivt i utvikling av praksis.

Tretten anbefalingar for kvalitet i skulen

Forskargruppa har, basert på funna i undersøkinga, utarbeida tretten anbefalingar om det vidare arbeidet med å understøtte og utvikle kvalitet i karriererettleiing i skulen.  Anbefalingane viser til alle dei sju innsatsområda i Kvalitetsmodellen, og forskarane seier i rapporten at arbeid med desse sju områda kan bidra til å betre kvalitet i karriererettleiing og betre utbyttet av karriererettleiinga for elevane.

Tre av anbefalingane handlar om kompetanse. Forskargruppa anbefaler at rektorar og skuleeigar bør styrkast i si rolle som leiar av karriererettleiinga i skulen. Vidare anbefaler dei at alle som jobbar med karriererettleiing i skulen skal få tilbod om relevant kompetanseheving, og i tillegg at kompetanse i karriererettleiing blir eit krav når det skal tilsetjast nye rådgjevarar.

Les meir om dei 13 anbefalingane i rapporten.

Bilde
Illustrasjon fra rapporten Kvalitet i karriererettleiing i skulen sin forside

Nokre av hovudfunna frå rapporten:

  • Kvalitetsutvikling og kvalitetssikring i karriererettleiing er ikkje høgt prioritert i skulen.  
  • Rådgjevarar utviklar karriererettleiingstenesta innanfor relativt avgrensa rammer, og rådgjevarressursen blir opplevd som knapp.  
  • Rådgjevarane har få faglege sparringspartnarar, og dei andre fagpersonane har i ulik omfang kompetanse om karriererettleiing og karrierelæring.  
  • Ansvaret for karriererettleiing i skulen blir delegert til rådgjevar, og leiinga lener seg på kompetansen til rådgjevar.
  • Det er ulikt kor mykje formell kompetanse og erfaring rådgjevaren har.
  • Felles for dei fleste rådgjevarane er at dei er ein del av eit regionalt nettverk (kommunalt eller fylkeskommunalt).
  • Dei regionale nettverka er ein verdifull og vesentleg arena for erfaringsdeling, fagleg støtte og utvikling, fellesskap og kompetanseheving, som er viktig for utvikling og sikring av kvalitet. 
  • Organiseringa av karriererettleiing og karrierelæring er ulik frå skule til skule. Det same er tilbodet som skulane gir.
  • På grunn av dei ulike tolkingane og forståingane og variasjon i erfaring og kompetanse, har ikkje forskarane kunne identifisere ein samla definisjon av kva kvalitet i karriererettleiing er og skal vere.
  • Det er mangel på forskning og fokus på områda Etikk og Kunnskapsgrunnlag.

Her finn du heile rapporten om kvalitet i karriererettleiing i skulen