Ny podkast: På innsiden av Nav

Article tema
Ny podkast: På innsiden av Nav

I NRK sin nye podkast-serie får du eit unikt innblikk i korleis Nav fungerer og ikkje fungerer.

NRK publiserte nyleg På innsiden av Nav, ein dokumentarserie i fire delar. I serien møter du Ingrid Djupskås og hennar uføresak som Nav har brukt seks år på å fatte eit vedtak i. Lyttarane følgjer Ingrid si sak gjennom systemet og får ein unik moglegheit til å skjønne korleis Nav fungerer, og ikkje fungerer. Journalist Marit Evertsen Grimstad ønskte å undersøke fordommane som finnast mot Nav, og om det er rom for noko menneskeleg i systemet, eller om det berre er lover og reglar som gjeld. Dette er ein serie som kan gje ny og nyttig kunnskap om korleis saksgangen i Nav er.

Høyr podkasten her: På innsiden av Nav

Korleis jobbar Nav?

Nav-direktør Hans Kristian Holte besøkte Ekko i NRK onsdag 19. januar for å diskutere Nav i etterkant av På innsiden av Nav. Holte fortel at dei ønskte å bidra til podkasten ut i frå eit ønskje om å vise korleis Nav jobbar, korleis dei tenkjer når dei skal fatte vedtak, og kva dilemma dei som arbeider i Nav står i. Nav-direktøren trekkjer fram brukarmøter som eit viktig læringspunkt i etterkant av å ha høyrd podkast-serien.

Professor i statsvitskap Ann-Helén Bay ved OsloMet er også intervjua i episoden om den historiske bakgrunnen til Nav og arbeidslinja. Ho fortel blant anna om korleis synet på relasjonen mellom arbeid og helse har endra seg over tid.

Høyr Ekko-episoden her: Ekko onsdag 19. januar.

Bilde
Logobilde til podkasten - dame som svømmer
Bildetekst
Foto: NRK