I etterkant av koronapandemien vil karriererettleiing kunne ha ein sentral plass i å støtte unge menneske i å handtere arbeidsmarknaden. Gjennom the Career Readiness project har Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) forsøkt å svare på spørsmålet «Korleis veit vi kva som fungerer i karriererettleiinga?». Dei har gjennomgått internasjonal forsking for å belyse korleis skular kan redusere risiko for arbeidsløyse og betre overgangar til arbeidslivet, og for å kunne formidle kunnskap om «kva som fungerer» til både rettleiarar og avgjerdstakarar.
Analysen har tatt utgangspunkt i ti land: Danmark, Storbritannia, Tyskland, Sveits, Canada, USA, Uruguay, Korea, Kina og Australia.
Ungdom og overgangar
I mange land er det ei vanleg forventning at befolkninga sjølv kan handtera val og egne karrierar, men i PISA-undersøkinga i 2018 kom det fram at 15-åringar i mange land er dårleg forberedt på å utvikle dei eigenskapane dei treng i ulike overgangar. Berre halvparten av 15-åringane i OECD-landa sa at dei hadde snakka med rådgjevar på skulen, og berre fire av ti hadde deltatt på besøk på arbeidsplassar eller skygging av arbeidstakarar.
Også før korona var overgangen frå utdanning til arbeidsliv utfordrande for unge menneske. Desse utfordringane har auka som eit resultat av korona-pandemien.
Utforske, erfare og tenke på framtida
OECD har gjennom analysen komme fram til elleve bekrefta indikatorar for karrieremodnad. Kriteriet for desse indikatorane er at det må finnast dokumentasjon for positive resultat knytte til arbeid i minst tre av landa som har deltatt i analysen. Dei elleve indikatorane er inndelt i tre kategoriar:
Utforsking av framtida
- Karrieresamtaler
- Møte med arbeidstakarar gjennom jobbmesser og karrieresamtaler
- Besøk på arbeidsplassar eller skygging av arbeidstakarar
- Søknads- og intervjutreningsaktivitetar
- Korte kurs med fokus på arbeid
Erfare framtida
- Deltidsjobb
- Frivilligheit
Tenke på framtida
- Karrieretryggleik
- Karriereambisjonar
- Karrierejustering
- Skulemotivasjon
Analysen viser at elevar og studentar har ein enklare overgang frå utdanning til arbeidsliv der det er mange karrierelæringsaktivitetar tilgjengeleg gjennom utdanningsløpet. Dette betyr i praksis at tenåringar som deltok i slike aktivitetar og hadde ein utvikla karrieretenking, i stor grad opplever lågare grad av arbeidsløyse, høgare lønn og betre arbeidstilfredsheit som unge vaksne.
Sjølv om datagrunnlaget er avgrensa og knytte til få land, peiker the Career Readiness-studien på datagrunnlag som tydeleggjer at arbeidstilknytinga til vaksne heng saman med indikatorar for karrieremodnad blant tenåringar.
Les rapporten How youth explore, experience and think about their future: A new look at effective career guidance.