Ny nettstad om kvalitet i karriererettleiing

Article tema
Ny nettstad om kvalitet i karriererettleiing

Nå er endeleg nettstaden Kvalitet i karriererettleiing lansert!

Etter ein lang prosess med fagleg utvikling, innspel og revidering av det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing, blei i dag nettstaden Kvalitet i karriererettleiing lansert.

Video file
Film om den nye nettstaden. 

Nettstaden Kvalitet i karriererettleiing skal gjere det nasjonale kvalitetsrammeverket tilgjengeleg. Nettstaden er meint som ei støtte i arbeidet med kvalitetsutvikling og skal gi nyttige verktøy og fagleg inspirasjon til både karriererettleiarar, leiarar og eigarar av karriererettleiingstenester i ulike sektorar. Målsetninga til Kompetanse Noreg er å bidra til at kvalitetsrammeverket blir meir kjent ute i fag- og praksisfeltet.

Bli inspirert og sjå på den nye nettstaden her!

Bilde
Fem kvinner strekker ut hånda for å trykke på knapp.
Bildetekst
I dag trykte dei på knappen og lanserte nettstaden Kvalitet i karriererettleiing. Frå venstre: Ingjerd E. Gaarder, Tonje Gravås, Marianne Almbakk, Gry E. Bakke og Line W. Engh.