Ny kartlegging om utdannings- og yrkesval

Article tema
Ny kartlegging om utdannings- og yrkesval

40 prosent angrar på studievalet, og unge synest det er vanskeleg å velje riktig utdanning. Det skriv Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, som har kartlagt haldningar til utdanning og yrkesval hos vaksne og unge.

Kartlegginga har resultert i to rapportar, ein om utdannings- og yrkesval hos unge, og ein om utdannings- og yrkesval hos vaksne.

Kartlegginga av dei unge viser at nesten halvparten (49 prosent) synest det er vanskeleg å forstå kva jobbar dei kan få med ulike utdanningar, og tre av ti seier dei ikkje har nok informasjon til å kunne ta gode utdannings- og yrkesval.

Fire av ti vaksne ville vald ei anna utdanning om dei skulle vald på nytt i dag. Dei ønsker betre lønn, høgare trivsel og opplever at andre jobbar gir betre moglegheiter. Ein av tre har vurdert å bytte jobb det siste året, medan ein av ti har vurdert å bytte arbeidsfelt.

Samtidig har ein av fem vaksne hatt behov for rettleiing om jobb og karriere, men berre ein av ti har mottatt karriererettleiing dei siste fem åra. Ifølgje kartlegginga er det internett som er den viktigaste kjelda til informasjon om utdanning.

Fleire moglegheiter med vidareutdanningar og kurs

På nettsidene til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) , påpeikar direktør Sveinung Skule viktigheita av å ha tilgang til karriererettleiingstenester.  

– Her kan vaksne få hjelp til å kartlegge kompetansen sin, og sjå kva moglegheiter som finst med den utdanninga dei allereie har. Vidareutdanningar og kurs kan opne opp for fleire moglegheiter på jobbmarknaden, seier Skule til direktoratet.

Kartlegginga viser og at dei fleste unge vel studiespesialisering for å «ha alle moglegheiter opne». Mona Mathisen, seksjonsleiar for utdannings- og arbeidsmarknadsinformasjon i HK-dir, påpeikar at yrkesfag ikkje lukkar nokon dører.

– Unge er lite kjend med at dei kan vidareutdanne seg på fagskular, men også høgare utdanning, i etterkant av ei yrkesfagutdanning, seier Mathisen til direktoratet.

Forbind ordet «karriere» med å stige

I kartlegginga kjem det fram kva vaksne og ungdom forbind med ordet «karriere». Av dei vaksne forbind 50 prosent ordet karriere med «å stige til meir ansvarsfulle og betre betalte stillingar». Blant dei unge forbind 48 prosent «karriere» med «å lykkast i arbeidslivet».

Det er analysebyrået Opinion som i 2021 har gjennomført kartlegginga på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Bilde
Rapportens forside - opinion-logo og kvinne som sitter med ryggen til og ser ut over en by
Bildetekst
Opinion har gjennomført ein kartlegging av vaksne og unges utdannings- og yrkesval på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Foto: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har undersøkt vaksne og unges utdannings- og yrkesval.
  • Eit representativt utval på 1001 personar mellom 26 og 60 år har svart på undersøkinga om utdannings- og yrkesval hos vaksne.
  • 1103 ungdommar i alderen 15 til 25 år er blitt spurde om draumane sine, haldningar, verdiar og forventningar knytte til utdannings- og yrkesval.

Her finn du kartlegginga av utdannings- og yrkesval hos vaksne 2021

Her finn du kartlegginga av utdannings- og yrkesval hos unge 2021