Berre fem prosent av jenter og gutar på vidaregåande skule tar kjønnsutradisjonelle programval, skriv Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Det er særleg yrkesfaglige utdanningsprogram som er kjønnsdelte, til dømes er helse- og oppvekstfag kvinnedominerte og bygg- og anlegg mannsdominerte. For å motverke kjønnsdelte utdanningsval, lanserte direktoratet hausten 2021 ein nettressurs retta mot ungdomsskular.
Døme til inspirasjon og relevant statistikk
Nettressursen Hvordan jobbe med kjønnsdelte utdanningsvalg inneheld døme på tiltak skular kan gjere i samband med elevane sitt utdanningsval.
Her finst ein ressursbank med lenker til fleire gjennomførte aktivitetar frå organisasjonar og nettverk som på ulike vis jobbar for at unge skal velje utdanning uavhengig av kjønn. Det finst døme på korleis skuleledelsen kan legge til rette for at gutar i ungdomsskulen kan hospitere i barnehagar, eller å få fleire jenter til å melde seg på teknologiarrangement.
Bufdir har og samla statistikk om utdanning i eit kjønnsperspektiv, samt relevante kompetansemål frå faget utdanningsval. Dei har og fleire artiklar med bakgrunnsinformasjon om kvifor skuler har eit ansvar med å jobbe for likestilling og for at ungdom kan velje utdanning uavhengig av kjønn.
Ressursen er hovudsakeleg retta mot skuleledelsen, rettleiarar og lærarar på ungdomsskular, men Anna Bjørshol, avdelingsdirektør i Bufdir, påpeikar at nettsida og kan vere nyttig for lokalt nærlingsliv og andre sektorar i kommunen.
Etter kvart vil ressursen og inkludera døme på tiltak i vidaregåande opplæring.
Fleire ressursar hos Utdanning.no
På Utdanning.no finst det og ei rekke ressursar som kan brukast i undervisning om kjønnsdelte utdanning- og yrkesval. Til dømes denne filmen, som forklarer lønnsforskjellar mellom kvinner og menn, og verktøyet Likestilling som utforskar kjønnsbalansen i dei 400 vanlegaste yrka i Noreg. For lærarar i faget utdanningsval, har Utdanning.no og laga fleire oppgåver om kjønn og val som kan brukast i undervisninga. Her finst det quiz, filmar, ulike oppgåver og artiklar.