Har eg valt feil? Kva kan eg eigentleg bli når eg studerer filosofi? Vil KI erstatte alle IT-jobbar? Kva mastergrad bør eg velje?
Å vere student betyr å stå i mange ulike overgangar samtidig, og det kan kjennast overveldande å skulle ta val. I Bergen og andre studiestader på Vestlandet er studentane så heldige å ha ein stad dei kan gå med spørsmåla sine. Hjå Sammen Karriere jobbar det fire karriererettleiarar, blant dei avdelingsleiar Ingvill Thorkildsen. Det er eitt av få karrieresenter som framleis finst i landet for dei som tar høgare utdanning.
– Vi merkar at det er mykje uvisse, og ein del studentar kjenner på at dei står langt frå arbeidslivet og er redde for ikkje å få seg jobb. For mange er denne uroa også reell. Overgangen til arbeidslivet er ikkje alltid rett fram, seier Thorkildsen.
Halvparten av dei nyutdanna oppgir at det har vore vanskelegare enn forventa å finne arbeid som samsvarar med kvalifikasjonane. Det er ein auke frå 2023. Det kjem fram i hovudrapporten frå NIFUs Kandidatundersøking 2025, som kom i august i år.
Tilbod til 45 000 studentar
Karrieresenteret ligg like nedanfor Naturhistorisk Museum i Bergen, og høyrer til «Sammen», som er namnet på studentsamskipnaden på Vestlandet. Dei har tilbod til 45 000 studentar.
Senteret har rundt 1200 konsultasjonar i året, og pågangen er aukande. Dei held også kurs, grupperettleiing og foredrag i samarbeid med dei ulike studiestadene og studieprogramma.
– Sidan vi har studentar frå heile Vestlandet, er det ikkje slik at alle kan komme hit, men dei som har moglegheita, føretrekker eit fysisk møte framfor eit digitalt, seier Thorkildsen.
Ho seier at mange av studentane som kjem til rettleiing, har forsøkt å bruke KI, men synest at svara ikkje er gode nok, og at dei ikkje heilt stoler på dei.
– Dei seier dei vil snakke med eit menneske som både kan lytte og møte dei. Erfaringa med KI er at det blir ei forflating, nyansane og kompleksiteten forsvinn, og dei kjem seg ikkje vidare.
Ikkje vane med å ta val
Thorkildsen har jobba i Sammen Karriere sidan 2016, og erfarer at det særleg er to overgangar i studieløpet der studentane har behov for karriererettleiing. Den første er inngangen til høgare utdanning og det å finne sin plass som student.
– Dei kjem rett frå eit skulesystem der det meste er fastlagt, og for mange av dei er det første gong dei flyttar heimanfrå og skal klare seg aleine. Så langt i livet har dei berre tatt nokre få val, og konsekvensane av vala har kanskje ikkje vore så store. Utdanningsvalet er derimot noko som kjennest skjebnetungt. Vi jobbar mykje med valkompetanse; med å lære dei å vurdere alternativ og handtere uvisse undervegs.
Det at unge opplever val om utdanning som svært viktige, og at dei kan få omfattande konsekvensar for kva liv dei kjem til å leve, er eit viktig funn i studien Unges utdanningsvalg. Valgprosess og påvirkningsfaktorer frå Institutt for samfunnsforsking, publisert i september. Ei kjensle av tidspress, frykt for å «velje feil» og uro for å hamne på etterskot pregar opplevinga mange har av å skulle velje utdanning.
Fleire er redde for ikkje å få seg jobb
Den andre store overgangen er mellom bachelor og master. Studentane ser mot slutten av studietida, og vala handlar meir og meir om jobbmoglegheiter. Kva master er det lurt å ta, versus kva verkar mest spennande? Kva jobbar finst der ute? Thorkildsen ser ei endring, og meiner fleire enn før er redde for ikkje å få seg jobb.
– Det er mange bekymringar knytte til KI og teknologiutvikling. Alle kjenner seg råka av denne utviklinga. Dei som tidlegare var sikre på å få jobb etter studia, er ikkje det lenger.
For berre tre år sidan fekk dei som studerte IT, jobb før dei var ferdige med bachelorgraden. Slik er det ikkje lenger.
– Det er vår jobb som rettleiarar å følgje med på utviklinga i arbeidslivet og det som skjer i samfunnet. Det går fort.
Arbeidsløysa blant nyutdanna masterkandidatar har auka til 9,5 prosent, tre prosentpoeng meir enn i 2023, ifølgje Kandidatundersøkinga.
Eit tilbod for alle – det treng ikkje vere krise
Kven er det som særleg oppsøker karrieresenteret? Thorkildsen fortel at dei blir oppsøkte av alle slags studentar, men særleg av dei som ikkje tar profesjonsutdanningar. Det kan for eksempel vere studentar innan samfunnsfag eller humanistiske fag, der det ikkje er like opplagt kva jobbar dei kan søke på.
– Tilbodet vårt er relativt godt kjent i studentmiljøet, men det er også nokre som kjem hit og seier at dei skulle ha visst om oss tidlegare. Ei misforståing hos fleire er at dei trur dei må komme med eit heilt tydeleg problem, eller at det må vere ei større krise for at dei skal få hjelp.
Thorkildsen er opptatt av å få fram at dette er eit tilbod til alle. Du treng ikkje ha ei velformulert og tydeleg problemstilling for å få time hos ein karriererettleiar. Det held at det er noko du lurer på, og ønskjer hjelp til å tenke nytt om.
– Dei kjem til oss med heile historia si, og karriere og val rører ved identitetsnære og emosjonelle sider av livet. Det kan kjennast som om mykje står på spel, og dei kan gjerne komme hit og felle ei tåre. For meg rommar det å jobbe med karriererettleiing mykje av livet.
Går seg vill i informasjon
Thorkildsen har oppdaga eit paradoks. Tilgangen til informasjon har aldri vore større, og mange trur at unge i dag er svært gode til å finne fram til det dei treng digitalt. Men på senteret får dei besøk av fleire som spør om hjelp til å forstå kvar dei kan finne fram. Og spør ein arbeidsgivarar om kompetansen til nyutdanna, seier dei at dei manglar bransjeforståing.
– Studentane går seg litt vill i all informasjonen, og treng hjelp til å rydde. Vi overvurderer kor gode dei er til å finne og vurdere digital informasjon. Vi bruker mellom anna utdanning.no og LinkedIn saman med studentane for å vise korleis dei kan undersøke utdanningsmoglegheiter, bransjar og arbeidsmarknaden.
Foto: Lisbet Jære
Bekymra for nedbygging av tilboda
Studentsamskipnaden på Vestlandet er i dag ein av få som tilbyr karriererettleiing til studentar. Eigne karrieresenter og karrieretenester i høgare utdanning har blitt reduserte eller lagde ned fleire stader.
Karriererettleiar Guri Velure Sandsdalen har jobba i Sammen i seks år. I år har ho permisjon og jobbar eitt år på Høgskulen på Vestlandet med å undervise lærarstudentar i emna utdanningsval, karriererettleiing og karriererettleiing i arbeidsinkludering. Ho synest utviklinga er vanskeleg å forstå.
– Karriererettleiing i høgare utdanning blir nedprioritert. Det er veldig rart. Eg møter mange studentar som er usikre på framtida. Dei strevar både med å ta val om utdanning og med overgangen til arbeidslivet.
Sandsdalen meiner rettleiingstilboda derfor bør få større merksemd, ikkje mindre.
Thorkildsen seier ho innimellom er bekymra for kva som skjer med studentar ved lærestader som ikkje lenger har eigne karriererettleiingstenester. Studierettleiarane ved lærestadene gjer ein viktig jobb, men har ei anna rolle og eit anna ansvarsområde.
– Vi er ein nøytral aktør som kan ha blikket på studenten, ikkje på det einskilte studietilbodet. Vi er i ei tid med store endringar, og eg trur behovet for fagkompetansen vår inn i dei store endringane vi står i, er stort.