I år var temaet for konferansen kvalitet og ulike faktorar som kan påverke kvaliteten i karriererettleiinga. Kvalitetssikring er den siste av dei fire delane av nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing, til saman med etikk, karrierekompetanse og kompetansestandardar.
Marianne Almbakk og Tonje Gravås frå avdeling for karriererettleiing ved Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, loste deltakarane gjennom programmet med ulike foredragshaldarar og tema som belyste områdane i kvalitetsmodellen: leiing, etikk, tilbod og innhald, rammer og organisering, kompetanse, kunnskapsgrunnlag og nettverk og samarbeid.
Minister for forsking og høgare utdanning Ola Borten Moe, opna konferansen med ein helsing, og påpekte viktigheita av at alle har like moglegheiter i karriererettleiinga.
– Enten ein står framfor sitt første store utdanningsval som elev, er bonde på Smøla, jobbar på eit fiskebruk i Finnmark eller er doktorand på Ås, sa Borten Moe.
Er teori viktig, og kan det vere gøy?
Ifølgje kvalitetsmodellen skal karriererettleiing ha ein praksis som er kunnskapsbasert. Førsteamanuensis ved Universitetet i Jönköping Ingela Bergmo-Prvulovic, forelas om både nytten av og korleis teori blir forstått, og ho reflekterte samtidig over si eige teorireise.
Da ho begynte som rettleiar på 2000-tallet, erfarte ho at teoriane ho hadde lært på studiet ikkje strakk til. Røyndomen var så mykje meir kompleks enn det ho hadde lært om val og avgjerd. Ho spurde: – Er gårsdagens teoriar alltid rett for dagens og morgondagens spørsmål?
Bergmo-Prvulovic bestemte seg for å gå sin eigen veg, ved å jobbe med si eigen og vegsøkarens forståing av omgrep vi tar for gitt. På Nasjonal karriererettleiingskonferanse peika ho på korleis teori og praksis heng saman.
– Det er i praksis, i møtet mellom rettleiar og vegsøkar, at forskingsspørsmåla blir født – forsking og praksis treng kvarandre, sa ho.
Ifølgje Bergmo-Prvulovic er teori viktig fordi det hjelper oss å klargjere det som kan vere uklart, og det fangar kompleksiteten.
– Teori kan gi oss verktøy som hjelper oss å samtale om noko abstrakt, og med teori kan vi gjere det abstrakte meir konkret.
Og synest ho teori er gøy?
– Det kan kjennast utmattande, men det er gøy. Teori hjelper oss å forstå, vi treng ikkje berre «sjå i bakspeilet», men kan forstå ting her og no, sa Bergmo-Prvulovic.
Karriererettleiarar kan oppleva slitasje
Psykolog og forfattar Marie Haavik snakka om korleis karriererettleiarar kan oppleve slitasje over tid. Med tilbakemeldingar, latter og nikk signaliserte fleire i salen at dei kunne kjenne seg igjen i tematikken.
– Eg tenker at karriererettleiar er eit relasjonsintensivt yrke, ein er tett på andre menneske, ein bruker kunnskap, empati og ein bruker seg sjølv som instrument. For at relasjonen og arbeidet skal fungere, er ein nøydd til å by på seg sjølv og vere tilgjengeleg emosjonelt, da risikerer ein å bli meir sliten, sa ho.
Haavik peika på to konkrete utfordringar karriererettleiarar kan ha i kvardagen, som å setje grenser for kva ein skal snakke om i rettleiinga og å ta imot dei kanskje vonde livshistoriene ein høyrer.
Ho nemnde òg fleire konkrete sårbarheitsfaktorar som kan gi arbeidsbelastning, som til dømes lite støtte, tidspress og å høyre historier om vald, overgrep og liding. Overbelastninga kan vise seg på mange ulike måtar, blant anna som auka grubling, fysiske plagar og ønske om å unngå andre menneske. Da er det viktig, fortalde ho, å hugse på at arbeidsbelastninga er som følgje av jobben, og ikkje personlegdomen.
– Det er slitsamt å vere tilgjengeleg for andre, ha det som yrke og gjere det kvar dag over mange år, det krev at ein tar vare på seg sjølv, og at ein respekterer sine eigne reaksjonar.
Haavik understreka viktigheita av kollegastøtte og debriefing; å vere der for kvarande, og å setja pris på ulikskapen i kollegafellesskapet.
– Dersom ein skal stå i jobben over mange år, treng ein ofte ei støttegruppe – nokon som heiar på deg, sa Haavik.
Ho kom også med konkrete tips til akutte tiltak, og meir langsiktige tiltak i jobbkvardagen, som til dømes å ha tid til refleksjon og faktiske pausar.
Må jobbe saman mot utanforskap
Ein viktig del av kvalitetsmodellen handlar om nødvendigheita av nettverk og samarbeid med relevante aktørar for kvalitet i karriererettleiing. Ulf Andersen, statistikksjef i Arbeids- og velferdsdirektoratet snakka om utanforskapet i Noreg og tydinga av nettopp tverrsektorielt samarbeid for å løyse denne utfordringa.
Ifølgje Andersen aukar andelen unge vaksne i alderen 18 til 29 som slit med psykisk helse, og arbeidsløysa er høgast blant dei som ikkje fullfører vidaregåande skule.
– Vi har mange unge menneske som slit med psykisk helse og ikkje fullfører vidaregåande skule. Dei møter høg arbeidsløyse og dårleg tilknyting, og møter da utanforskap og fattigdom, fortalde Andresen, og la til at dette går i arv. Omgivnadene ein veks opp i har noko å seie.
For å møte framtidige utfordringar med å dekke trygdemottakingar, må vi redusera fråfall og auke inkluderinga.
– Skal vi klare å jobbe med problematikken om utanforskap og løfte dei inn i arbeidslivet, utdanning eller andre positive aktivitetar, handlar det mykje om å jobbe saman. Nav, helsemyndigheitane, utdanningsmyndigheitane, arbeidsgivarane, velgjerande organisasjonar, karriererettleiarar – alle må vere klar over utfordringa og kvar for seg og saman jobbe for å løysa opp i det, sa Andersen.
– Karriererettleiing av god kvalitet er ein del av løysninga
Leiar av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, påpeikte under konferansen at fleire og ikkje færre, kjem til å trenge karriererettleiing med endra kompetansebehov i samfunnet.
– Tilgang til karriererettleiing av god kvalitet er ein del av løysninga på omstillingsbehovet, sa Skule.
Han meiner det er viktig å arrangere nasjonal karriererettleiingskonferanse for å sikre at elementa frå kvalitetsrammeverket kjem på plass i alle karriererettleiingstenester.
– For at det skal bli god kvalitet, er det viktig at dei som driv med karriererettleiing treffer kvarandre på tvers av tenestene og sektorane dei jobbar med. Det er viktig at vi ikkje jobbar i siloar, men greier å sjå heile det livslange læringsløpet og heile det livslange karriereløpet under eitt, og da må folk treffe kvarandre på tvers.
Å sørge for god kvalitet og tilgjengelegheit i heile landet, er ein viktig del av målsetjinga for det nye direktoratet.
– Vi vil fortsetje å utøve det nasjonale systemansvaret for karriererettleiingstenestene gjennom å gi gode råd, blant anna ved å formidle bruken av kvalitetsrammeverket, arrangere konferansar som den vi har her i dag, sørge for kunnskap om kvalitet i karriererettleiingstenestene og driva utøvande karriererettleiingstenester, fortalde Skule.