Kompetansestandardar for karriererettleiing i skolen

Article tema
Kompetansestandardar for karriererettleiing i skolen

Kompetansestandardane for karriererettleiaren/utdannings- og yrkesrådgjevaren og læraren i faget utdanningsval er klare. Kompetansestandardane er tilrådde faglege standardar, ikkje krav. 

- Vi har tru på at kompetansestandardane kan få stor tyding for kvalitetsutviklinga av karriererettleiinga og karrierelæringa i skolen framover, seier avdelingsleiar i HK-dir, Ingjerd Espolin Gaarder. 

- HK-dir skal no informere om kompetansestandardane til alle relevante aktørar, og bidra til at desse vert tatt i bruk.

Eit oppdrag frå Kunnskapsdepartementet

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har det faglege ansvaret for karriererettleiing i ungdomsskolen og vidaregåande opplæring. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har HK-dir utvikla kompetansestandardar for karriererettleiing i skolen. Oppdraget er eitt av tiltaka i Meld. St. 21 (2020-2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Kompetansestandardane gjev ei oversikt over den kompetansen dei som jobbar med karriererettleiing i skolen bør ha, for å ivareta rollane sine på ein måte som fremmar kvalitet i tilbodet.

Faglege standardar, ikkje krav

Kompetansestandardane er ein fagleg standard, ikkje formelle krav til kompetanse. I samband med utforminga av ny opplæringslov har spørsmålet om det skal formulerast eigne reglar (kompetansekrav) for dei som jobbar med karriererettleiing i skolen, vore oppe. Med den nye lova er det avklart at det ikkje blir utforma slike krav.

Innhaldet i kompetansestandardane

Det er utvikla to sett med kompetansestandardar: eitt sett for karriererettleiaren/utdannings- og yrkesrådgjevaren og eitt for læraren i faget utdanningsval. 

Modell av kompetansestandarder for utdanningsvalglæreren
Modellen viser dei sju kompetanseområda for læraren i faget utdanningsval. Foto: HK-dir

Kompetansestandardane vert i sin heilskap presentert på nettsidene til HK-dir.

Spreiing og bruk av kompetansestandardane

HK-dir vil framover utvikle innhald og ressursar til kompetansestandardane på nettsidene sine, slik at både skoleeigarar, skoleleiarar og praktikarar får støtte og rettleiing i arbeidet med å utvikle kompetansen i karriererettleiing, i tråd med dei tilrådde kompetansestandardane.

Bakgrunn og kunnskapsgrunnlag

Kompetansestandardar for karriererettleiaren/utdannings- og yrkesrådgjevaren og for læraren i faget utdanningsval er grunngjevne  i faglege vurderingar, og er utvikla med utgangspunkt i dei tverrsektorielle kompetansestandardane i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. 

HK-dir har leidd utviklingsarbeidet og samarbeidd med to fagekspertar frå masterutdanningane i karriererettleiing, Torild Schulstok ved Høgskolen i Innlandet og Petra Røise ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ein viktig del av utviklingsarbeidet har føregått i to FoU-grupper (forskings- og utviklingsgrupper), og eit breitt samansett referanseteam med representantar frå alle fylke og begge skoleslag har også tatt del i arbeidet. 

Bilde
Bilde av modell med kompetansestandarder for karriereveilederen i skolen
Bildetekst
Modellen viser dei sju kompetanseområda for karriererettleiaren/utdannings- og yrkesrådgjevaren i skolen. Foto: HK-dir