Karrierekompetanse kan gi motivasjon til å gå vidare

Article tema
Karrierekompetanse kan gi motivasjon til å gå vidare

Kommunane og karrieresentera i fylkeskommunen har mykje å vinne på å samarbeide tettare, ifølgje ein Fafo-rapport om kurset Livsmeistring. Karrierekompetanse utgjer hovuddelen av kurset, og Fafo peikar på at læringa bør forståast som ein prosess over tid for å styrkje motivasjonen og meistringa til deltakarane.

Fafo har undersøkt korleis kurset Livsmeistring i eit nytt land blir gjennomført som ein del av introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar i kommunane (sjå faktaboks). Kurset inneheld to hovuddelar. Det eine temaet er Karrierekompetanse, og det andre er Migrasjon, helse og mangfald.

Ingjerd Espolin Gaarder, avdelingsdirektør i Avdeling for kvalitet i karriererettleiing i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), er samd i det som kjem fram i rapporten om at kommunane og karrieresentera i fylkeskommunane har mykje å vinne på å samarbeide tettare.

–Når kommunen og fylkeskommunen  samarbeider godt, kan dei nytte sine ulike roller og kompetanse til å skape ei meir samanhengande og heilskapleg oppfølging av deltakarane, seier Espolin Gaarder.

Stor variasjon – også i kompetanse

Fafo har kartlagt at det er stor variasjon mellom kommunane i korleis kurset i karrierekompetanse blir lagt opp, og kven som har ansvaret for det.

Karrierekompetanse blir definert som kompetanse til å kjenne og forstå seg sjølv og sin eigen kontekst, til å handle og ta val, og til å handtere dilemma og spenningar knytte til liv, læring og arbeid. Det inkluderer innsikt i at den enkelte blir forma av livsvilkåra og handlingane sine, men også kan påverke og forme si eiga og fellesskapet si framtid. (kjelde: Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing)

I underkant av halvparten av kommunane svarar at dei ikkje samarbeider med karrieresenter eller dei som driv med kompetansekartlegging i kommunen. Det er også betydeleg variasjon i kompetansen til dei som underviser, i bruken av faglege opplegg og i korleis samarbeidet er organisert.

På spørsmål om kompetansen blant dei som er ansvarlege for å gjennomføre undervisninga i Karrierekompetanse, svarar ein fjerdedel at dei har delteke på kurs for grupperettleiarar i karrierekompetanse ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Fire av ti har gjennomført andre former for kompetanseheving innan karriererettleiing, og ein av ti har studiepoeng i karriererettleiing. Trass i krav i forskrifta opplyser 16 prosent at dei verken har rettleiings- eller undervisningskompetanse.

Karrierelæring er ein utviklingsprosess

I dag er det vanleg at undervisninga i dei 15 timane med karrierekompetanse blir gjennomført i løpet av ei veke. Fleire av rettleiarane, både i denne Fafo-studien og i tidlegare studiar, har samstundes uttrykt eit tydeleg ønske om å leggje rettleiinga meir opp som ein lengre prosess.

«Jeg er imot å ha livsmestring en sånn uke, fordi vår erfaring sier at dette er en prosess, det må høres, diskuteres og oppleves […]. Prosessen, det å bli kjent, bruke mye tid på å føle seg trygg, det er viktig», sa ein informant.

– Desse funna, som ein kan kjenne att frå andre undersøkingar, tyder på at det er gode faglege grunnar for å sjå nærare på korleis kommunane og karrieresentra kan samarbeide og utfylle kvarandre betre. Poenget er at  karrierelæringa då kan bli ein utviklingsprosess som går føre seg gjennom heile introduksjonsprogrammet, og ikkje berre eit kurs som blir avslutta etter nokre timar. Fafo-rapporten viser at det i nesten halvparten av tilfella ikkje er noko samarbeid mellom kommunar og karrieresenter. Det er for lågt, meiner Espolin Gaarder.

Ho viser til at målet med karriererettleiinga gitt av fylkeskommunane, og kommunane sitt arbeid med karrierekompetanse, er det same: å gi flyktningar betre føresetnader for å ta gode val om utdanning, arbeid og framtid i eit nytt land.

– Når desse tilboda heng saman, kan vi skape ein tydelegare raud tråd i integreringsløpet og styrkje moglegheitene deltakarane har til varig deltaking i arbeids- og samfunnslivet.



Videoopptak fra Fafo-seminar med presentasjon av rapport

Bilde
to kvinner har foredrag
Bildetekst
Ingjerd Espolin Gaarder fra HK-dir og Benedicte Hollen fra IMDi forteller om bakgrunn for prosjektet. Illustrasjon: Skjermbilde video av seminaret

Livsmeistring i eit nytt land

• På oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har Fafo undersøkt korleis kurset «Livsmeistring i eit nytt land» blir gjennomført som ein del av introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar i kommunane.

• Då integreringslova tok til å gjelde i 2021, vart kurs i livsmeistring obligatorisk for deltakarar i introduksjonsprogrammet.

• Kurset har to delar: Karrierekompetanse og Migrasjon, helse og mangfald. Tilrådd minimumsomfang er 15 timar karrierekompetanse og 10 timar migrasjon, helse og mangfald.

• Ambisjonen er å «styrkje motivasjonen og meistringa til deltakaren i møte med nye forventningar og eit nytt samfunn. Kurset skal bidra til at deltakarane kan identifisere og bruke eigen kompetanse og eigne ressursar» (integreringsforskrifta § 3).

• Det er stor variasjon mellom kommunane i korleis kurset vert organisert, men flyktningtenesta har ofte hovudansvaret, særleg for temaområdet Karrierekompetanse, medan Migrasjon, helse og mangfald gjerne blir gjennomført i samarbeid med vaksenopplæring og helsetenester.

• HK-dir og IMDi gir faglege tilrådingar, medan kommunane i samarbeid med andre aktørar utformar tilbodet lokalt.

Kjelde: Livsmestring i introduksjonsprogrammet. Fafo-rapport 2026:17

HK-dir sin rettleiarressurs

Rettleiarressursen Karrierekompetanse – Livsmestring i et nytt land har to delar. Den første delen gir innsikt i kva karrierekompetanse er, måla for timane, rolla som grupperettleiar og korleis temaområdet blir førebudd og tilpassa.

Den andre delen av ressursen skildrar fem tema innanfor Karrierekompetanse:

  • Meg i kontekst
  • Moglegheiter og avgrensingar
  • Val og tilfeldigheiter
  • Tilpassing og motstand
  • Endring og stabilitet

Kjelde: Livsmestring i introduksjonsprogrammet. Fafo-rapport 2026:17