Karrierekompetanse i introduksjonsprogrammet

Article tema
Karrierekompetanse i introduksjonsprogrammet

Ein ny ressurs i karrierekompetanse for rettleiarar i introduksjonsprogrammet er lansert. Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå fleire kommunar og fylkesvise karrieresenter har utvikla ressursen så dei som rettleier deltakarane i karrierekompetanse er godt rusta til det.

Prosjektet Karrierekompetanse i introduksjonsprogrammet har hatt som mål å vidareutvikle ressursar til temaet Karrierekompetanse, som er eitt av to temaområde i det nye obligatoriske standardelementet Livsmestring i eit nytt land. Etter integreringslova, som tredde i kraft 1. januar 2021, er Livsmestring i eit nytt land obligatorisk for alle, og skal styrke motivasjonen og kjensla av meistring hos deltakarane. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har saman med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) utvikla standardiserte element i introduksjonsprogrammet.

Karrierekompetanse, inkludert kunnskap om arbeid og utdanning

Karrierekompetanse som temaområde i Livsmeistringselementet har som mål å bidra til at deltakarane tileignar seg karrierekompetanse. Dette inneber mellom anna at deltakarane skal få innsikt i eigen kompetanse, verdiar og interesser, og kunnskap om moglegheiter og avgrensingar i det norske utdannings-, arbeids- og samfunnslivet. Eit viktig mål er at deltakarane skal kunne ta val og ha kompetanse til å meistre den overgangen dei er i. Deltakarane skal få moglegheit til å oppnå karrierekompetanse som kan gjere dei betre rusta til å handtere situasjonen sin både her og nå, og i eit livslangt perspektiv.

Innhaldet i dette temaområdet tek utgangspunkt i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing, og elementa i temaområdet er strukturert etter modellen for karrierekompetanse. Karrierekompetanse kan gje deltakarane betre føresetnadar for å ta gode val knytt til utdanning, opplæring og jobb, til å meistre den situasjonen dei er i, og handtere framtidige overgangsfasar.

Bakgrunn for prosjektet 

Den nye integreringslova er ein del av regjeringa sitt arbeid med å reformere kvalifiseringstilbodet for flyktningar og innvandrarar som kjem til Noreg. Lova er den største endringa i integreringspolitikken sidan innføringa av introduksjonsprogrammet for flyktningar i 2003. Lova skal bidra til at dei som får opphald i Noreg får nytta kunnskapane og evnene sine, og at dei får delteke i arbeids- og samfunnslivet.  

HK-dir og IMDi har samarbeida om vidareutviklinga av standardiserte element i introduksjonsprogrammet og den digitale ressursen, med lett tilgjengelege kvalitetsstandardar, faglege anbefalingar og verktøy til nytte for kommunane. Det overordna målet for prosjektet er at deltakarane i introduksjonsprogrammet får relevant karrierekompetanse. Arbeidsgruppa har bestått av prosjektleiar Åse Elise Mejdell-Edvardsen, HK-dir, og fagekspert Anne-Cathrine Bjordal, karriererettleiar ved Veiledningssenteret Asker og Bærum, med representantar frå Bærum kommune, Bergen kommune, Nordreisa kommune, Oslo kommune, Karriere Troms og Finnmark og Karriere Vestland.

Ressursen skal bidra til at dei som skal gjennomføre timane i karrierekompetanse kan:  

  • auke sin faglege innsikt i dei ulike tema  
  • få innsikt i korleis ein kan jobbe med karrierelæring
  • reflektere over etiske utfordringar knytt til dei ulike tema i elementet 
  • få innsikt i relevante pedagogiske metodar for målgruppa og temaa
  • få tips til korleis planleggje og gjennomføre timane 
  • bruke filmar, case-historier og refleksjonsspørsmål for å engasjere deltakarane

Du finn ressursen på IMDIs Fagressurs for introduksjonsprogrammet innunder elementet Livsmeistring i eit nytt land. Ressursen ligg under Praktisk gjennomføring i tema Karrierekompetanse, inkludert kunnskap om arbeid og utdanning.

Bilde
Illustrasjon - tegning av en mann

Formål med elementet Livsmeistring i eit nytt land:

  • obligatorisk element for alle deltakarar i introduksjonsprogrammet
  • minimum 25 timar - 15 om karrierekompetanse og 10 om migrasjon, helse og mangfald
  • skal styrke deltakarane sin motivasjon og meistring
  • tematisere utfordringane deltakarane opplever i møte med ein ny kultur, nye forventningar og eit nytt system
  • ivareta refleksjon og bevisstgjering
  • bidra til at den enkelte deltakar får kunnskap og ferdigheiter som gjev gode moglegheiter for å meistre det å leve i eit nytt land og vere ein ressurs for seg sjølv, familien og lokalsamfunnet
  • leggje til rette for ein prosess som gjev deltakarane betre føresetnadar for å nå sine individuelle mål i introduksjonsprogrammet, og få eit godt liv i Noreg
  • bidra til at deltakarane kan ta gode val, identifisere eigne ressursar, påverke den situasjonen dei er i, og vite når og kor dei kan søke bistand
  • gje kunnskap om og tillit til aktuelle offentlege instansar og system

Kilde: IMDi

Karrierekompetanse i Livsmeistringselementet:

  • Deltakarane skal få minimum 15 timar om temaet Karrierekompetanse, inkludert kunnskap om arbeid og utdanning.
  • Dei som gjennomfører timane må ha rettleiar- eller undervisningskompetanse. Det er anbefalt at opplegget blir gjennomført av personar med karriererettleiingskompetanse eller annan relevant kompetanse.
  • Timane skal bidra til at deltakarane tileignar seg karrierekompetanse.
  • Timane bør som hovudregel bli tilbydd i grupper.