På samlesida til Euroguidance kan du finne spesifikk informasjon om situasjonen for ukrainske flyktningar, nyttige verktøy som evnetestar på ulike språk og forskingsartiklar relatert til karriererettleiing og migrantar. I tillegg kan du og finne opptak av podkastar og webinarer, som til dømes Tristram Hooley, Ronald Sultana, Marcelo Alfonso Ribiero og Anna Bilon sitt webinar om karriererettleiing for sosial rettferd.
Sida er laga spesifikt for vegleiarar som støttar ukrainske flyktningar som nyleg har kome til Noreg, men kan og vere nyttig for rettleiarar som jobbar med flyktningar og migrantar frå andre land. Lista blir oppdatert kontinuerleg med artiklar, ressursar og verktøy.
Euroguidance er eit europeisk nettverk for nasjonale ressurs- og informasjonssenter for karriererettleiing. Nettverket ønsker å nå både utøvarar og politikarar innanfor karriererettleiingsfeltet og utdanning og arbeidsgivarsektoren.
Her finn du Euroguidance sin ressursside for deg som rettleier flyktningar.