I djupna på kvalitetsrammeverket

Article tema
I djupna på kvalitetsrammeverket

Korleis jobbar du eigentleg med Kompetansestandardane? Kva er gode gruppeoppgåver for å ta i bruk Etikkorta? Og korleis kan du lage ein fagdag om Karriereknappane? Korleis er Kvalitetsmodellen eller verktøyet Vår kvalitet relevant for karriererettleiarar?

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er nå i gang med å utvikle ei heilt ny teneste, Kvalitetslaboratoriet, som skal gjere det enklare for karriererettleiarar og leiarar i ulike sektorar å jobbe godt med Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Gjennom utviklinga av Kvalitetslaboratoriet ynskjer HK-dir å gje karriererettleiingsfeltet tilgang på fagressursar for å inspirere og systematisere arbeidet med kvalitetsrammeverket på vis som er relevante for kvar enkelt sektor og ulike arbeidsplassar. 

Er du og dine kollegaer interessert i Kvalitetsrammeverk? Har de begynt å ta i bruk dei ulike delane? Nå har du og dine kollegaer sjansen til å delta i arbeidet med kva Kvalitetslaboratoriet skal innehalde og kva problemstillingar som er mest relevante i dykkar arbeidskvardag.

Innspelsrunde

HK-dir inviterer alle som er interessert i Kvalitetsrammeverket til å svare på ei kort spørjeundersøking om korleis de bruker rammeverket på dykkar arbeidsplass, og behov og ynskjer for framtidige ressursar. Tips gjerne kollegaer eller andre som kan vere interesserte.

Gå til undersøkinga.

Ressursgruppe

Har du fleire meningar og idear som du ikkje fekk delt i undersøkinga? I tillegg til undersøkinga ynskjer HK-dir å invitere ei mindre gruppe praktikarar og leiarar med i ei ressursgruppe. Deltaking inneber eit fysisk og eit digitalt møte i Oslo 31. oktober og 28. november kl 11.00-15.00, for idémyldring og innspel til vidare arbeid. Reise og bevertning er inkludert. Honorar er eit Universalgåvekort på kr. 600,- for deltaking per møte.

Kunne du tenke deg å vere med på dette? Send ein e-post med ei kort beskriving av din bakgrunn og motivasjon, samt arbeidsstad til mari.thorbjornsrud@hkdir.no innan 10. oktober.

Bilde
illustrasjon